Khubilai khan
Faktaboks
Khubilai Khan
keisar Shizu av Yuan (kinesisk Yuán Shìzǔ 元世祖)
- Fødd
- 23. september 1215
- Død
- 18. februar 1294, Beijing

Khubilai-khan er måla like etter sin død i 1294, slik han såg ut på 1260-talet, av Anige, ein nepalesisk astronom målar og venn av Khubilai-khan.
Khubilai khan var einmongolsk herskar som òg grunnlaYuan-dynastiet iKina. Han var barnebarn avDjengis khan og stor-khan idet mongolske verdsriket frå 1260. I namnet herska han over det største samanhengande riket verda nokon gong har sett. I praksis var makta hans avgrensa til dei austlege delane av riket.
For å prove sin rett på storkhan-trona var Khubilai sitt styre prega av ekspansjon.Korea vart ein lydigvasallstat, medan forsøka på å taJapan og delar av noverandeIndonesia mislukkast totalt. Den største bragda var nedkjempinga av Kina, den fremste økonomiske makta i verda på den tida.
I så vel kinesisk som vestleg og mongolsk historieskriving har Khubilai khan vore hugsa som ein generelt svært kompetent monark. Mest lovprisande av alle var handelsmannenMarco Polo, som gjekk inn i teneste under stordomstida til khanen på 1270-talet og kalla han «utan tvil den største herskaren som nokon gong har levd.»
Bakgrunn
Khubilai vart fødd i 1215, same år somDjengis khan for alvor byrja erobringa av Nord-Kina med å hærtaBeijing. Han var son av Sorghaghtani Beki og Tolui, fjerde (legitime) son av Djengis khan. Tolui vart sett til å styre dei austlegaste delane av det mongolske riket då Ögödei tok over som storkhan (mongolskkhagan) etter at Djengis khan døydde i 1227.
Som nevø av Ögödei var Khubilai langt bak i arverekkja til storkhan. Likevel synte han seg raskt som ein dyktig og ambisiøs administrator i dei vesle områda i Nord-Kina han fekk råde over som mongolsk prins. Mora innførte han i kinesisk kultur og fekk han til å respektere livsførselen til dei lokale bøndene. Dette gjorde at Khubilai vart relativt godt likt av kinesarar, i motsetnad til dei flestemongolar. Han gjorde det til ein vane å ha kinesiske lærde kring seg i hoffet, både då han vart il-khan i Nord-Kina og deretter storkhan idet mongolske riket.
Khubilai gifta seg i 1239 med Chabi, som seinare skal ha vore ein viktig innverknad ved hoffet – synt til dømes i den statlege sponsinga avbuddhismen. Dei fekk fire born.
Storkhan og keisar av Kina
Då Möngke, storebror av Khubilai, overtok trona i 1251, sette han Khubilai til å styre Nord-Kina, som mongolane hadde erobra fråjursjenarane innan 1234. Merittlista og maktbasen herifrå gjorde han i stand til å overta som storkhan då Möngke brått døydde i 1259. Men maktkampen med veslebror Arigh på starten av 1260-talet førte til einborgarkrig som mellom anna resulterte i eitfragmentert mongolsk rike. I praksis herska Khubilai difor berre over dei austlege delane av riket:Mongolia, Kina,Mandsjuria,Tibet og Korea.
Den kinesiske delen vart dramatisk utvida under styret til Khubilai. Alt i det første året som storkhan gjorde han ambisjonane sine kjende ved å namngje regjeringstida si i kinesisk stil. I 1279 kapitulerte dei siste restane avSong-hoffet, og Khubilai vart keisar av heile Kina – som den første ikkje-kinesaren i historia – under dynastinamnetYuan. Frå det året og heilt til Khubilai døydde i 1294, var det få opprør mot mongolsk styre i Kina.
Kina under herredømet til Khubilai khan er skildra avMarco Polo, som i 1275–1292 skal ha oppheldt seg vedhoffet hans.
Tilbakeslag ute: nye freistnadar på ekspansjon
Korea vart òg bringa inn i den mongolske falden under Khubilai. Sidan dei koreanske herskarane i mindre grad ennSong-Kina motsette seg mongolsk overhøgd, let Khubilai dei bli ved trona mot at dei gavtributt og hjelpte mongolane motJapan.
Han ville ha Japan inn i same tributtforhold som Korea, men utsendingane hans møtte kalde skuldrer og jamvelavretting. Khubilai svara med å freiste å hærsetje Japan slik som han hadde teke Song-Kina, men desse maritime invasjonane lei spektakulære nederlag.
Likevel gav Khubilai mot slutten av livet klarsignal til ein ny enorm invasjon til sjøs, denne gong motJava i noverandeIndonesia i 1292 – med like lite hell.
Angrepa mot rika i noverandeVietnam,Kambodsja ogMyanmar gjekk noko betre, men kostnadane var nok større enn gevinstane, som avgrensa seg til at dei anerkjente storkhanens overherredømme i namnet.
Eitt av problema til Khubilai var at han ikkje disponerte hærane til dei andre delane av det mongolske riket, og måtte basere invasjonsstyrkane på kinesarar. I Vest-Kina var det jamvel vedvarande problem med plyndringar fråDsjagatai-khanatet iSentral-Asia, styrt av fetteren til Khubilai, Kaidu.
Khubilai makta aldri å atterreise den mongolske samlinga som hadde herska under bror hans Möngke. Det gjorde heller ingen mongolske herskarar etter han.
Tilbakeslag heime: død
Dei militære nederlaga på slutten av livet til Khubilai fall saman med tilbakeslag på heimebane. I 1281, like før den andre invasjonen av Japan, døydde keisarinna Chabi. Fire år seinare døydde uventa kronprinsen Jingim, som Khubilai hadde førebudd til storkhantrona i lang tid. Også fleire av dei mest trufaste kinesiske rådgjevarane hans døydde i løpet av 1280-talet.
Ifølgje kinesiske historieskrivarar gjorde desse personlege ulukkene Khubilai meir passiv i forvaltinga av både riket og eige liv. Han vart sjukeleg overvektig og alkoholtørst – som igjen forverra helsa, prega av gikt. Han var 79 år gamal då han døydde vinteren 1294, etter 34 år på storkhan-trona.
Les meir i Store norske leksikon
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.