Pål Sundvor
Faktaboks
- Fødd
- 8. september 1920, Fusa
- Død
- 1. november 1992
Pål Sundvor, norsk forfatter og journalist. Barn har ei viktig rolle i fleire av bøkene hans. Stilen er enkel, varm, stundom med ei lyrisk tone.
Sundvor debuterte i 1947 med barnebokaOla frå garden, og gav mellom anna utromananeFangen er fri (1960),Morgon (1967),Paradisporten (1968),Jungel og soldat (1970),Såvis hus (1972),Som nakne fjell (1981) ogBlødande mørker (1985).
Han gav òg ut diktsamlingaLoffarens vise(1962),novellesamlingeneEin neve sol (1975) ogDei elskande (1992) ogskuespilletKurdarspel (1978).
Sundvor var ein av dei som forstod høyrespelsjangeren og fekk oppført ei rekkje stykke i NRK, mellom deiSkredenatt(1988).
Han fekk Melsomprisen for Den mørke plogen (1977) og Sunnmørsprisen forFangen er fri.
Les mer i Store norske leksikon
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.