Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Louise (kvinnenamn)

Skriven av

Louise er eitkvinnenamn som eravleidd av det franskemannsnamnetLouis.

Namnet har fleire variantar:Lois,Louisa, Louise,Luisa,Luise.

Namnedag er 25. august.Lovise ogLudvig har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnetLouise

Eit utval personar med namnetLouise, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 164 kvinner iNoreg som hadde Louise som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 89 jenter som fekk namnet Louise.

Av dei som heitte Louise i perioden 1900–2017, var det 82 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Louise. Dette inneber at 18 prosent hadde Louise som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Dei franske kvinnenamna var mest populære innanfor tidsrommet 1975–2009, til dømes Annette, Charlotte, Henriette, Jeanette, Yvonne, Renate, Madeleine og Mariell. Det franske Louise følgjer ikkje dette mønsteret, for namnet har vore mest brukt etter 2015. Dessutan hadde Louise den førre toppen på 1800-talet (1870–1874), noko som kan komme av kongeleg påverknad: dronning Louise avSverige og Noreg (1828–1871). Også seinare har Louise vore eit kongeleg namn: dronning Louise avDanmark (1851–1926), dronning Louise av Sverige (1889–1965) og Märtha Louise,norsk prinsesse fødd 1971.

Utvikling i bruk av namnet Louise frå 1800
Av/Store norske leksikon.
Lisens:CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Louise var mest brukt i Oslo og Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Louise på 1800-talet.
Av/Store norske leksikon.
Lisens:CC BY SA 4.0

Louise var mest brukt iOslo ogBergen. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar.)

Historisk bruk av namnet Louise
Av/Store norske leksikon.
Lisens:CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
VILKÅR FOR GJENBRUK:
avgrensa gjenbruk
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Alhaug, Gulbrand:Louise - kvinnenamn iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Louise_-_kvinnenamn

Bidra

Kommentarar (2)

skreivIdar Brekkå

Louise og andre avarter av navnet blir sagt å komme fra Ludvig og fransk/tysk opprinnelse. Men i Bibelen finner vi grekeren Timoteus bestemor Lois i 2.Tim 1, 5. Kan det ikke heller komme fra henne og dermed fra gresk? Vi det da ha en annen betydning om det oversettes fra gresk etymologi?

skreivIda Scott

Hei! Til høsten kommer nye og mer fyldige navnartikler. I mellomtiden kan jeg vise til «10 001 navn» av Gulbrand Alhaug. Her står det at Louise også kan være et bibelsk navn av usikkert opphav (hebraisk eller gresk). Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forJentenavn

Gulbrand Alhaug
Professor em. i namnegransking, UiT – Norges arktiske universitet
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonane som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp