Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Røde Arme Fraksjon

Skriven av

Faktaboks

Også kjend som

Raude Armé Fraksjon

tyskRote Armee Fraktion, RAF

engelskRed Army Fraction

Baader-Meinhof

Uttale

råtə arme fraktsiå:n

Logo
Røde Arme Fraksjons logo.
Av.
Røde Armé Fraksjon
Udaterte passbilete av ulike RAF-medlemmar. Gruppa vart ofte kalla Baader-Meinhof-gruppa etter to av dei leiande medlemmane, Andreas Baader og Ulrike Meinhof (nummer 1 og 2 frå venstre på øvste rad).
Røde Armé Fraksjon
Av/NTB.

Raude Armé Fraksjon,Rote Armee Fraktion, RAF, var ei vesttysk, venstreradikalterrorgruppe som vart danna i Vest-Berlin i 1970 med mål om å gjennomføre ein sosialistisk revolusjon iVest-Tyskland.

RAF vart òg kalla Baader-Meinhof-gruppa etter to av grunnleggarane, Andreas Baader og Ulrike Meinhof.

RAF sin strategi var å føre dei politiske protestane fråstudentopprøret sist på 1960-talet vidare med valdelege middel. RAF hadde få medlemmar, maks 80–90, i tillegg nokre tilknytta aktivistar utanfor gruppa. Fleirtalet var kvinner, også i leiarskapet.

Ideologi

RAF såg seg sjølv somavantgarde for einsosialistiskrevolusjon som skulle avskaffekapitalismen ognazismen i Vest-Tyskland. Organisert sombygerilja skulle dei kjempe mot statens maktapparat med illegale metodar.

Strategien var ålikvidere sentrale maktpersonar i samfunnsberande institusjonar og på den måten destabilisere samfunnet. Provokasjonane skulle utløyse ein massiv, valdeleg respons frå regjeringa, som ville vise alle kor brutal staten var, og mobiliserearbeidarklassa til å slutte seg til det revolusjonære opprøret.

RAF nærte ein djup mistillit til foreldregenerasjonen, som dei skulda for å teie om Tyskland si nazi-fortid og eigne roller underandre verdskrigen. I rettsoppgjeret etter 1945 (Nürnbergprosessen) vart få nazi-forbrytarar dømde, og mange slapp ut av fengsel etter kort tid og fekk leiande stillingar i samfunns- og næringsliv. Det var i hovudsak folk i slike posisjonar som vart offer for RAF sin terror.

I byrjinga var det mange som sympatiserte med RAF. I ei meiningsmåling i 1971 svarte 14 prosent av vesttyskarane at dei var reie til å støtte RAF på ulike måtar. Oppslutninga minka etter kvart som RAF vart meir og meir valdelege.

Attentat

Frå 1970 til 1990 gjennomførte RAFkidnappingar og bilbombedrap over heile Vest-Tyskland. Mellom dei drepne var dommarar, banksjefar og den vesttyske arbeidsgivarpresidenten. Ved fleire av attentata omkom sjåførar, vakter og andre i nærleiken av hovudpersonane. Av dei seks bombeåtaka i 1972 var eitt retta motSpringerkonsernet i Hamburg.

RAF vendte dei tidlegare protestane motamerikansk krigføring i Vietnam til kamp mot USA sitt militære nærver i Vest-Tyskland. I 1972 bomba RAF amerikanske hovudkvarter iFrankfurt ogMünchen, i 1981 i Ramstein.

Internasjonale kontaktar

RAF var inspirert avgeriljakrig på andre kontinent, men ved starten i 1970 hadde gruppa verken våpen eller geriljaerfaring. Nokre av medlemmane drog difor på seks vekers militæropplæring iJordan. Seinare vart det fleire runder med våpentrening i regi avPLO.

Vedkapringa av eit tysk passasjerfly i 1977 samarbeidde RAF og PLO. RAF krevde lauslating av fengsla RAF-terroristar, PLO av fengsla palestinske terroristar i Tyrkia.

Storminga av den vest-tyske ambassaden i Stockholm i 1975, med ti gissel og to drepne, var òg eit pressmiddel for å få sett fri RAF-medlemmar.

Det var Vest-Tyskland som var RAF sitt kampområde, menAust-Tyskland støtta gruppa ved å gi opphald til ettersøkte RAF-terroristar. I 1970-åra var det kontakt mellom RAF og terrorgruppeneRaude Brigade i Italia og Direkte Aksjon (AD) i Frankrike, men ingen felles aksjonar.

Bankran

RAF sitt formål med bankran var å skaffe pengar til våpen, bilar og bustader. Dei tre første bankrana fann stad i Vest-Berlin i 1970. Politietterforskinga førte til at RAF på under eit halvår mista ein firepart av medlemmane. Dei andre gjekk i skjul i Vest-Tyskland og fortsette kampen der.

Arrestasjonar, rettssak og fengsling

Hovedpersonane i RAF, Andreas Baader, Ulrike Meinhof, Gudrun Ensslin og Jan Carl Raspe, vart fengsla i 1972, anklaga for mord, mordforsøk, mordbrann og bankran.

Rettssaka tok til i mai 1975. Ulrike Meinhof gjordesjølvmord i fengselet i 1976, dei øvrige tre vart idømt livsvarig fengsel i april 1977 og gjorde sjølvmord i oktober samme år.

I 1977 var storparten av RAF-leiarane enten arresterte, drepne av politiet eller døde i sjølvmord. Dei nye medlemmane som kom til – andre generasjon RAF – fortsette kampen med same middel, men flere av leiarane vart arrestert og dømt. Midt på 1980-talet overtok den tredje og siste generajon RAF. I 1990 vart flere medlemmar arrestert iDDR. Dei utførte sitt siste drap i 1991.

I alt var RAF ansvarleg for 33 drap, og 21 RAF-medlemmar vart drepne. I 1998 erklærte RAF gruppa for oppløyst.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ditfurth, Jutta:Ulrike Meinhof: en biografi, 2009
  • Sontheimer, Michael:«Natürlich kann geschossen werden». Eine kurze Geschichte der Roten Armee Fraktion, 2010
Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Store norske leksikon (2005-2007); Dalen, Marit:Røde Arme Fraksjon iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/R%C3%B8de_Arme_Fraksjon

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forTysklands historie fra 1945 til 1990

Trond Ove Tøllefsen
Doktor i historie, Uppsala universitet

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp