Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Knarvik

Skriven av

Faktaboks

Innbyggjartal
6590 (SSB, 2023)
Landareal
3,9 km²
Tettstadsnummer
5245 Knarvik

Knarvik er eintettstad iAlver kommune iVestland. Tettstaden er ifølgjeSSBs definisjon 3,9 km², og har 6590 innbyggjarar (2023).

Knarvik er administrasjonssenter iAlver kommune, og ligg på nordsida av Salhusfjorden, lengst sørvest på Lindåshalvøya. Knarvik tettstad omfattar òg den samanhengande, bymessige busetnaden nordvestover langs Kvernafjorden i Isdalstø ogAlversund.

Knarvik er regionsenter forNordhordland. Her ligg eit større forretnings- og servicesenter og mykje småindustri, likeins Knarvik Industri og Miljø AS, ei verna bedrift med eit breitt spekter av produkt og tenester. Knarvik er òg eit skulesenter med mellom anna vidaregåande skule.

AviseneStrilen ogNordhordland kjem ut i Knarvik.

Ferjesambandet over Salhusfjorden mellom Knarvik og Steinstø var fram til opninga avNordhordlandsbrua på E39 mellomHordvik iBergen kommune ogFlatøy i dåverandeMeland kommune (1994) den travlaste ferjestrekninga i landet målt i talet på bilar transportert årleg.

Kart

Knarvik
Knarvik
Av/Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Store norske leksikon (2005-2007); Thorsnæs, Geir:Knarvik iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Knarvik

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forAlver

Per Roger Lauritzen

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp