Marianne Borgen
Faktaboks
- Fødd
- 2. juni 1951, Oslo

Marianne Borgen er ein norsk politikar forSosialistisk Venstreparti (SV). Ho varordførar iOslo frå 2015 til 2023. Ho vart den første ordføraren frå Sosialistisk Venstreparti i Oslo.
Bakgrunn
Marianne Borgen er fødd iOslo. Ho er utdannacand.sociol. vedUniversitetet i Oslo i 1979, med historie ogtysk i fagkrinsen. Borgen har vore avdelingssjef vedFylkesmannen i Oslo og Akershus,konsulent iKommunal- og arbeidsdepartementet og fagleg leiar hosBarneombodet. Ho har òg vore tilsett iRedd Barna.
Politisk karriere
Borgen blei aktiv iSosialistisk Venstreparti i 1970-åra og blei først vald inn i Oslobystyre for partiet i 1979–1983. Frå 1995 til 2023 hadde ho plass i bystyret, i fleire periodar som gruppeleiar for partiet. I Oslo bystyre har ho mellom anna arbeidd med kultur og utdanning, helse,samferdsel og miljø, og i perioden 2011–2015 var ho leiar av samferdsels- og miljøkomiteen.
Borgen blei vald til ordførar i 2015. Ho blei attvald i 2019, då SV meir enn dobla stemmetalet ved lokalvalet og fekk 9,1 prosent av stemmene i Oslo. I perioden 1989–2005 var ho ògvararepresentant tilStortinget for SV frå Oslo.
Politisk har ho markert seg i samband med bygginga av det nyeMunchmuseet og i arbeidet med å redusereklasseskilnadene, skape gode oppvekstvilkår og tryggebarnehagar.
Andre verv
Borgen var medlem av styra forAker sjukehus ogOslo universitetssjukehus fram til 2012, og ho har vore nestleiar i styret for Sjukehusklovnane og medlem av styret for gatemagasinet=Oslo.
I 2023 kom bokaMor Oslo. Marianne Borgen – fra drabantbyen til Rådhuset av Hanne Mauno.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.