Per Olav Kaldestad
Faktaboks
- Fødd
- 26. juni 1947, Husnes i Kvinnherad, Vestland

Per Olav Kaldestad er ein norskforfattar,litteraturvitar ogorganisasjonsmenneske som både skriv,forskar på og formidlarlyrikk for barn.
Bakgrunn
Per Olav Kaldestad er fødd påHusnes iKvinnherad iHordaland (noVestland). Han gjekk påStordgymnas i 1964–1967. Med faga engelskhovudfag, norskmellomfag og allmenn litteraturkunnskap grunnfag vart han i 1975cand.philol. vedUniversitetet i Bergen.
Kaldestad varsivilarbeidar ved Valen sjukehus i Kvinnherad i åra 1975–1976. Han arbeidde ved Holmenvideregående skole påTynset i 1977–1978. Fram til 1998 var hanførsteamanuensis i norsk vedHøgskulen Stord/Haugesund (noHøgskulen på Vestlandet). Etter det har han vore forfattar på heiltid.
Forfattarskapen
Skjønnlitteratur og lyrikk
Kaldestad debuterte medlyrikksamlingaKikkert i 1973. Sidan har det kome både dikt,romanar ogskodespel for vaksne. Han har òg ein allsidig produksjon sombarne- og ungdomsbokforfattar.
Mange av dikta hans er blitt tonesette og innspela på plater, av mellom anna Draum (poprock-band frå Bergen), Myle (irsk band fråSunnhordland),Atle Hansen (viserock-songar frå Stord),Vamp, Aftenlandet, Gabriel Fliflet og Annlaug Børsheim.
Barnebøker
Mest kjend er Kaldestad for deiskjønnlitterærebarnebøkene sine. Dei er blitt svært populære, og han gir ut bøker i spennet fråbiletbøker for dei yngste til spenningsromanar for ungdom. Spenningsromanane har han gitt ut underpsevdonymet John Donner. Fleire av barnebøkene hans er diktsamlingar. To av dei mest kjende er den internasjonalt prislønteSola klappar meg frå 1990 ogNår morgonfrosken syng frå 2004.
Saman med ulikeillustratørar har Kaldestad gitt ut trepoetiske biletbøker for dei minste:En løvetanndrøm (2006),Med kråkenebb og kråkeføter (2010) ogDronninga kallar (2016). Han har òg skrive skodespel for barn.
Sakprosa
Kaldestad står bak fleire fagbøker om det å skrive for barn. Mellom dei erDiktboka. Om arbeid med poetiske tekstar i skolen. Medforfattar er Hanne Knutsen, og førsteutgåva kom i 1984. I 2008 var Kaldestadmedredaktør iDrivkrafta bak teksten. Bidrag til ein norsk barnebokpoetikk. Boka inneheld 30essay om det å skrive ogillustrere for eit ungt publikum.
Han har òg skrive mangeessay om litteratur. Dei er samla i bøkeneGlade bodskapar (1987) ogDen nye lyrikken (1996). Saman medDag Helleve ogRagnar Hovland har han gitt ut reisebøker fråCanada,USA og fleire europeiske land.
Gjendikting
I tillegg til eige virke som poet har Kaldestad gjort fleire av dei store engelskspråklege diktarane tilgjengelege for eit norsk publikum. Han har gjendiktaD.H. Lawrence (1985),W.H. Auden (1995),William Shakespeare (2002), Thomas A. Clark (2007 og 2009), Barry MacSweeney (2010, saman medOskar Stein Bjørlykke), Patricia Schonstein-Pinnock (2012) ogRobert Browning (2014).
Litterære verv og anna engasjement
Kaldestad har heile sitt litterære liv vore engasjert itidsskrift og organisasjonar for formidling av litteratur. I 1973 var han med og starta det litterære tidsskriftetTun. Han var medredaktør i tidsskriftaProfil 1975–1977 ogBasar 1979–1981. Frå 1996 til 1998 var han formann iNorske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU), og styremedlem frå 1994 til 2005. Han var styreleiar i Nettverket Ord & Bilde frå 1999 til 2010. Frå 1998 til 2010 var han medredaktør forÅrboka Litteratur for barn og unge, og i åra 2012 til 2016 var han styreleiar iNorsk Forfattersentrum.
Utmerkingar
I 1993 fekk Kaldestad tildelt æreslistediplom i klassa for poesi av den europeiske barnebokprisen Premio europeo Pier Paolo Vergerio forSola klappar meg. Han fekk Samlagsprisen i 1997 ogAskeladdprisen i 2001. I 2017 var Kaldestad festivalforfattar under barnebokfestivalenFalturiltu.
