Måløy
Faktaboks
- Innbyggjartal
- 3291 (SSB, 2023)
- Landareal
- 2,2 km²
- Tettstadsnummer
- 5682 Måløy

Måløy.

Fra Måløy. Bildet er hentet fra papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.
Måløy er eintettstad iKinn kommune iVestland. Tettstaden er ifølgjeSSBs definisjon 2,2 km², og har 3291 innbyggjarar (2023).
Tettstaden ligg på søraustsida av øyaVågsøy og har bystatus frå 1997.
Kystbyen Måløy var fram til 2020 administrasjonssenter i tidlegareVågsøy kommune i daværendeSogn og Fjordane fylke.
Næringsliv
Måløy er ei viktig fiskehamn med mykje industri knytt til fiskeri og fleire fiskeeksportfirma. Måløy er òg eit viktig kommunikasjons- og handelssenter.Måløybrua overUlvesundet på riksvei 15 går over til fastlandet. Måløy er stoppestad forHurtigruta.
Offentlege institusjonar og kultur
VedDeknepollen på fastlandet ligg Måløy vidaregåande skule med eit breitt linjetilbod, tre kilometer frå Måløy sentrum.
I Måløy kjem avisaFjordenes Tidende ut. Sør-Vågsøy kyrkje er ei langkyrkje av tre frå 1907.
Historikk
Måløy vart angripe av britiske og norske styrkar 2. juledag 1941 underMåløyraidet iandre verdskrig. KapteinMartin Linge miste livet.
Under ekstremværet Elsa i februar 2020 steig havnivået i Måløy til 286 centimeter over normal vannstand, og rekorden frå 1993 vart dermed slått.
Namn
Måløy er opphaveleg namnet på ei lita øy i sundet mellom Vågsøy og fastlandet. Namnet kjem truleg av norrøntmál, 'stemne, ting', det vil seie at øya har vore stemne- og/eller tingstad.

Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Starheim, Ottar & Terje Sølvberg:Måløy: brua og byen, 2003.
- Måløyraidet ble utført 27. desember 1941.AvMalindine E G (Lt), War Office.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.