Faktaboks
- Etymologi
Kommunen har namn etter Nomevatn.
- Administrasjonssenter
- Ulefoss
- Fylke
- Telemark
- Innbyggjartal
- 6 539 (2024)
- Landareal
- 385 km²
- Høgaste fjell
- Knarren (749 moh.)
- Innbyggjarnamn
- lundhering, ulefossing, hollasokning
- Målform
- nøytral
- Kommunenummer
- 4018 (frå 2024, tidl. 3816 og 0819)


Nome. Frå Lunde sluse i Telemarkskanalen. Slusevaktarane opnar for «Henrik Ibsen». Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.
Nome er einkommune iTelemark. Kommunen blei oppretta i 1964 ved samanslåing av tidlegareLunde ogHolla kommunar med unntak av Valebø sokn på andre sida avNorsjø. Nome ligg sentralt iTelemark, omgitt av kommunaneDrangedal,Kviteseid,Midt-Telemark ogSkien, og omfattar området vest for midtre del avNorsjø omkring Vest-Telemarkvassdragets nedre del.
Natur
Langs vassdraga er det marinleire ogsand opp til cirka 150 meter over havet, for det meste oppdyrka. Elles dannargrunnfjellet eit småkupert åslandskap som stig til 600–700 meter over havet mot vest.
Fensfeltet søraust forUlefoss har ein eigenarta geologi med mellom annajernmalm ogsøvitt (etter garden Søve) som inneheldniob, som blir brukt istållegeringar. ISøve Gruver blei det vunne ut niobkonsentrat i perioden 1953–1965. Det knyter seg stor interesse til forekomsten avsjeldne jordartar i Fensfeltet.
Sju prosent av kommunens areal er verna somnaturreservat. Størst er Mørkvassjuvet naturreservat sør for Flåvatn.
Befolkning og busetjing

Ulefos Hovedgaard er eit av dei viktigaste kulturminna i kommunen. Hovudbygningen blei oppført i 1802–1807 for verkseigarNiels Aall og er rekna som noko av det ypparste avklassisistisk arkitektur i Noreg.
Folketal
tidspunkt | |
---|---|
1951 | 7408 |
1952 | 7385 |
1953 | 7428 |
1954 | 7423 |
1955 | 7365 |
1956 | 7474 |
1957 | 7472 |
1958 | 7495 |
1959 | 7440 |
1960 | 7427 |
1961 | 7405 |
1962 | 7406 |
1963 | 7416 |
1964 | 7173 |
1965 | 7205 |
1966 | 7193 |
1967 | 7205 |
1968 | 7195 |
1969 | 7166 |
1970 | 7126 |
1971 | 7252 |
1972 | 7326 |
1973 | 7304 |
1974 | 7206 |
1975 | 7239 |
1976 | 7255 |
1977 | 7287 |
1978 | 7303 |
1979 | 7296 |
1980 | 7266 |
1981 | 7277 |
1982 | 7210 |
1983 | 7163 |
1984 | 7170 |
1985 | 7117 |
1986 | 7104 |
1987 | 7093 |
1988 | 7029 |
1989 | 6986 |
1990 | 6954 |
1991 | 6838 |
1992 | 6743 |
1993 | 6667 |
1994 | 6711 |
1995 | 6661 |
1996 | 6587 |
1997 | 6573 |
1998 | 6561 |
1999 | 6631 |
2000 | 6648 |
2001 | 6652 |
2002 | 6646 |
2003 | 6579 |
2004 | 6606 |
2005 | 6565 |
2006 | 6571 |
2007 | 6576 |
2008 | 6601 |
2009 | 6557 |
2010 | 6527 |
2011 | 6561 |
2012 | 6579 |
2013 | 6625 |
2014 | 6643 |
2015 | 6630 |
2016 | 6534 |
2017 | 6585 |
2018 | 6609 |
2019 | 6538 |
2020 | 6515 |
2021 | 6488 |
2022 | 6494 |
2023 | 6559 |
2024 | 6539 |
Hovudtyngda i busetjinga følgjer vassdraget vestover frå Norsjø. Her ligg dei to tettstadeneUlefoss ogBjervamoen (Lunde). Folketalet var stabilt fram til omkring 1980, men har sidan vist nedgang. Etter 2010 har folketalet halde seg uendra. I tiårsbolken 2015–2024 gjekk folketalet attende med 1,4 prosent, mot ein auke på 3,0 prosent i Telemark fylke.
Tettstader

Ifylgje definisjonen tilStatistisk sentralbyrå er det totettstader i Nome. Tettstadene er til saman 3,9 km², og omfattar 1 % av arealet i kommunen.
Tettstad | Innbyggjarar | Andel* | Areal |
---|---|---|---|
Ulefoss | 2 299 | 35 % | 2,3 km² |
Bjervamoen | 1 524 | 23 % | 1,6 km² |
Sum | 3 823 | 58 % | 3,9 km² |
* Andelen av innbyggjarane i Nome kommune som bur i tettstaden.
Næringsliv

