Olaug Bollestad
Faktaboks
Olaug Vervik Bollestad
- Fødd
- 4. november 1961, Strand, Rogaland

Olaug Bollestad er ein norsk politikar forKristeleg Folkeparti (KrF), som var partileiar frå 2021 til 2024. Ho har vorestortingsrepresentant fråRogaland sidan 2013. Bollestad er tidlegareordførar iGjesdal kommune og varlandbruks- og matminister iregjeringa Solberg i frå 2019 til 2021.
Bakgrunn
Olaug Vervik Bollestad er fødd iStrand iRogaland. Ho var elev ved Strandgymnas i 1977–1980 og gjekk påbibelskule iOslo i 1981–1982. Ho tok sjukepleiarutdanning vedRøde Kors sykepleierskole iStavanger i 1984–1987, administrativ leiing og økonomi vedNKI i 1992–1994 og vidareutdanning som intensivsjukepleiar vedUniversitetet i Stavanger i 1997–1999. Bollestad arbeidde som ungdomsarbeidar iRyfylke ogJærenIndremisjon i 1980–1984, og ho var tilsett vedStavanger universitetssjukehus i 1987–2007 og i Ryfylke og Jæren Indremisjon i 1995–1997.
Politisk karriere

Bollestad hadde ikkje vore medlem iKrF lenge før ho blei vald inn somkommunestyrerepresentant iGjesdal i 2003–2015. I perioden 2007–2013 var hoordførar i kommunen og medlem av Rogalandfylkesting. Ho var leiar av Gjesdal KrF i 2004–2006 og frå 2008 til 2014 var ho medlem av landsstyret i partiet. Ho er medlem avsentralstyret frå 2015. Bollestad var andre nestleiar i Kristeleg Folkeparti i 2015–2017 og første nestleiar frå 2017. Ho varkonstituert partileiar frå januar 2019 fram til det ordinære landsmøtet i april 2019, og igjen i september–november 2021.
Bollestad var varamedlem tilStortinget for KrF frå Rogaland i 2009–2013 og er vald inn somstortingsrepresentant sidan 2013. Ho er medlem avhelse- og omsorgskomiteen sidan 2013 og var leiar av komiteen i 2017–2019. I 2019 blei ho utnemnd tillandbruks- og matminister iErna Solberg si utvida regjering. Ei kort periode i 2019 og i september til oktober 2021 var ho ogsåbarne- og familieminister. Bollestad vart sittande som landsbruks- og matminister dåFramstegspartiet gjekk ut av Solberg-regjeringa i 2020, og fram til regjeringsskiftet etterstortingsvalet i 2021.
Då KrF skulle bestemme seg for politisk vegval hausten 2018, var Bollestad motstandar av dåverande partileiarKnut Arild Hareide sitt ønske om å innleie forhandlingar medArbeidarpartiet. Bollestad fekk kritikk frå andre i partiet for rolla ho spela då Rogaland KrF, i motsetnad til andre fylkeslag, vedtok ikkje å ta omsyn til mindretalet veddelegatvalet til KrF sitt landsmøte omvenstre- ellerhøgreretta politisk retning.
På landsmøtet vedtok eit knapt fleirtal, med nestleiarane Bollestad ogKjell Ingolf Ropstad i spissen, å innleie forhandlingar med regjeringspartia i regjeringa Solberg. Då regjeringsplattforma var ferdigforhandla, trakk partileiar Hareide seg, og Bollestad overtok som konstituert partileiar og bleistatsråd i den utvida regjeringa Solberg frå januar 2019. KrF gjekk dermed inn i regjeringa tilVenstre,Høgre ogFramstegspartiet i januar 2019. Då Ropstad måtte gå av hausten 2021, vart Bollestad igjen fungerande partileder fram til ekstraordinært landsmøte i november 2021. Der vart ho vald til leiar. Ho trekte seg som partileiar etter ein intern partistrid i 2024.
Andre verv
Bollestad har hatt ei lang rekkje offentlege verv i Gjesdal kommune og Rogaland fylkeskommune, mellom anna var ho medlem av styret for Jærmuseet, Jæren Kompetansesenter og leiar i styret for Gjesdal Næringspark AS i 2007–2011. Ho var òg medlem avLandstinget for Kommunenes Sentralforbund (KS) i 2011–2013.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.