Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Nadia Murad

Faktaboks

Nadia Murad

Nadia Murad Basee Taha

Fødd
1993, Kojo, Sinjar, Irak
Nadia Murad

Nadia Murad er en jesidisk-irakisk menneskerettighetsaktivist som mottok Nobels fredspris i 2018.

Av/EPA.
Nadia Murad
Nadia Murad vitnet for FNs sikkerhetsråd i 2015 om jesidienes situasjon i Irak.
Av/UN Photo.

Nadia Murad er ein irakiskmenneskerettsaktivist som i 2018 vart tildeltNobels fredspris for sin «kamp mot seksualisert vald brukt som våpen i krig og væpna konfliktar».

Bakgrunn

Nadia Murad er fødd i landsbyen Kojo i Sinjar iIrak. Familien Murad høyrer til denetnisk-religiøseminoritetenjesidiar, som lev i deikurdiske områda iMidtausten. Jesidiane har i lang tid vore ei utsett og undertrykt gruppe, ogDen islamske staten (IS) utførte i 2014etnisk reinsking mot folkegruppa. Murad nyttar eigne erfaringar i arbeidet sitt motmenneskehandel ogfolkemord.

I august 2014 gjekk IS til åtak mot landsbyane i Sinjar-området. Fleire tusen menneske vart drepne eller tekne til fange. Murad miste mor si og seks brør i åtaket, medan ho sjølv og to søstrer vartkidnappa av soldatane. Dei vart tvinga til åkonvertere tilislam og vart utsette fortortur ogvaldtekter. Murad vart heldt somslave av IS i tre månader før ho greidde å rømme.

Menneskerettsarbeidet

Etter fangenskapet flykta ho tilTyskland, der ho har vore busett sidan. Herfrå har ho vore den fremste talspersonen for kvinner utsette for seksualisert vald av IS. I 2016 blei Murad utnemnt tilFN sin fyrste goodwillambassadør for overlevande avmenneskehandel.

Murad har sidan kjempa mot seksuelle overgrep som våpen i krig, motmenneskehandel ogfolkemord, og ho fortel verda om IS sine overgrep motjesidiane. Ho har mellom anna fortalt historia si iTryggingsrådet iFN, med krav om at seksualisert vald i krig må reknast somkrigsbrotsverk som må forfølgjast rettsleg. Ho arbeider òg for å få sett fri tusenvis av jesidiar som framleis er i fangenskap. Murad har starta ein organisasjon for å byggje opp att heimar i Sinjar, slik at dei som er på flukt kan få vende attende.

Utgjevingar

I 2017 gav ho ut bokaDen siste jenta. Historien om mitt fangenskap og min kamp mot Den islamske staten(norsk oversetjing i 2018). Her held ho fram med arbeidet for å stille IS til ansvar for handlingane sine. Gjennom sterke skildringar syner ho mot, kampvilje og eit sterkt ønske om rettferd.

Utmerkingar

I 2016 fekk Murad saman med vennen Lamia Haji Bashar tildeltEU sinSakharov-pris for tankefridom ogEuroparådet sinVáclav Havel-pris formenneskerettar. I 2018 delte hoNobels fredspris med denkongolesiske legenDenis Mukwege.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Murad, Nadia (2018).Den siste jenta: Historien om mitt fangenskap og min kamp mot Den islamske staten. Cappelen Damm.
Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Pettersen, Stig Arild; Sande, Marte; Allkunne:Nadia Murad iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Nadia_Murad

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Vi manglar fagansvarleg forIraks samtidshistorie

Vil du bli fagansvarleg? Ta kontakt

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp