Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon
Ørnesvingen, Geiranger
Ørnesvingen, Geiranger. Av/visitnorway.com.Avgrensa gjenbruk

Møre og Romsdal

Faktaboks

Administrasjonssenter
Molde
Innbyggjartal
270 600 (2024)
Landareal
13 840 km²
Høgaste fjell
Puttegga (1999 moh.)
Innbyggjarnamn
nordmøring, romsdaling, sunnmøring
Kommuner i Møre og Romsdal
Kart over kommuner i Møre og Romsdal fylke
Kommuner i Møre og Romsdal
Av.

Møre og Romsdal er eit norskfylke som omfattar kysten fråVanylvsfjorden innanforStad i sør til øyaSmøla og Tjeldbergodden iAure på fastlandet i nord, og dessutan fjord- og fjellområda innanfor. Fylket grensar i nordaust og aust motTrøndelag, i søraust motInnlandet, i sør motVestland og i nordvest motNorskehavet.

Ei vanleg inndeling av fylket er den gamle fogderiinndelinga iSunnmøre,Romsdal ogNordmøre. Grensene mellom desse områda er noko modifiserte i kjølvatnet av kommuneendringane i siste halvdel av 1900-talet og seinare. For endringane i 2019 (Rindal) og 2020 (Volda,Halsa) gjeld det også grensene mot nabofylka.

Møre og Romsdal fylke fekk fast og eintydig geografisk avgrensing i 1704 etter å ha hatt ei noko uklar og varierande avgrensing og forvaltning frå 1660-åra då fylka (før 1919 kallaamt) vart etablert etter ateineveldet vart innført iDanmark-Noreg. Også namnsetjinga på fylket har variert. Det heitte til dømes Romsdals amt før 1919 og Møre fylke i åra 1919–1935.

Natur

Møre og Romsdal fylke

Kart over Møre og Romsdal fylke før kommunesamanslåing og fylkesgrensejustering i 2020.

Reinheimen
Reinsflokk i Reinheimen.
Geiranger
Geiranger
Av.

I det meste av fylket er berggrunnengneisbergartar av grunnfjellsalder, men sterkt påverka i kaledonsk tid, sjåDen kaledonske orogenese. På Sunnmøre finst det lommer medolivin (dunitt) ogserpentin, dessutaneklogitt. Dette er djupbergartar som er trengde gjennom eller blottlagt vederodering av gneisdokkene.

I indre delar av Nordmøre, til dømes i delar av Sunndalsfjella ogTrollheimen og i eit belte austover frå Stangvikfjorden gjennomSurnadal til fylkesgrensa, opptrer sterkt omdannakambrosilurbergartar, ein går ut frå det store trønderske området med berggrunn av kaledonsk opphav. På Smøla finn eindiorittbergarter,gabbro og omdanna kambrosilurbergartar.

IRaudsand på vestsida av Tingvollfjorden i Romsdal var det drift påjernmalmførekomstar fram til 1982 iRødsand Gruber, og iVanylven er det drift på ein olivinførekomst som er blant dei største i Europa. Begge førekomstane ligg i det prekambriske gneisområdet.

Berggrunnen i fylket vart under den kaledonske fjellkjedefaldinga pressa saman ved trykk frå nordvest, slik at det vart danna strøkretningar sørvest–nordaust. Samtidig vart det danna sprekkar på tvers av lengderetninga. Erosjonskreftene har, først og fremst itertiær etter at den skandinaviske landsblokka vartheva, grave i desse strøk- og brotlinjene, og det vart på den måten danna eit forgreina system av djupe dalar og fjordar mellom høge og bratte fjellparti, og med ei rekkje store og små øyar utanfor.

I alle dei tre hovudområda av fylket når fjella over 1900 meter over havet:Puttegga på Sunnmøre (1999 meter over havet), Karitind (1982 meter over havet) på grensa mellom Sunnmøre og Romsdal ogStorskrymten (1985 meter over havet) på Nordmøre, på fylkesgrensa mot Trøndelag og Innlandet. I Romsdal er Kleneggen (1964 meter over havet) høgast.

Mest kjent av fjellområda i Møre og Romsdal er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider avHjørundfjorden og Tafjordfjella frå botnen avTafjorden og sørvestover motReinheimen nasjonalpark.

Rundt 55 prosent av fylkesarealet ligg over den klimatiskeskoggrensa, som stig frå cirka 200 meter over havet i dei ytre bygdene til cirka 600 meter i dei indre. Flatare område finst nedst i dalbotnen i dei mange korte dalane, i Sunndalen og Romsdalen, som har flate strekningar langt innover, og i den breiare Surnadalen. Større samanhengande lågland blir danna av strandflata i dei ytre delane mot kysten. Mykje av det er myrlendt, som ut mot kysten langsHustadvika, på øyaGossa iAukra og påSmøla. Av fylkesarealet er 4,3 prosent dyrka jord, 30,8 prosentskog, 3,8 prosentmyr og 0,6 prosent varigsnø og is.

Befolkning

Møre og Romsdal fylke

Møre og Romsdal fylke. Veidholmen i Smøla kommune på Nordmøre.

Av/KF-arkiv ※.
Møre og Romsdal – Kommuner og befolkningsutvikling i 2020.

Møre og Romsdals busetjingshistorie går tilbake til dei første steinalderbusetjingane i Noreg. Fosnakulturen har namnet sitt fråKristiansund, der dei første funna frå eldresteinalder vart gjorde i 1909. Sidan har det blitt gjort ei rekkje funn, dei aller fleste i ytre strøk.

I 1801 hadde Møre og Romsdal 57 300 innbyggjarar, 6,5 prosent av den samla befolkninga i landet. Sidan har fylkets del av folkemengda i landet – med unntak av perioden 1845–1875 – vist nedgang. Andelen var 6,4 prosent i 1875 og 6,1 prosent i 1900. Bak nedgangen i denne perioden ligg flyttinga til dei større byområda her i landet, men framfor altutflyttinga til Amerika. Nedgangen i fylkets del av befolkninga i landet heldt fram under det økonomiske tilbakeslaget imellomkrigstida, men vart deretter følgd av ein lang periode med ein relativt sett stabil del av befolkninga i landet. Fylket hadde 5,9 prosent av befolkninga i landet i 1950 og 5,8 prosent i 1970. Sidan har andelen gått tilbake. Han var gått ned til 5,4 prosent i 2001 og 5,1 prosent i 2015, og i 2020 var andelen berre 4,9 prosent (med ny fylkesinndeling).

Sjølv om Møre og Romsdals befolkningsandel stort sett har vore i nedgang, har folketalet i absolutte tal heile tida auka. I dei 200 åra frå 1801 til 2001 auka folketalet i fylket med 226 prosent, gjennomsnittleg 0,7 prosent årleg, og i tiårsperioden 2010–2020 med gjennomsnittleg 0,6 prosent årleg, mot 1,0 prosent i heile landet.

Etterandre verdskrigen har Sunnmøre og Romsdal hatt sterkast befolkningsvekst og dermed aukande andel av folketalet i fylket. Sidan slutten av 1970-åra har dette gitt Sunnmøre over halvparten av befolkninga i fylket, og i 2020 var Sunnmøres andel auka til 55,9 prosent mot 23,7 prosent i Romsdal og 20,4 prosent på Nordmøre (etter den nye kommuneinndelinga).

Eit anna aspekt ved befolkningsutviklinga i Møre og Romsdal er at ho stort sett går føre seg i og omkring dei største byane/tettstadene.

Busetning og urbanisering

Ålesund
Ålesund er fylkets største by.
Volda sentrum
Volda sentrum
Av.
Molde sentrum med stadion og kulturhuset

Busetjinga i Møre og Romsdal er relativt tett på strandflata, det vil seie i låglandet på kysten, til dels også innover langs enkelte av fjordane og i dei lågare deler av dalføra innanfor. Ein stor del av befolkninga i fylket bur påøyar. Av dei 26 kommunane i fylket (frå 2020) ligg sju i sin heilskap på øyar, mellom annaKristiansund. Dei indre delane av fylket, som i stor grad er fjellområde, er svært tynt busett.

Av befolkninga i Møre og Romsdal bur 73 prosent i til saman 87 tettstader (2019). Til samanlikning var tettstadsandelen for landet samla sett dette året 82 prosent. Dei tre største tettstadene er (folketal 2019): Ålesund, som omfattar den samanhengande tettgrenda Ålesund–Spjelkavik–Langevåg (53 234), Molde (21 103) og Kristiansund (18 273 innbyggjarar). Dei ligg alle ved utløpet av kvart sitt fjordsystem og er regionssenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. 17 tettstader til i fylket har over 2000 innbyggjarar.

Kommunar

Det er 27 kommunar i Møre og Romsdal. Ålesund kommune har høgast folketal (22 % av innbyggjarane i fylket), Sunndal har størst landareal (12 % av arealet i fylket).

Nr.KommuneFolketallLandarealAdministrasjonssenter
1505Kristiansund24 40486 km²Kristiansund
1506Molde32 8161 435 km²Molde
1508Ålesund58 509353 km²Ålesund
1511Vanylven3 026365 km²Fiskå
1514Sande2 43890 km²Larsnes
1515Herøy8 968118 km²Fosnavåg
1516Ulstein8 86195 km²Ulsteinvik
1517Hareid5 32277 km²Hareid
1520Ørsta10 958650 km²Ørsta
1525Stranda4 348845 km²Stranda
1528Sykkylven7 617329 km²Aure (Sykkylven)
1531Sula9 72057 km²Langevåg
1532Giske8 69140 km²Valderhaug
1535Vestnes7 147399 km²Vestnes
1539Rauma7 2991 390 km²Åndalsnes
1547Aukra3 67861 km²Falkhytta/Aukra
1554Averøy5 955173 km²Bruhagen
1557Gjemnes2 700371 km²Batnfjordsøra
1560Tingvoll3 041322 km²Tingvollvågen
1563Sunndal7 2271 648 km²Sunndalsøra
1566Surnadal5 9531 315 km²Skei
1573Smøla2 159261 km²Hopen
1576Aure3 408622 km²Aure
1577Volda11 093834 km²Volda
1578Fjord2 4921 144 km²Sylte
1579Hustadvika13 437508 km²Elnesvågen
1580Haram9 357254 km²Brattvåg

Tettstader

EtterSSBs definisjon er 89 tettstader i Møre og Romsdal. 74 prosent av innbyggjarane i fylket bur i ein av desse tettstadene.

Dei ti største tettstadene er:

TettstadInnbyggjararAndel*Areal
Ålesund55 38620 %Ålesund,Sula
Molde21 8548 %Molde
Kristiansund18 1037 %Kristiansund
Ørsta7 5683 %Ørsta
Volda7 0333 %Volda
Ulsteinvik6 1642 %Ulstein
Aure4 4132 %Sykkylven
Nordstranda4 3162 %Giske
Sunndalsøra4 1102 %Sunndal
Fosnavåg3 5241 %Herøy

* Andelen av innbyggjarane i Møre og Romsdal fylke som bur i tettstaden.

Næringsliv

Jord- og skogbruk

Surnadal

Surnadal. Utsikt over Surnadalsøra. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av/KF-arkiv ※.

Vilkåra forjordbruk er varierande i Møre og Romsdal. Mange stader er det små samanhengande jordbruksareal og små bruk, særleg på Sunnmøre. I dei midtre og indre strøka av Nordmøre og på Romsdalshalvøya er det mange stader gode jordbruksområde med bruksstorleik om lag som landsgjennomsnittet. For fylket sett under eitt var gjennomsnittleg jordbruksareal per driftseining i 2019 på 215 dekar mot 252 dekar for heile landet.

Ein god del tungdriven jord og små driftseiningar har gått av bruk i fylket samtidig som det har vore ein god del nydyrking. Særleg Romsdal og Nordmøre har store reservar med dyrkbar jord, og ein reknar med at fylket har rundt åtte prosent av dyrkingsreservane i landet. Den viktigaste driftsforma er husdyrhald, og heile 97 prosent av jordbruksarealet vart i 2019 brukt til grasproduksjon ogbeite. Korndyrkinga er liten og utgjer berre 2,0 prosent av jordbruksarealet (2019).

Storfe er det viktigaste husdyrslaget. Møre og Romsdal har, etter Rogaland flest kyr i forhold til jordbruksarealet med 129 storfe per 1000 dekar mot 89 i landet samla sett (2019). Det blir halde ein delsau på Sunnmøre også, samt nokogeit. Møre og Romsdal er etterVestland ogTroms nummer tre av fylka i landet etter talet på geiter.

Smøla har betydeleg dyrking avgrønsaker på friland. I dei midtre og indre bygdene på Sunnmøre blir det dyrka noko bær og frukt, ikkje minst har Fjord storfrukt- ogbærdyrking. Også Molde har ein del bærdyrking, og har dessutan størst veksthusareal i fylket.

Av dei 4420dekar medskogareal i fylket (2020) er litt under to tredelar klassifiserte somproduktivskog. Størst økonomisk betydning har denne på Nordmøre og i enkelte bygder i Romsdal, mentilveksten for fylket samla sett er forholdsvis låg. I 2022 vart det i fylket samla sett avverka 259 670 kubikkmeter tømmer for sal. Av dette utgjordegran 88 prosent.

Fiske

Fiske er ei viktig næring i Møre og Romsdal, og fylket har, etterNordland, flest registrerte fiskarar i landet (2018). Når det gjeld talet påfiskefartøy, har også Vestland fylke fleire enn Møre og Romsdal, men det er verd å merke seg at medan Møre og Romsdal har 10,5 prosent av fiskefartøya i landet, har fylket 28,5 prosent av dei største båtane (lengde over 28 meter).

Når det gjeld ilandførte fiskefangstar, er det berre Troms ogFinnmark som har større fangstar etter verdi enn Møre og Romsdal. I 2019 vart det ilandført fangstar til ein førstehandsverdi på 5353 millionar kroner eller 22,2 prosent av verdien av landets samla fangstar dette året.Torsk og liknande artar og dessutanpelagisk fangst, det vil seie fisk og andre organismar som lever i dei frie vassmassane, stod for høvesvis 33 og 58 prosent av førstehandsverdien av fangsten som vart ilandført i Møre og Romsdal.

I tillegg vart det i Møre og Romsdal i 2019 slakta oppdrettsfisk til ein førstehandsverdi av 10 121 millionar kroner, det aller meste laks. Verdien av den slakta oppdrettsfisken i Møre og Romsdal utgjorde dette året 14,5 prosent av den samla verdien for heile landet.

Endringar i fiskegrunnlaget og ny teknologi har ført til eit stort behov for tilpassingsevne. Fiskarane i Møre og Romsdal har vore pionerar i denne samanhengen, både når det gjeld å starte fiske i nye farvatn, som til dømes ishavsekspedisjonar, og når det gjeld nye fiskeformer, som til dømes fabrikktrålarar. Det blir i dag fiska både langs norskekysten, iNordsjøen,Norskehavet og i fjernare farvatn. Av fangsten ilandført i fylket går det meste til Ålesund, men også til mottaka i Hareid, Fræna, Sula og Herøy blir det ilandført betydelege mengder.

Industri

Hydro Sunndal
Norsk Hydros anlegg på Sunndalsøra er det største og mest moderne aluminiumsmelteverket i Europa.
Av/Norsk Hydro ASA.

Det var gruvedrift på jernmalm i Rødsand Gruber ved Tingvollfjorden i Nesset kommune fram til 1982. Det er ei rekkjekalk- ogmarmorbrot i fylket, særleg på Nordmøre og i Romsdal. I Vanylven på Sunnmøre er det betydelege olivinførekomster i drift.

Historisk har ein betydeleg del av industrien i fylket vakse fram avhusflid oghandverk. Konfeksjonsbedrifter vart tidlegare drivne ved leigesaum i heimane, ogmøbelindustri vaks fram frå småproduksjon. Med tida vaks det fram industrimiljø som vart karakteristiske for området.Konfeksjonsindustrien var framståande i Romsdal,trikotasjeindustrien i Ålesund og Sunnmøre elles, og møbelindustrien i fjordbygdene på Sunnmøre. Fiskeria har på si side gitt opphav til råstofforientert industri somsildolje-,hermetikk- ogklippfiskproduksjon og fiskevarefabrikkar.

Kraftutbygging har vore ein sterk impuls til industrireising i fylket, men likevel er det berreHydro Aluminium på Sunndalsøra som tilhøyrer den kraftkrevjande industrien. Primær jern- og metallindustri er på den bakgrunn avgrensa til 4,6 prosent av sysselsetjinga innan industrien i fylket (2019).

I 2019 hadde Møre og Romsdal 21 819 sysselsette i industrien og er med det nummer tre blant fylka i landet etter sysselsetjing bak Rogaland og Vestland. Næringsmiddelindustrien, med 16,6 prosent av fylkets sysselsette i industri (2019), har tyngdepunktet sitt på kysten av Sunnmøre, særleg i Ålesund og Giske, og på Stranda, likeins lenger nord i fylket, særleg i Molde og Hustadvika i Romsdal og Kristiansund og Averøy på Nordmøre.

Bransjane trevareindustri og møbelindustri omfatta i alt 9,9 prosent av industriens sysselsette i 2019. Sykkylven kommune, med mellom annaEkornes, har over halvparten av sysselsetjinga i fylket i desse to bransjane sett under eitt, 68 prosent av møbelindustrien åleine.

Verkstadsindustrien utgjer i alt 46,4 prosent av industrien i Møre og Romsdal etter sysselsetjing (2019), det aller meste i maskinindustri (18,3 prosent), bygging av skip og boreplattformer (14,5 prosent) og metallvareinndustri (9,9 prosent).

Eit av dei største industriprosjekta i 1990-åra, utbygginga av Heidrunfeltet påHaltenbanken, med ilandføring av naturgass tilTjeldbergodden i Aure kommune og ei vidareforedling avgassen i ein metanolfabrikk, eitLNG-anlegg og ein luftgassfabrikk med meir, vart fullført i 1997. Ilandføringsanlegget for gass fråOrmen Lange-feltetNyhamna i Aukra, eit av dei største industriprosjekta i Noreg nokosinne, starta drifta i 2007.

Skipsfart

Skipsfarten betyr relativt lite målt etter den samla tonnasjen som er registrert i Møre og Romsdal. Den samla registrerte flåten i Møre og Romsdal i så vel handelsflåten som flåten utanfor denne utgjer, både iNorsk ordinært skipsregister og iNorsk internasjonalt skipsregister, 1,02 millionar tonn (2019) eller 7,1 prosent av den samla registrerte tonnasjen i landet dette året. Som næring betyr likevel skipsfarten mykje i fylket, og i 2019 var 3033 personar i fylket sysselsette innan sjøfart. Dette svarer til 16,1 prosent av sysselsetjinga til sjøfarten i heile landet.

Turisme

Møre og Romsdal fylke

Møre og Romsdal fylke. Romsdalen ved Marstein. Trolltindane til venstre.

Av/KF-arkiv ※.
Møre og Romsdal fylke

Møre og Romsdal fylke. Frå Hjørundfjorden i Ørsta kommune, ein av fylkets mange vakre fjordar, omkransa av Sunnmørsalpane.

Av/KF-arkiv ※.

Blant fylkets viktigste turistattraksjonar er fjord- og fjellområda både påSunnmøre, mellom annaGeirangerfjorden,Hjørundfjorden ogSunnmørsalpene, iRomsdalen (fjellrekken på sørsiden avRomsdalsfjorden og Romsdalsalpene medTrolltindan) og påNordmøre, mellom anna Sunndalsfjellene iDovre-Sunndalsfjella nasjonalpark ogTrollheimen.

I fjellområda finnest fleire imponerande veganlegg somTrollstigen og vegen tilDalsnibba. Andre attraksjonar er Mardalsfossene iNesset (seMardøla), fuglereservatet påRunde, det nedlagtefiskeværetGrip utanforKristiansund ogAtlanterhavsvegen mellomAverøya og Hustadhalvøya. Fylket har flere større alpinanlegg, mellom anna på Ørskogfjellet mellomÅlesund ogÅndalsnes (seØrskog) og på Strandafjellet (seStranda).

I 2019 var det totalt ca. 2,8 millioner gjestedøgn i fylket. Av desse var rundt 1 million på hotell, medan 700 000 valde overnatting påcamping. Resten var fordelt på AirBnB, cruisebåtar og anna overnatting. I 2019 var til saman rundt 900 000 cruisepassasjerer innom fylket, fracruisebåtar som la til kai iGeiranger, Åndalsnes, Molde, Ålesund eller Kristiansund.

Energi

Overføringsnettet og hovudfordelingsnettet i fylket eigast avStatnett SF,Tafjord Kraft AS og noen andre større kraftføretak. Møre og Romsdal er nummer 4 av landets fylker etter kraftproduksjon, og berreVestland ogNordland produserar meir.

I fylket er det satt i drift trevindmølleparkar: ein påSmøla med samlet ytelse 150 megawatt (MW), ein påHaramøya med 34 megawatt og ein på Sandøy med 3,75 megawatt. Desse produserte i 2022 til saman 480 GWh, som er rundt 4 prosent av landets samla vindkraftproduksjon det året.

Samferdsel

Sundbåten
Sundbåten i Kristiansund er verdens eldste kollektivtrafikkrute i kontinuerlig drift, siden de startet opp med seilinger mellom øyene som utgjør Kristiansund by i 1876.
Sundbåten
Åndalsnes
Åndalsnes er fylkets eneste jernbanestasjon.
Av/Bahnbilder.
Godøy
Snøggbåtsambandet i Møre og Romsdal blir drive av det franskeigde reiarlaget Boreal Sjø AS.
Av/Bahnbilder.

Det sterkt oppskorne landskapet med fjordar og sund og mange øyar har gjort samferdselen i Møre og Romsdal vanskeleg. Fylket har likevel eit relativt tett vegnett, særleg i ytre strøk, og har i alt 3559 kilometereuropa-,riks- ogfylkesvegar (2019). Dette utgjer 6,1 prosent av det samla nettet i landet av slike vegar. Vegane blir samanbundne av eit utstrekt ferjenett. Dei siste tiåra er det satsa sterkt på store bru- og tunnelprosjekt for å redusere behovet for ferjer.

På Sunnmøre blir sambandet merka mellom Ålesund og dei folkerike øyane utanfor med mellom anna Ålesund lufthamn på Vigra (Vigrasambandet) og Eiksundsambandet som knyter Hareidlandet, Gurskøya og øyane i Herøy til fastlandet. Kvivsvegen mellom Volda og Hornindal har eliminert ei ferjestrekning på E39. På Nordmøre blir fastlandssambandet merka Krifast til Kristiansund.

Frå Ålesund går E136 via Åndalsnes til Dombås på E6, og frå Molde fører fylkesveg 62/riksveg 70 via Sunndalsøra til Oppdal på E6. Kristiansund har også samband via Sunndalsøra til Oppdal (riksveg 70), likeins via ferje over Halsafjorden til Trondheim (riksveg 70/E39). E39 bind fylket saman frå sørvest til nordaust og gir i tillegg til samband med Trondheim også tilknyting sørover til dei fleste av dei større tettstadene langs vestlandskysten. Åndalsnes er knytt til jernbanenettet gjennom Raumabanen til Dombås. Dette er den einaste jernbanestrekninga i fylket.

Dei tre store byane har flyplass:Ålesund lufthamn Vigra,Molde lufthamn Årø ogKristiansund lufthamn Kvernberget. I tillegg kjem småflyplassenØrsta-Volda lufthamn, Hovden, som ligg mellom dei to tettstadene.

Hurtigruten Bergen–Kirkenes anløper dei same tre byane, og dessutan Torvik på Leinøya i Herøy. Elles har Møre og Romsdal fleire lokale hurtigbåtruter, dei aller fleste med utgangspunkt i dei tre største byane i fylket.

Administrasjon, skular med meir

Molde er sete forstatsforvaltaren ogfylkeskommuneadministrasjonen. Møre og Romsdal består av 26 kommunar: 13 på Sunnmøre, 5 i Romsdal og 8 på Nordmøre.

Fylket svarer til Mørebispedømme, oppretta i 1983, som består av seksprosti: Ytre Nordmøre, Indre Nordmøre, Molde Domprosti, Indre Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre som i alt har 97 sokn.

Fylket omfattar dei firetingrettsdistrikta: Nordmøre, Romsdal, Sunnmøre og Søre Sunnmøre og eitt politidistrikt, Møre og Romsdal, som omfattar alle kommunane i fylket.

Politidistriktet består av 18 politistasjonsdistrikt og dessutan namsfuten og Ålesund (sjånamsmakt).

Det er 24 fylkeskommunalevidaregåande skular i Møre og Romsdal, inkludert to fagskular, og tre private vidaregåande skular. Ein av dei fylkeskommunale er den tidlegarelandbruksskulen på Gjermundnes i Vestnes.Folkehøgskulane står sterkt i fylket med seks skular; tre på Sunnmøre, éin i Romsdal og to på Nordmøre. Av dei seks folkehøgskulane byggjer fire på eit kristent gunnlag. Møre og Romsdal har vidare fleire høgskular:Høgskolen i Molde,Høgskolen i Volda,NTNU Ålesund (tidlegare Høgskolen i Ålesund) og BI-Møre i Ålesund med avdeling i Kristiansund.

Det ersjukehus i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda. Fylket har tre distriktsmuseum: Sunnmøre Museum i Ålesund, Romsdalsmuseet i Molde og Nordmøre Museum for Nordmøre. Dessutan er det fleire bygdemuseum, mellom anna Brudavolltunet i Ørsta, Volda Bygdetun og Garverimuseet,Tingvoll bygdemuseum og Smøla museum, og vidareIvar Aasentunet på grensa mellom Ørsta og Volda.

Dagsavisene i fylket erTidens Krav i Kristiansund,Romsdals Budstikke i Molde ogSunnmørsposten i Ålesund. I tillegg har fylket heile 16 lokalaviser som kjem ut 1–3 gonger per veke. Tolv av desse blir gitt ut på Sunnmøre, i høvesvis Ørsta, Volda, Sjøholt, Langevåg, Brattvåg, Ulsteinvik, Fosnavåg, Valldal, Stranda, Sykkylven, Vanylven og Valderøya. To kjem ut i Romsdal, høvesvis i Åndalsnes og Vestnes, og to i høvesvis Sunndal og Smøla på Nordmøre.NRK Møre og Romsdal har distriktskontor i Ålesund og lokalkontor i Molde og Kristiansund.

Historie og kultur

Slaget ved Hjørungavåg
«Uvêret under slaget i Hjørungavåg.» Teikning av slaget slikHalfdan Egedius førestilte seg det i 1897.
Kong Haakon VII og kronprins Olav.
Kong Haakon 7. og kronprins Olav under «Kongebjørka» i Molde da de søkte tilflukt under et tysk bombeattentat den siste helga i april 1940. Bildet er tatt av fotograf Per Bratland.

Møre og Romsdal er eit sentralt fylke når det gjeld utforskinga av norsk kystbusetnad i steinalderen. Fosna, det eldre namnet på Kristiansund, har gitt namn til den såkallaFosnakulturen, som strekte seg hovudsakleg frå Rogaland til Nordland. På buplassane, som er daterte til mellom 6000 og 8000 fvt., er det berre bevart reiskapar av stein og avfall etter reiskapsproduksjon.Flint var det viktigaste råstoffet.

Sagaene skildrar fleire stormenn frå fylket ivikingtida. IfølgjeSnorre Sturlason setteHarald HårfagreRagnvald Mørejarl til å styre både Sunnmøre, Nordmøre og Romsdal. Son hans,Gange-Rolv, er i tradisjonen blitt oppfatta som same person somRollo, som var hertug avNormandie. Begge skal ha vore fråGiske, som alt i folkevandringstida var eit maktsentrum i distriktet. Giskeætta var ei leiande stormannsætt i Noreg på 1100- og 1200-talet. Mot slutten av 900-talet stodslaget ved Hjørungavåg, der ein stor dansk hær skal ha blitt slått attende.

Tømmereksporten frå fylket var omfattande på 1600-talet. Frå slutten av 1700-talet vaks Ålesund, Molde og Kristiansund fram som byar og senter for kvar sinefutedøme. Kristiansund bygde seg opp påklippfiskeksport, med stor tilførsel avsaltfisk frå Lofoten, medan Ålesund blei senter for den ekspanderande fiskerinæringa på Sunnmøre. Frå slutten av 1800-talet auka det på med havfiske på Storegga, og fiskarane i fylket tok tidleg i bruk ny fangst- og fartøyteknologi. I 1904 brann storparten av Ålesund. Dennebybrannen er den verste brannen i Noreg nokon gong, rekna etter talet på nedbrende hus.

På Søre Sunnmøre oppstod tidleg eit ruralt intellektuelt miljø, dåSivert Aarflot i 1809 starta prenteverk på Ekset i Volda og gav utNorsk Landboeblad. Fire år seinare bleiIvar Aasen, grunnleggjaren av nynorsken, fødd påÅsen, eit lite stykke unna. I 1861 fekk Volda lærarseminar. Utdanningstradisjonen i bygda blei seinare vidareført gjennomHøgskulen i Volda, som er den største utdanningsinstitusjonen mellomBergen ogTrondheim.

I midten avapril 1940 gjekk britiske troppar i land på Åndalsnes. Planen var å ta att Trondheim frå deityske okkupantane gjennom ein «knipetongoperasjon». Operasjonen var mislukka, men regjeringa,kong Olav ogkronprins Harald greidde å rømme frå Sør-Noreg via Romsdalen og Molde. Gullbehaldninga tilNoregs Bank blei frakta same vegen (sjågulltransporten). Tyske fly bomba Åndalsnes, Molde og Kristiansund og gjorde store skadar.

Fylket har ei rekke faste festivalar. For Sunnmøre kan nevnastDei nynorske festspela iØrsta ogVolda, med sentrum påIvar Aasen-tunet i Hovdebygda. Årlig spelast det fleire historiske spel av ulike slag på Sunnmøre, mellom annaHerøy-speletKongens ring ogArthurspelet iSande. I Romsdal arrangerast årlegjazzfestivalen i Molde ogBjørnsonfestivalen iMolde, ein av landets aller største litteraturfestivalar. På Nordmøre kan nevnast ein årlig tovekers Kulturfest om sommaren og ei årleg operauke om vinteren, begge i Kristiansund, og det historiske speletFru Guri av Edøy, som spelast årleg påSmøla.

Namn og fylkesvåpen

Namnet Møre kjem avnorrønt mærr, idativ ogakkusativ mærir, ‘land', truleg samanheng med norrønt marr,‘hav', det vil seie 'landet ved havet' eller 'myrlandet'. Romsdal heitte i norrøn tid Raumsdalr, som har samanheng med elvenamnetRauma, kanskje av straumr, ‘straum'. Elvenamnet har antakeleg gitt namn tilfjorden og i sin tur tildalen og området.

Fylkesvåpenet vart vedteke i 1978, og har tre vikingskip i gull sett framanfrå mot ein blå bakgrunn. Dette symboliserer skipsleia som i tidlegare tider var den viktigaste ferdselsåra i fylket.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Døssland, Atle med flere (1990–1996):Fylkeshistorie for Møre og Romsdal, tre bind, Oslo: Samlaget.
  • Larsen, Pio, red. (1977):Møre og Romsdal: Bygd og by i Norge, Oslo: Gyldendal.
  • Olafsen-Holm, Jørgen (1939):Romsdals amt, Møre og Romsdal fylke, under kommunalt folkestyre.
Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Stokkan, John; Thorsnæs, Geir; Engerengen, Lars:Møre og Romsdal iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/M%C3%B8re_og_Romsdal

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forMøre og Romsdal

Per-Morten Tennøy

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp