Kristofer Janson
Faktaboks
- Fødd
- 5. mai 1841, Bergen, Vestland
- Død
- 17. november 1917, København, Danmark
- Verke
- Teolog og forfatter
- Familie
Foreldre: Kjøpmann og amerikansk konsul Helmich Janson (1804–68) og Constance Frederikke Sophie Neumann (1808–80).
Gift 1) 22.5.1868 med Drude Ulrikke Petrea Krog (18.10.1846–17.3.1934), datter av sogneprest Hans Jenssen Krog (1808–97) og Ingeborg Christine Endresen (1813–53), ekteskapet oppløst 24.3.1897; 2) 2.4.1897 med Georgine Louise Bentzen (f. 22.1.1861), datter av lensmann Carl Michael Bentzen (1831–1907) og Anne Barbara Coldevin Stabel (1835–73).
Sønnesønns sønn av Herman DidrichJanson (1757–1822); dattersønn av JacobNeumann (1772–1848).

Kristofer Janson i 1904. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.
Kristofer Janson var ein norskteolog, folkehøgskulelærar, diktar og unitarprest. Han var den første landsmålsforfattaren som fekkkunstnarløn avStortinget, og ein av dei aller første som gav ut religiøs litteratur pånynorsk.
Janson var fødd i ein bergenskkjøpmannsfamilie. Han vartcand.theol. i 1865, og i åra etter gav han ut fleire bondeforteljingar, skodespel og dikt. Han varmålmann frå ungdomstida og hjelpteHenrik Krohn medVestmannalaget ogFerdamannen.
I 1870-åra var Janson lærar vedfolkehøgskulen Vonheim iGausdal, men han tileigna seg teologiske synsmåtar som etter kvart skapte avstand til styraren,Chr. Bruun. Vinteren 1879–1880 var han på talarferd iUSA, og i 1881 vart han ordinert tilprest for ei unitarkyrkje iMidtvesten. I 1893 flytta han tilNoreg att og grunnla på nyåret 1895 Broderskabets Kirke iKristiania.
På sine eldre dagar heldt Janson mange foredrag i folkeakademia og skreiv fleire bøker både pånynorsk ogbokmål. Av den store produksjonen er det eitt dikt mange nordmenn framleis kjenner, nemleg «Hu hei! kor er det vel friskt og lett oppå fjellet!».
Han var gift medDrude Janson.
Bergensk målmann
Kr. Janson høyrde til ein venekrins av unge, velståande bergensarar som tidleg vart overtyddemålmenn. Som fersk student reiste han i 1859 til hovudstaden og talte i russelaget på ein måte som fekkA.O. Vinje til å skryte av «det fagraste Hardangermaal, som kan høyrast». Etterembetseksamen i 1865 dreiv han nokre år med undervisning og litterær verksemd i Bergen. Han var med på skipinga av Vestmannalaget i 1868 og skreiv fleire dikt til Ferdamannen.
Populær lærar
Frå 1869 til 1878 var Janson lærar ved Chr. Bruuns folkehøgskule i Gudbrandsdalen. Saman med kona Drude Krog gjekk han til arbeidet med liv og sjel, og han tok seg mykje av dei unge også utanom timane: «Med det friske, lyse lyndet sitt, den barnlege trua og entusiasmen, hadde Janson lett for å vinne elevane» (Torjusson).
Same våren somElias Blix gav ut dei første salmane pålandsmål, gav Janson ut dei førstepreikene:Tri Preikor fyre det norske Landsfolket. Begge bøkene var viktige pionerarbeid som fekk stor utbreiing. Mykje tyder på at Janson også var den første som preika på nynorsk under eigudsteneste. Det var i Fåberg kyrkje 7. januar 1872. Men både målstrevet oggrundtvigske sympatiar gjorde at lokale prestar seinare nekta han å preike i kyrkjene.
Dikt, romanar og skodespel
Heilt frå studietida skreiv Janson dikt og forteljingar.Bjørnstjerne BjørnsonsSynnøve Solbakken inspirerte han til å skrive om bygdekulturen på folkespråket. Bøkene hans fekk ein stor lesarkrins. Dei kom i stadig nye opplag, og somme vart sette om ikkje berre til nordiske språk, men òg tilengelsk,tysk ogitaliensk.
I 1876 vedtok Stortinget med 77 mot 30 røyster å løyve offentleg diktarløn til Janson. Dei andre som hadde fått det, varHenrik Ibsen,Bjørnstjerne Bjørnson ogJonas Lie. Janson var den første landsmålsforfattaren som fekk oppleve slik ære, og eit av argumenta var «ønsket om at bringe en stor Aand, som nu er henfaren, et Forsoningsoffer, – jeg sigter til Aasmund Olavsson Vinje» (juristen og venstremannenWalter Scott Dahl i stortingsdebatten 1.4.1876).
Unitarismen og Broderskabets Kirke
Jansons opne religiøse haldning skapte avstand ikkje berre til eitkonservativt norsk presteskap, men etter kvart også til mange av venene i folkehøgskulen. Gjennom Bjørnson vart han kjend med moderne bibelkritikk, og han byrja òg å interessere seg for amerikansk unitarteologi.
Unitarane legg så sterk vekt på at Gud erein, at dei forkastar kyrkja si tradisjonelle treeiningslære. Jesus er heller eit idealmenneske enn ein guddom. Dei vil vere udogmatiske og framhevar at trua vert gitt i møtet mellom Gud og det einskilde mennesket. Janson mislikte alle statskyrkjelege tvangsordningar, og han prisa den religiøse fridomen i Amerika.
I 1881 vart Jansonordinert i unitarkyrkja iChicago, og deretter verka han i tolv år som prest for slike kyrkjelydar iMinneapolis og områda rundt. Verksemda hans iAmerika og publikasjonar somHar Ortodoksien Ret? (1886) førte til debatt og fleire motskrift heime i Noreg.
Etter åra i USA skipa Janson i 1895 den unitariske Broderskabets Kirke i Kristiania. I preikene der tok han gjerne utgangspunkt i samtidslitteraturen, og hausten 1899 inviterte hanIvar Mortensson til å tale på landsmål i gudstenesta. Då var kyrkjelyden alt splitta fordi mange la meir vekt på det etiske enn det åndelege, og Janson skal på den andre sida ha søkt motspiritismen.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Halvorsen, Jens B. (1892): «Janson, Kristofer Nagel»,Norsk forfatter-lexikon, nr.3. Kristiania: Den Norske Forlagsforening
- Handagard, Idar (1925): «Kristofer Janson», Syn og Segn. 1925
- Heidelberg, Knut K.S.M. (2006):Frisinnet kristendom : unitarismen i Norge 1893-1937. Masteroppgåve. Det teologiske menighetsfakultet
- Janson, Kristofer (1876): «Fra Gausdal», Oplandenes Avis nr. 33, 22.4.1876
- Janson, Kristofer (1913):Hvad jeg haroplevet. Livserindringer. Kristiania: Gyldendal
- Torjussen, Aslak (1977):Den norske folkehøgskulen : opphav og grunnlag. Oslo: Det Norske Samlaget
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.