Schibsted
Faktaboks
- Offisielt namn
- SCHIBSTED ASA
- Organisasjonstype
- Allmennaksjeselskap
- Forretningsadresse
- Oslo
- Dagleg leiar
- Christian Halvorsen
- Styreleiar
- Karl Christian Agerup



Rolv Erik Ryssdal var frå 2019 til 2022 administrerande direktør i rubrikkannonseselskapet Adevinta. Ryssdal var administrerande direktør i Schibsted frå 2009 til 2018.
Schibsted har sidan 1839 vore eit leiande norskmediekonsern med hovudkontor iOslo.Konsernet vart sommaren 2024 omorganisert og splitta opp i to uavhengige selskap, Schibsted Media og Schibsted Marketplaces som i 2025 vil endra namn til Vend.
Avisselskapet
Styret i Schibsted og styret i Stiftinga Tinius vart i desember 2023 samde om atstiftinga overtok nyheitsdivisjonen (som fekk namnet Schibsted Media) for 6,2 milliardar kroner. Resten av konsernet (Schibsted Marketplaces), som i hovudsak femnar om forretningsverksemd på ulike plattformer, er organisert sombørsnotert selskap. Stiftinga Tinius eig 26,3 prosent.
Schibsted Media er hundre prosent norsk eigd og er ikkje børsnotert. I grunngjevinga for omorganiseringa går det fram at styret i Schibsted og Tinius på denne måten ville sikra norsk eigarskap ogredaksjonelt sjølvstende.
Schibsted Media eig mellom anna fire av Noregs ti største aviser:Verdens Gang (VG),Aftenposten,Bergens Tidende ogStavanger Aftenblad. Selskapet er dessutan største eigar avAdresseavisen ogFædrelandsvennen gjennom eigarskapen sin iPolaris Media. I tillegg eig det fleire mindrelokalaviser. Schibsted Media er og betydeleg eigar i nyheitsbyråaNorsk Telegrambyrå (NTB) ogTidningarnas Nyhetsbyrån (TT). ISverige eig selskapet dessutanSvenska Dagbladet ogAftonbladet (saman med svensk LO). Schibsted Media satsa i 2025 for fullt på TV-mediet, då selskapet kjøpte svenskeTV4 og finskeMTV avTelia Company for 6,55 milliardar svenske kroner.
Schibsted kjøpte i 2019 ein stor del av aksjane istrømmeteneste- ogpodkastselskapet Podme som har verksemd både i Norge, Sverige ogFinland. Frå 2025 er Podme eit heileigd dotterselskap innan Schibsted Media.
Selskap for annonsesal
Annonseformidling på nett er hovudsatsingsområdet for Schibsted Marketplaces (Vend). INorden driv selskapet portalaneFinn.no, Blocket.se, DBA.dk, Bilbasen.dk, Tori.fi og Oikotie.fi.Rubrikkannonsar på nett vart meir og meir viktig etter århundreskiftet, særleg med etableringa av Finn.no i 1999.
Investeringsselskapet Schibsted vekst høyrer inn under Schibsted Marketplaces og driv finansiell rådgjeving på nett. Det famnar om fleire underselskap som mellom anna Prisjakt.no (teneste for prissamanlikning). Lendo er eit anna heileigd Schibsted-selskap som til dømes gir råd om lån og lånevilkår.
Leiarskap
Siv Juvik Tveitnes erkonsernsjef i Schibsted Media, ogChristian Pritzell Halvorsen konsernsjef i Schibsted Marketplaces.
Historikk

Christian Schibsted vart i 1839 kompanjong med boktrykkjaren Johan Jørgen Krohn. Året blir rekna som stiftingsåret forChr. Schibsteds Forlag, som fekk namnet sitt i 1843, då Schibsted kjøpte ut Krohn. Schibsted gav frå 1860 ut avisa Aftenposten, som passerteMorgenbladet og vart Noregs største avis i 1901. På eigarsida var selskapet heilt frå byrjinga av 1900-talet dominert av familiane Nagell-Erichsen,Huitfeldt ogRiddervold.
Aftenpostens eigarar overtok i 1966 Verdens Gang, som vart Noregs største avis i 1981. I og med eigarskapen av to aviser vart Schibsted-gruppa etablert midt i 1970-åra, og i 1989 vart konsernet omdanna frå familieselskap tilaksjeselskap ogbørsnotert i 1992 (Schibsted ASA). Samtidig ekspanderte verksemda utover landegrensene med kjøp av mellom anna store andelar isvenske storaviser. Ein stor andel i den svenske TV-kanalenTV 4 vart kjøpt i 2004.
Media Norge
Gjennom selskapetMedia Norge ASA (2009-2012) kontrollerte Schibsted ei tid opptil 84 prosent av aksjane. Media Norge omfatta Aftenposten, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen i tillegg til Finn.no. I 2012 vart Media Norge eit heileigd Schibsted-selskap og døypt om til Schibsted Norge, der også VG vart innlemma saman med Schibsted Forlag og Media Norge Trykk. Nettavisa Næringsliv24, mest kjent som E24 (frå 2006), er eit samarbeid mellom Aftenposten og VG.
Film og fjernsyn
Internasjonal satsing
Hovudverksemda var lenge i Norge og Sverige, men Schibsted har hatt verksemd i til saman 23 land iAust-Europa,Vest-Europa,Latin-Amerika,Afrika ogAsia. IEstland eigde Schibsted fram til 2013 mesteparten av det største medieselskapet i landet (Eesti Meedia Group) med verksemd innan aviser (mellom anna Postimees, Estlands største), vekeblad ogtidsskrift, radio oginternett. Schibsted eigde også det største trykkeriet i landet (Kroonpress). ISpania ogFrankrike gav Schibsted i åra 1999-2016 ut gratisavisa20 Minutes i over tjue større byar.
For å satsa sterkare på rubrikkannonsering internasjonalt vart Adevinta oppretta i 2019, med tidlegare konsernsjefRolv Erik Ryssdal somadministrerande direktør. Som dominerande eigar i Adevinta fekk selskapet hand om marknadsplassar i 16 land i Europa, Latin-Amerika og Nord-Afrika, medanmorselskapet Schibsted satsa meir nordisk. I 2020 kjøpte Adevinta rubrikkverksemda til det amerikanske eBay Classified Group, og med det vart Adevinta det største rubrikkannonseselskapet i verda på nett. I 2023 selde Schibsted mesteparten av aksjane i Adevinta.
Forlag
Schibsted var eigar avSchibsted Forlag AS til 2015, då forlaget saman medEbok.no blei selt tilForlagshuset Vigmostad & Bjørke iBergen.
Søkjemotor
I 2005 lanserte Schibsted søkjemotoren Sesam, som blei avvikla i 2009.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.