Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Kopervik (tettsted)

Skriven av

Faktaboks

Uttale

kåpperviːk

Etymologi

av uvisst opphav

Innbyggjartal
11 700 (SSB, 2023)
Landareal
7,7 km²
Tettstadsnummer
4706 Kopervik

Kopervik er eintettstad iKarmøy kommune iRogaland. Tettstaden er ifølgjeSSBs definisjon 7,7 km², og har 11 700 innbyggjarar (2023).

Kopervik er administrasjonssenter iKarmøy kommune. Tettstaden ligg på austsida av øyaKarmøy, ved munninga av den vel 1½ km lange Eidsvågen iKarmsundet. Den ytre delen av Eidsvågen, til vanleg kalla Vågen, utgjer hamna i Kopervik. Sør for Vågen ligg størstedelen av busetnaden og den korte Stangalandsvågen med småbåthamn. Tettstaden strekkjer seg tvers over Karmøy og omfattar ògVeavågen på vestsida.

Kopervik er den største tettstaden i Karmøy kommune og eit viktig handels- og kommunikasjonssentrum. Staden har omfattande industri som i stor grad er knytt til fiske og sjøfart, mellom anna fiskeforeidling, mekaniske verkstader og skipsbyggjeri, i tillegg til noko trevareindustri. I Kopervik harKystverket losstasjon (Kopervik losstasjon), og her ligg Kopervik vidaregåande skule.

Historikk

Vågen inn frå Karmsundet har gode hamneforhold. Her voks det på 1700-talet opp ein liten strandstad på storgardenStangalands grunn.

Under den gode sildeperioden frå 1820-åra voks Kopervik som hamn og salteristad. Men først då Haugesund vart gjort tilkjøpstad 1866, vart Kopervikladestad ogbykommune ved utskilling frå den dåverandeAvaldsnes kommune.

Karmøy kommunestyre vedtok i 1996 at Kopervik igjen kan nytte nemningaby.

Kart

Kopervik
Kopervik
Av/Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Thorsnæs, Geir; Lauritzen, Per Roger:Kopervik - tettsted iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Kopervik_-_tettsted

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forKarmøy

Per Roger Lauritzen

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp