Peter Anker
Faktaboks
Peter Ancher
- Fødd
- 31. juli 1744, Fredrikshald (nå Halden)
- Død
- 17. april 1832, Aker (nå Oslo)
- Verke
- Diplomat, koloniadministrator og kunstsamlar
- Familie
Foreldre: Kjøpmann og jarnverkseigar Erik Ancher (1709–85) og Anne Cathrine Tank (1723–1761).
Ugift.
Namneendring til Anker i 1778.
Bror tilCarsten Tank Anker (1747–1824).


Peter Anker. Antakelig malt av Sir Joshua Reynolds. Bogstad Stiftelse, Oslo.
Peter Anker var ein norsk diplomat, kolonistyrar og kunstsamlar. Han var ein av dei nordmennene som mot slutten avunionstida med Danmark satt i viktige posisjonar i det dansk-norske styringsverket. Først var handiplomat, og seinare var han kolonistyrar i den danskekolonienTrankebar iIndia frå 1786 til 1807.
Anker deltok inotabelmøtet på Eidsvoll 16. februar 1814.
Han var ein utmerka teiknar; han teiknaakvarellar ogkart, i tillegg til industrielle tekniske teikningar. Difor var det gjennom Anker atdampmaskinen først blei kjent i Danmark-Noreg.
Ei verdifullkunstsamling som Anker samla i India, finst iKøbenhavns etnografiske museum. Teikningane hans finst iKulturhistorisk museum i Oslo.
Bakgrunn og utdanning
Anker voks opp iFredrikshald i einborgarfamilie som bygde sin velstand påtrelasthandel. Saman med den yngre brorenCarsten vart han i 1760 send på ei mangeårig studiereise («grand tour») i Europa for å få den utdanning som var vanleg for unge menn av hansstand. Etter ein lengre periode for språkopplæring iNorwich, reiste dei omkring iEngland ogSkottland. I minneboka deira har mellom andre professorAdam Smith iGlasgow skrive. Under opphald i London hausten 1762 møtte dei også fetrane sine,Bernt,Peder, Iver og Jess Anker, som var ute på ei liknande reise. ViaFrankrike ogTyskland gjekk ferda heim ved utgangen av 1765.
Diplomati, handel og skipsfart
Etter ein periode som deltakar i familiens trelasthandel vart Peter Anker i 1773 utnemnd til dansk-norsk konsul iHull, og vart verande iStorbritannia til 1786. Hull var ein viktig hamneby og norsk trelasthandel hadde sterke interesser der, men endå viktigare var handelen påLondon, der Anker vart konsul frå 1777. I denne posisjonen fekk han vist store evner somdiplomat, særleg til gagn for nøytral dansk-norsk skipsfart underden nordamerikanske fridomskrigen, og han vart løna både med utnemning til dansk-norskgeneralkonsul i Storbritannia og med kongeleg gullmedalje «pro meritis».
Men det var ikkje berreskipsfart og handel han var oppteken av desse åra. I tillegg dreiv han etter oppdrag fråKøbenhavn ein aktivitet som nærmast kunne kallast industrispionasje. Han skulle rapportera om den industrielle utviklinga som fann stad i Storbritannia, både når det galdtgruvedrift, saltkokeri, tekstilindustri og nye tekniske innretningar. Frå Generallandøconomi- ogCommercekollegiet fekk han 1775 instruks om å skaffa seg nøyaktige opplysningar om drift av industritiltak og særleg korleis reiskap og maskiner fungerte, helst med teikningar og konkrete opplysningar om korleis maskinene skulle styrast. Han var ein god teiknar og sende heim mange maskinteikningar som han fekk lovord for. Slik vart han av dei aller første som gjordedampmaskinen og andre nye innretningar kjent i Danmark og Noreg.
I 1778 vart Peter Anker, broren Carsten og fetrane Bernt, Peder og Jessnaturaliserte som danskeadelsmenn med namnetAnker. Dei hevda at slekta kunne førast attende til den svenske adelsslekta Anckar, men i ettertid har ein ikkje funne prov for dette.
Kolonistyrar



Dei mangesidige evnene han hadde vist, men truleg også hans dårlege privatøkonomi, gav bakgrunn for at Peter Anker vart send tilIndia. I 1786 vart han utnemnd til oberst og generalguvernør i den danske kolonienTrankebar (påCoromandelkysten sør forMadras), men først i mai 1788 var han på plass og då med tittel av generalmajor.
I denne stillinga møtte han store utfordringar frå mange kantar. Som guvernør har han eit godt ettermæle, sjøl om ikkje alle ting gjekk knirkefritt. På grunn av vanskeleg kommunikasjon til København tok han seg til tider store fullmakter. Fleire av hans disposisjonar kan nok kritiserast, men i motsetnad til mange av dei personar han fekk med å gjera, var han ein fiende avkorrupsjon og å tjene pengar på sin posisjon.
For Anker vart det ein vanskeleg balansegang når det skulle takast omsyn til britiske og franske interesser, til indre indiske stridar, og til konfliktar i hans eige embetskorps. Kontakten med København var viktig, og motstandarar prøvde å undergrava den tillit han hadde der. Ein periode etter 1795 syntest dei å lykkast gjennom klagemål framsette av ein vidløftig indar direkte til kronprins Frederik (den seinareFrederik 6.), som sette ned ein granskingskommisjon. Ein god støttespelar hadde Peter heile tida i broren, som var medlem avCommercekollegiet og seinare direktør iDet asiatiske kompani. Både frå indisk og frå britisk hald i India vart det gjeve dei beste skussmål, og stemninga vart etter kvart snudd til beste for Anker. Etter lange prosessar vart indaren dømd ærelaus for sine skuldingar.
Peter Anker la alltid vekt på å ha eit godt forhold til britane. Han fekk ekstra store problem under konflikten mellom Danmark og Storbritannia i 1801 (slaget på Københavns red undernapoleonskrigane, då Storbritannia angreip Danmark). Trankebar vartannektert av britisk hærmakt i 1801–1802, men dette skjedde i rolege og ordna former. Guvernøren handterte situasjonen så godt at han jamvel kom ut med økonomisk vinst. Frå København vart han heidra med utnemning til riddar avDannebrogordenen i 1804. Då hadde han ei tid hatt sterke ønskje om å slutta som guvernør.
Økonomisk vart guvernørposten aldri den suksess Anker hadde vona. Tida då det kunne skapast formuar i Trankebar, var over. Løna var 3000riksdalar i året, men forbruket og utgiftene var så høge at han opparbeidde seggjeld. Då han forlet Trankebar i 1806, hadde han ei gjeld til kongens kasse på 21 000 riksdalar. Den vart avvikla på ein skånsom måte, og han fekk ha løna si på 3000 riksdalar sompensjon.
Kongen ville framleis ha han i teneste, men Anker kjente seg utsliten både psykisk og fysisk, og han var ikkje frisk ved avreisa frå India til Storbritannia, der han hadde eit lengre opphald. Endeleg avskil fekk han i juli 1807, og i 1808 slo han seg ned på garden Øraker vest forChristiania, der han for det meste heldt seg resten av si levetid.
1814
Ein kort periode i1814 vart Anker atter dregen inn i det politiske liv. Han var no frisk og hadde samla nye krefter, og 16. februar deltok han inotabelmøtet påEidsvoll. Etter oppmoding fråChristian Frederik dro han den 2. april til London. Tanken var at han skulle avløysa broren, slik at Carsten skulle kunna dra til fastlandet og møta viktige personar mellom dei allierte i napoleonskrigane. Dei allierte, med britane i spissen, skulle avgjere framtida til Noreg etter atKieltraktaten var inngått tidlegare same år. I traktaten hadde det blitt bestemt at Danmark, på grunn av krigstapet, skulle gi Noreg til Sverige.
Peter Anker var no 70 år, men tanken var å utnytta hans tidlegare britiske kontaktar. Han tok på seg oppdraget trass i at han hadde lite tru på at det kunne lykkast, og trass i at hans private haldningar knapt kunne vera i samsvar med dei Christian Frederik og broren hadde. I si guvernørtid hadde han utvikla ein sterk uvilje mot alt revolusjonært. Men i 1814 stilte han opp, og etter eit mislykka oppdrag vende han mot slutten av året attende til eit stille liv på garden sin.
Peter Anker gifta seg ikkje, men hadde ute i Trankebar eit nært forhold til ei britisk enkje, Mrs. Mollart, som døydde før han dro heim, truleg alt i 1791. Sjøl vart han gravlagt i Moss, nær foreldra, som hadde vore knytta tilMoss jarnverk.
Samlingar
Mellom dei tinga Peter Anker hadde med seg frå India, var ei større samling indiske kunstverk, mellom desse ein del gudefigurar i bronse. Det meste vart seinare kjøpt til Nationalmuseets etnografiske samlingar i København. Sjøl hadde han produsert mange teikningar, akvarellar og kart. I 1878 vart 131 av desse gitt av arvingane tiluniversitetet i Kristiania og finst nå iKulturhistorisk museum.
Utgjevingar
- En Samling af Mythologiske Antiquer bragte fra Hindustan, København 1806
Etterlatne papir
- Ymse rapportar i Rigsarkivet, København
Avbildningar
Kunstnarlege portrett
- Måleri (3/4-figur) i jaktdrakt, avJoshua Reynolds, ukjent år;Bogstad Stiftelse, Oslo
- Måleri (brystbilete) i generalsuniform, av ein Reynolds-elev, 1806; privat eige
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Bull, Edvard: biografi iNorsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 1, 1923
- Feldbæk, Ole og Justesen, O.:Kolonierne i Asien og Afrika, supplementbind iPolitikens Danmarkshistorie, København 1980
- Hysing, Dorthea:Generalguvernør Peter Anker (1744-1832) maler og samler, 2002, isbn 82-8084-000-1
- Klausen, Arne Martin: 'Peter Anker' iKunst og kultur 55 (1972), 1-32.Les på nb.no
- Nielsen, Yngvar:General-major Peter Anker : guvernør i Trankebar, 1870.Les boka
- Rasch, A.:Dansk Ostindien 1777-1845, 1967 (bind 7 avVore gamle tropekolonier, 2. utgitt og redigert av J. Brøndsted)
- Steen, Sverre:1814, 1951
- Supphellen, Steinar: biografi iNorsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
- Ustvedt, Yngvar:Trankebar, 2001 (kapittel 5), isbn 82-02-20475-5
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.
Fagansvarleg forNorges historie fra 1814 til 1884
