Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Norheimsund

Skriven av

Faktaboks

Etymologi
Norheimsund er laget av gårdsnavnetNorheim med førsteleddnorrøntnor, ‘trangt sund’. Dette sikter til den smale strømmen mellom Movatnet og fjorden som gården ligger på nordsiden av
Innbyggjartal
4619 (SSB, 2023)
Landareal
3,9 km²
Tettstadsnummer
5143 Norheimsund

Norheimsund er eintettstad iKvam kommune iVestland. Tettstaden er ifølgjeSSBs definisjon 3,9 km², og har 4619 innbyggjarar (2023).

Norheimsund er administrasjonssenter iKvam kommune iHardanger.

Tettstaden ligg på vestsida avHardangerfjorden, rundt munningane av dei to elvane Steinsdalselva i vest og Øysteseelva i aust, og dessutan på halvøya mellom desse. Tettstaden Norheimsund utgjorde før 2019 to tettstader, høvesvis Norheimsund i vest ogØystese i aust. Seinare er dei to tettstadene definert som éin tettstad med namnet Norheimsund. Denne omfatter ogsåKaldestad i sør.

Begge dei to tidlegare tettstadene har variert småindustri, verkstads-, trevare- og næringsmiddelindustri i Norheimsund og særleg trevare- og møbelindustri i Øystese. Kvam vidaregåande skule har avdelingar i begge dei to tidlegare tettstadene.

Samferdsel

Gjennom tettstaden går Fylkesveg 79 langsHardangerfjorden frå riksveg 13 (indrestamveg på Vestlandet) iGranvin tilNorheimsund. Herfrå held vegen fram som fylkesveg 49 sørover langs Hardangerfjorden, og etter bilferje Tørvikbygd–Jondal kryssar han heileFolgefonnhalvøya viaJondalstunnelen (10,4 km) ogFolgefonntunnelen (11,1 km) til Riksveg 13 iOdda. Frå Norheimsund går fylkesveg 49 òg vestover gjennom Steinsdalen og overKvamskogen tilTrengereid på E 16 aust forBergen.

Turisttrafikk

Det er stor turisttrafikk og fleire hotell og overnattingsstader i Norheimsund. Øystese kyrkje er eilangkyrkje i tre frå 1868, medan Norheimsund kyrkje er ei modernearbeidskyrkje frå 1992. Ved fylkesveg 49 nokre kilometer vest for Norheimsund er Steinsdalsfossen (Øvsthusfossen) iSteinsdalselvi; denne kan ein gå under utan å bli våt, og er ein attraksjon. Kvam bygdemuseum ligg i Øystese, likeins Ingebrigt Vik museum (skulpturmuseum); bilethoggarenIngebrigt Vik var herfrå. I Norheimsund liggHardanger Fartøyvernsenter.

Kart

Norheimsund
Norheimsund
Av/Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
fri gjenbruk.Creative Commons
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Thorsnæs, Geir:Norheimsund iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Norheimsund

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forKvam

Geir Thorsnæs
Mag. art.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp