Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Marit Eikemo

Skriven av

Faktaboks

Marit Eikemo
Fødd
6. april 1971, Odda, Vestland
Marit Eikemo.
Av/Samlaget.

Marit Eikemo er ein norskforfattar,journalist ogtidsskriftredaktør. I bøkene sine har ho utforska samtida og den nære fortida både på eit individuelt og eit sosialt plan.

Tilhøyrande emnesider

Tema:
nynorsk

Bakgrunn

Eikemo er fødd iOdda (noUllensvang) iHordaland (noVestland). Ho er utdannacand.mag. Eikemo har mellom anna vorejournalist iBergens Tidende,redaktør forSyn og Segn saman medHilde Sandvik i perioden 2002–2006.

Ho var informasjonssjef forFestspillene i Bergen (2006–2009), og første leiar for festivalen Litteratursymposiet i Odda (2009–2014). Saman medFrode Grytten tok ho initiativ til å byggje om garderobebygget på Smelteverkstomta til litteraturhus, noko som både ga Odda eit litteraturhus og sikra vern av eit sentralt bygg på tomta.

Eikemo var redaktør i forlagetVigmostad og Bjørke (2014–2016) og dagleg leiar for Cornerteateret iBergen frå 2016 til 2020. Frå 2020 er ho kunstnerisk rådgjevar forNorsk litteraturfestival på Lillehammer.

Romaner og essay

Omslagsportrett

Eikemo debuterte med reportasjebokaHer, no. Møte med unge menneske saman med fotografane Eirik Brekke ogOddleiv Apneseth i 1999. Ho debuterteskjønnlitterært medromanenMellom oss sagt (2006), og har seinare gjeve ut fleire romanar,novellesamlingar ogessay.

I romanane sine utforskar Eikemo menneskelegerelasjonar og daglegdagse situasjonar gjennom personar som anten har falle utanfor eller ikkje finn tilhøyrsle i tradisjonelle fellesskap. Rammene kan vere eit studentmiljø som er i ferd med å bli borte, ein norskkoloni i Syden, eit lokalsamfunn eller barnefamiliar som møtest ved leikeplassen. Til dømes tek Eikemo i essaysamlingaSamtidsruinar med lesaren til moderne bygg oganlegg som står til forfalls, og nyttar dette til å reflektere vidare over eit moderne Noreg i endring.

Perspektivet tiloutsideren vert eit grep for å kaste eit framandgjerande blikk på det vande. Kritikarar har skildra Eikemos stil som språklegsober, mensarkastisk. Kritikarar har sett pris på den skarpehumoren i Eikemos romanar, og måten dei ser det samtidige Noreg med eit skrått blikk.

Drama

Eikemo har vore bidragsytar tilDet Vestnorske Teateret si storsatsing HEIM 1–4.

Fleire av bøkene hennar er overførte til scenen.Det Norske Teatret framførte opplesingar avAlt inkludert,og i 2022 bleiGratis og uforpliktende verdivurderingdramatisert av turnéteateretTeater Vestland.

Styreverv

Eikemo har hatt i lang rekkje styreverv i kulturlivet. Av dei kan nemnast nestleiar iNorsk Forfattersentrum, styremedlem iNorsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (2010–2016), styremedlem iBergen Kunsthall (2005–2009),Cornerteateret, Bergen Fringe Festival, Litteraturhuset i Odda og Cinemateket i Bergen. Ho har og vore medlem i ulike kulturrådsutval, for eksempel Ankernemda (2010–2012) og Rom for kunst (2018–2020).

Eikemo var medlem av Kulturutredninga 2014 underAnne Enger si leiing.

Utmerkingar

Bibliografi

  • Vi er brødrene Eikemo(Samlaget 2024)
  • Team Tuva (Roman, Samlaget 2021)
  • Hardanger(Noveller, Samlaget 2019)
  • Hjemlandet(medforfatter) (Antologi, Aschehoug 2019)
  • Gratis og uforpliktande verdivurdering(Roman, Samlaget 2018)
  • Alt inkludert(Roman, Samlaget 2015)
  • Samtale ventar (Roman, Samlaget 2011)
  • Arbeid pågår(Roman, Samlaget 2009)
  • Samtidsruinar (Essays, Samlaget 2008)
  • Mellom oss sagt (Roman, Samlaget 2006)
  • Synd.no (medforfatter) (Samlaget 2001)
  • Her, no (Dokumentar og historie, Samlaget 1999)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Karlsvik, Mette; Mjør, Kåre Johan:Marit Eikemo iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Marit_Eikemo

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forNyere norsk litteratur

Janne Stigen Drangsholt
Professor, Universitetet i Stavanger
Universitetet i Stavanger
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp