O (bokstav)

O er den 15.bokstaven i detlatinske og i detgreske alfabetet.
O stammar fråfønikisk skrift. Isemittisk karakteriserer bokstaven ei form foraspirasjon, ein skarp strupelyd som liknar ’alef (sjåA), men er kraftigare. Bokstaven heiter påhebraiskayin; ordet betyrauge, og teikna viser til eit auge.
Grekarane tok bokstaven i bruk for vokaleno, til å byrje med både for lang og korto-lyd. Sidan laga dei ei omdanna form,Ω, for lang o-lyd, plasserte han sist i alfabetet og kalla hano mega, stor o. Til skilnad vart o, no berre brukt for korto, kallao mikron, liten o.
Berre den eldrerunerekkja har eit særleg o-tegn. Dei yngre runene brukar same teikn for u og o.
Uttale
O med aksent
Bokstavenoblir brukt i ei rekkje språk med aksent over.Islandsk,svensk,finsk,estisk,tysk,ungarsk ogtyrkisk brukar to prikkar for å skrive ø: ö. På ungarsk finst den også med strekar for lang ø: ő.
På norsk kan o ha tre ulike aksentar. Døme: fór (= reiste), fòr (= plogfure), fôr (dyrefôr, kåpefôr).
Påfransk kan o hacirkumfleks: ô
Medtilde blir õ brukt iportugisisk for å vise nasalisert o og i estisk viser bokstaven til lyden [ɤ], ein urunda halvtrong bakre vokal.
Påislandsk er ó ein diftong [ɔu], og påfærøysk blir han uttala som diftong når han er lang, men som open ø [œ] når han er kort.
Italiensk brukar ò for å vise at open [ɔ] i siste staving har trykk.
Katalansk skriv ò for open [ɔ] og ó for lukka [o].
Samansettingar
Nederlandsk skriv lyden [u] oe.
Les meir i Store norske leksikon
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.