Sigurd Fjær
Faktaboks
- Fødd
- 11. april 1893, Kolvereid, Nærøy, Trøndelag
- Død
- 18. mars 1959, Trondheim
Sigurd Fjær var ein teolog ogprest. Han vardomprost iNidaros frå 1946 til 1959, kjend for eit ope kristensyn og eit sterkt kulturengasjement.
Sigurd Fjær studerte teologi ved Universitetet i Oslo og tok teologisk embetseksamen i 1920.
Han var stiftskapellan iHamar bispedøme, sidan sokneprest i Tingvoll i tolv år frå 1925. Han vart residerande kapellan i Nidaros domkyrkje i 1937, og var domprost og sokneprest same staden frå 1946 til han døydde.
Som stiftskapellan hadde han tenestefri for å studere religionspsykologi ved Harvard University, USA. Han las mykje og hadde truleg ei av dei største private boksamlingane i landet, med fleire tusen band, mest religionsfilosofi og religionspsykologi. Boksamlinga finst no i Gunneriusbiblioteket i Trondheim. Sigurd Fjær var ein kunnskapsrik teolog med vidfemnande faglege interesser. Ved sida av prestegjerninga førelas han i religion ved Norges Lærerhøgskole i Trondheim.
Fjær var sterkt oppteken av å fremje det kristne kulturlivet. Dei siste åra arbeidde han med planar for ein «St. Olav-stiftelse» i Trondheim. Tufta på Olavstradisjonen skulle dette vere eit organ for nærmare kontakt mellom kyrkja og kulturen. I 1958 vart St. Olav-stiftelsen skipa, med Fjær som formann.
Som student var han med i Bibelnemndi til Studentmållaget, som gav ut den første fullstendige Bibelen på nynorsk. Han skreiv artiklar i fleire tidsskrift, mellom anna iSyn og Segn omreligionspsykologiske emne. Sigurd Fjær vart utnemnd til riddar av 1. klasse avSt. Olavs Orden i 1958.
Les mer i Store norske leksikon
Litteratur
- Reidar Bolling (red.):Norges prester og andre teologiske kandidater. Oslo 1949
- Hallgeir Elstad:I dialog. Norske kyrkjeakademi 1956–2006. KIFO-perspektiv, Trondheim–Oslo 2006
- Arne Fjellbu:En biskop ser tilbake. Oslo 1960
- Arnold Fjær:Minnealbum. Sigurd Fjær, 11. april 1893 – 18. mars 1959. Jar 1979
- Johan B. Rian: «Domprost Sigurd Fjær», i Bjarne O. Weider (red.):Årbok for Den norske kirke. Oslo 1960
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.