Bibliografi
Skjønnlitteratur
- Når sola kjem dettande inn. Dikt for store og små 1990-2004 (Lyrikk, Wigestrand Forlag, 2017)
- Dagen er her den dag eg vil (lyrikk og maleri av Rolf Monsen) (Lyrikk, Skildre, 2013)
- Dropar på strå (Lyrikk, Harpiks forlag, 2005)
- Svart puls (Lyrikk, Wigestrand Forlag, 2005)
- Sonettar og songar frå Shakespeare (Dramatikk, Samlaget, 2002)
- Denne jorda eg bur på (Lyrikk, Samlaget, 1998)
- Eg høyrer, det seiest (Lyrikk, Samlaget, 1996)
- Ratatosk (Dramatikk, Samlaget, 1995)
- Oktober (Lyrikk, Samlaget, 1993)
- Aasmund Frægdegjæva (Dramatikk, Samlaget, 1992)
- Så lenge svalene flyg, medforfatter (Dramatikk, Samlaget, 1991)
- Naken er fjorden (Roman, Samlaget, 1990)
- Kjærlege posisjonar (Lyrikk, Samlaget, 1988)
- Når du held om ein draum (Salmer/sanger/viser, Samlaget, 1983)
- O. Lokaliseringer (Roman, Samlaget, 1981)
- Ein må ha vinter i sinnet (Lyrikk, Cappelen, 1979)
- I skuggeland (Lyrikk, Noregs Boklag, 1977)
- Det er framleis sol (Lyrikk, Samlaget, 1975)
- Kikkert (Lyrikk, Samlaget, 1973)
Gjendikting
- Thomas A. Clark: Dei hundre tusen stadene (Gjendiktning, Nordsjøforlaget, 2019)
- Dikt og dramatiske monologar (Robert Browning) (Gjendiktning, Villanden, 2014)
- Kenneth Steven: Løynde ting (Dikt for barn og unge, gjendiktning) (Nordsjøforlaget, 2014)
- Patricia Schonstein-Pinnock: Det ukjende barnet (Gjendiktning, Margbok, 2012)
- Thomas A. Clark: I den klare lufta (Gjendiktning, Nordsjøforlaget, 2007)
- W. H. Auden: Sonetter frå Kina (Gjendiktning, Samlaget, 1997)
- D. H. Lawrence: Dikt i utval (Gjendiktning, Samlaget, 1985)
Barne- og ungdomslitteratur
- Dronninga kallar. Poetisk forteljing for barn, ill. Hilde Kramer (Barnebok, Cappelen Damm, 2016)
- Kribledagar. Diktbildebok for barn, ill. Even Bøthun. Medforfattar (Barnebok, Margbok, 2013)
- Sølvbåt og stjernevind : den nye barnediktboka (Redigert) (Lyrikk for barn og ungdom, Mangschou forlag, 2011)
- Med kråkenebb og kråkeføter (Lyrikk for barn og ungdom, Cappelen Damm, 2010)
- En løvetanndrøm (Medforfatter) (Barnebok, Cappelen, 2006)
- Når morgonfrosken syng (Lyrikk for barn og ungdom, Samlaget, 2004)
- Liksom for fyrste gong (Ungdomsbok, Samlaget, 1994)
- Sola klappar meg (Lyrikk for barn og ungdom, Samlaget, 1990)
- Litt av ein kniv (Barnebok, Samlaget, 1981)
- Det er kaldt her (Ungdomsbok, Samlaget, 1978)
Sakprosa
- Waterloo. Ei reisebok frå det indre EU, medforfatter (Sakprosa, Samlaget, 1997)
- Den nye lyrikken (Sakprosa, Samlaget, 1996)
- Vegen til Navan. Reisebok frå Irland, medforfatter (Sakprosa, Samlaget, 1995)
- Langs kvar ein veg. Reisebok frå USA (medf). (Sakprosa, Samlaget, 1992)
- Glade bodskapar (Essays, Samlaget, 1987)
- Diktboka. Om bruk av poetiske tekstar i skolen, medforfatter (Sakprosa, Samlaget, 1984)
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Birkeland, Tone m.fl.:Norsk barnelitteraturhistorie, 2. utg., 2005
- Birkeland, Tone (red.):Å skrive for barn. 17 barnebokforfattarar presenterer seg. Oslo 1982.
- Rottem, Øystein:Norges litteraturhistorie, b. 7: Inn i medietidsalderen, 1997
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.