Ketil Solvik-Olsen
Faktaboks
- Fødd
- 14. februar 1972, Bryne, Rogaland

Ketil Solvik-Olsen er ein norskpolitikar fråFramstegspartiet (FrP) og tidlegarestortingsrepresentant forRogaland frå 2005 til 2013. Han varsamferdselsminister iregjeringa Erna Solberg frå 2013 til 2018 og nestleiar i Framstegspartiet frå 2013 til 2019 og sidan 2021.
Bakgrunn
Ketil Solvik-Olsen er fødd iTime iRogaland. Han gjekk påBrynevidaregåande skule i 1988–1989, varutvekslingselev iMichigan, USA i 1989–1990 og tokIB-linja (International Baccalaureate) ved St. Olav videregående skole iStavanger i 1990–1992. Han fullførtebachelorgrada si isamfunnsøkonomi ogstatsvitskap ved University of Toledo iOhio, USA i 1994–1996 og tokmastergrad i samfunnsøkonomi same staden i 1997. Solvik-Olsen var finansanalytikar ved reiarlaget Leif Höegh & Co i 1997–1998, deretter som prosjektleiar ved Møller US Import AS i 1998–2000 og prosjektleiar hos Leif Höegh & Co i 2000–2001.
Politisk karriere
Verv i FpU og FrP
Han blei aktiv iFramstegspartiets Ungdom (FpU) i 1988–1992 som styremedlem i Time FpU, Jæren FpU og Rogaland FpU. Han var formann i Helsfyr SinsenFrp i 2002, kassastyrar i Oslo Frp i 2002–2004 og leiar i 2004–2005. Han varvararepresentant i Oslobystyre i 2003–2005, varamedlem av Frpssentralstyre i 2005–2006 og blei 2. nestleiar i partiet i 2013.
Storting og regjering
Solvik-Olsen var spesialrådgivar forstortingsgruppa til Framstegspartiet i 2001–2005. For periodane 2005–2013 var hanstortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Rogaland. Som stortingsrepresentant frå 2005 engasjerte Solvik-Olsen seg for det meste i energi- og finanspolitikk. I åra 2005–2011 var han medlem avStortingetsenergi- og miljøkomité. Frå 2011 blei han finanspolitisk talsmann for Framstegspartiet, og frå 2011 til 2013 var han første nestleiar ifinanskomiteen på Stortinget.
Solvik-Olsen varsamferdselsminister iregjeringa Solberg frå 2013 til han flytta til USA i 2018. Av familiære omsyn ønskte ikkje Solvik-Olsen å bli renominert og attvalt som stortingsrepresentant i 2013. Han gjekk òg av som statsråd i 2018 av private grunnar. Etter eit utanlandsopphald kom han tilbake i politikken og vart igjen valt som nestleiar i 2021 under den nye partileiarenSylvi Listhaug.
Solvik-Olsen var ein av dåverande partileiarSiv Jensen sine næraste og mest fortrulege støttespelarar. Han blir rekna som ein av dei mest kunnskapsrike ogdebattsterke i partiet, med legning forideologisk tenking. Solvik-Olsen er bådeavhaldmann og nært knytt tilpinserørsla. Solvik-Olsen arbeider òg for meir ressursar til politi og helseføretak, betre vilkår for industrien og for å reduserebompengefinansieringa.
Solvik-Olsen har vore miljøpolitisk talsmann for Framstegspartiet og kritisk til at miljøproblema er menneskeskapte, men har kome med forslag om å forske på kjernekraft og meir vasskraftutbygging for å få ned utsleppa. Han melde seg ut avstatskyrkja i 2010 i protest mot at leiande personar i Kyrkja stod fram og åtvara mot oljeverksemd utanforLofoten,Vesterålen ogSenja.
Utgjevingar
Solvik-Olsen har gitt ut bokaPå vei (2019).
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.