Ulefos Jernværk er ei av Nordens eldste industribedrifter og er framleis eihjørnesteinsbedrift i kommunen.
Nome er ein storjord- ogskogbrukskommune. Berre Skien har større jordbruks- og kornareal av telemarkskommunane. Jordbruksarealet i Nome er cirka 27 000dekar, omtrent likt fordelt på gras og korn.Skogavverkinga var gjennomsnittleg 36 000 m³ årleg i femårsperioden 2017–2021. Litt over halvparten vargran, restenfuru.
Nome er kommunen med åttande størstvasskraftproduksjon iTelemark, og er ein middels storkraftkommune på landsbasis. Dei femvasskraftverka i kommunen produserer til saman 438gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket erVrangfoss (i drift fra 1962), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk erHogga (1987) ogEidsfoss (1964). Norsjøkraft er hovudeigar av om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar erStatkraft Energi med om lag ein femtedel.
Skogen og vasskrafta la tidleg grunnlaget for industri påUlefoss. Dei to største industribedriftene,Cappelen-Ulefos Jernværk ogAall Ulefos, har styrt mykje av utviklinga. Dei har utspring i gamle gods med tilhøyrande herregardar (Holla ogUlefos). Det blei brotejernmalm for Ulefos Jernværk i Fen-gruvene frå 1652 til 1926. Dette jernverket erNordens største produsent av gategods. Ulefos Brug AS er ein av Noregs leiande produsentar av brannklassifisertedører, portar,vindauge og veggparti. 16 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien (2021), mot 8 prosent i landet samla sett.
I 2023 hadde Nome ei netto utpendling på 830 personar, svarande til 27 prosent av arbeidsstyrken.
Samferdsel

Riksveg 36 fråPorsgrunn/Skien går gjennom Ulefoss nordvestover tilBø ogSeljord. Frå Ulefoss tek fylkesveg 359 av til Lunde og Bø. Midt gjennom kommunen gårSørlandsbanen med stasjon i Lunde.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar
Nome videregående skole har avdeling i Lunde og på Søve (tidlegare Telemark landbruksskule).
Nome høyrer til Sør-austpolitidistrikt,Telemark tingrett ogAgder lagmannsrett.
Kommunen er med i Nome og Midt-Telemarkinterkommunale politiske råd.
Nome kommune svarer til dei tosokna Holla/Helga og Lunde/Flåbygd i Øvre Telemarkprosti iAgder og Telemark bispedømme iDen norske kyrkja.
Mot slutten av 1800-talet høyrde Nome til Nedre Telemarken fogderi (futedøme) iBratsberg amt.
Delområde og grunnkrinsar i Nome

For statistiske formål er Nome kommune (per 2021) delt inn i tredelområde med til saman 19grunnkrinsar:
- Lunde: Ulsnes – Røimål, Flåm, Kleppe, Svenseid, Funnemark, Lunde kyrkje, Stokken, Kjeldal, Hanto, Bjerva, Landsmarka
- Ulefoss: Sandnes, Dagsrud, Heisholt, Holla gård, Ulefoss
- Fen: Fen, Kolstad, Hjelset
Historikk og kultur
På Hollahaugen ligg ruinen av Holla gamle steinkyrkje frå før 1100. Nord for Ulefoss liggRomnes kyrkje fråmellomalderen. Helga kyrkje sør for Ulefoss er frå 1735.
Det fyrste forsøket på norsk bilproduksjon gjekk føre seg i Lunde i åra 1956 og 1957. Ein av dei seksTrollbilane som vart ferdigstilt, står i dag på utstilling i Lunde.
Kommunevåpenet
Kommunevåpenet (godkjent i 1989) er venstre-skrådelt av sølv og blått ved trappesnitt. Motivet illustrerer kanaliseringa av Bandak–Norsjøvassdraget.
Kart

Les meir i Store norske leksikon

Nome kommune i Telemark fylke.
Eksterne lenker
Litteratur
- Opheim, Gunnar (1978).Flåbygd : ætter og folkeliv.Les boka hos Nasjonalbiblioteket
- Opheim, Gunnar (1986).Nokre ætter i Lunde.Les boka hos Nasjonalbiblioteket
- Sanden, Gunnar (2001).Nomeboka : ei skisse av Nome rundt årtusenskiftet. Isbn: 82-996108-1-8
- Stranna, Olav (1921, 1925).Lunde herad med Flaabygd,2 bind. Les hos Nasjonalbiblioteket:bind 1,bind 2
- Ytterbøe, Simon (1975, 1957).Holla,2 bind. Les hos Nasjonalbiblioteket:bind 1,bind 2
- Sørlandsbanen kryssar Telemarkskanalen ved Lunde.
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.