Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon
Rjukan
Rjukan. Av/Shutterstock.Avgrensa gjenbruk

Rjukan

Skriven av

Faktaboks

Etymologi
Navn etter fossen;norrøntRjúkandi, ‘den rykende’
Innbyggjartal
3022 (SSB, 2023)
Landareal
2,6 km²
Tettstadsnummer
3102 Rjukan
Rjukan

Utsikt mot sentrum av Rjukan frå vest. Til venstre for elva Måna ser ein delar av Flekkebyen med dei gamle arbeiderbustadene. I forgrunnen til høgre ser ein Hydro Rjukan næringspark, og ovanfor denne Gaustatoppen.

Av/KF-arkiv ※.
Rjukan rådhus
Til oppbygginga av Rjukan henta Sam Eyde inn dei beste arkitektar. Rjukan torg med rådhuset er teikna avThorvald Astrup.
Rjukan rådhus
Lisens:CC BY SA 3.0

Rjukan er eintettstad iTinn kommune iTelemark. Tettstaden er ifølgjeSSBs definisjon 2,6 km², og har 3022 innbyggjarar (2023).

Rjukan er administrasjonssenter iTinnkommune, og ligg iVestfjorddalen ved foten avGausta. Rjukan harbynavn etter kommunalt eigenvedtak i 1996.

Tettstaden har langstrekt, regulert busetnad med fabrikkane på sørsida av elvaMåna.

DaNorsk Hydro byrja kraft- og industriutbygginga i 1907, låg det berre nokre få gardsbruk i dalen. I 1910 hadde staden rundt 2200 innbyggjarar og i 1920 hadde talet auka til 8350. Seinare varierte innbyggjartalet ein del. Då nedgangen sette inn i 1960, med overføring av store delar av Hydros verksemd tilHerøya, var innbyggjartalet 6540. Ulike tiltak har ført til nye arbeidsplassar innanfor verkstadsindustri, plastvareindustri, tekstil- og klesindustri m.m. i tillegg til den tradisjonelle kjemiske industrien.

På grunn av den aust-vestlege retninga i dalen og høge fjell mot sør er Rjukan utan sol frå 2. oktober til 12. mars. For å gi befolkninga vintersol blei det i 2013 oppført einheliostat som har tre separate speglar på 5 x 8 meter i 900 meters høgd på nordsida av dalen. Solspegelen er retta mot torget i byen.

Rjukan har vidaregåande skule.Rjukan Arbeiderblad kjem ut fem dagar i veka.

Samferdsel

Rjukan
Rjukan ligg i skuggen av Gausta og er utan sol fem månader av året. Svevebanen Krossobanen fører folk opp på vidda, i sola.

Rjukan har riksvegsamband langs austsida avTinnsjå (fylkesveg 364) og over fjellet sørvestover tilVinje (fylkesveg 37), og frå 1992 vegsamband på vestsida av Tinnsjå tilNotodden (fylkesveg 37).Krossobanen er ein taubane som fører opp frå Rjukan til fjellet i nord.

Kultur

I Rjukan ligg folkemuseetTinn Museum ogDale kyrkje frå omkring 1750.Norsk IndustriarbeidermuseumVemork kraftstasjon er eit spesialmuseum for vasskraft ogelektrokjemisk industri i Noreg, og syner arbeids- og levevilkår i 1930-åra, men òg ei utstilling omatomvåpen og atomvåpenproduksjon i lys avtungtvassaksjonen under okkupasjonen. Norsk Industriarbeidermuseum er formidlingssenter for verdsarvstadenRjukan-Notodden industriarv.

Kart

Rjukan
Rjukan
Av/Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Thorsnæs, Geir; Store norske leksikon (2005-2007); Lundbo, Sten:Rjukan iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Rjukan

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forTinn

Lars Mæhlum

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp