Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Karine (kvinnenamn)

Skriven av

Karine er eitkvinnenamn som lengst bak har opphav i detgreskeAikaterine. Tydinga til namnet er usikker, men det vart tidleg sett i samband medgresk katharos som tyder ‘rein, kysk’.

Namnet har fleire variantar:Carina,Carine, Karina, Karine.

Namnedag er 22. oktober.Karianne ogKine har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnetKarine

Eit utval personar med namnetKarine, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 920 kvinner iNoreg som hadde Karine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Karine i perioden 1900–2017, var det 74 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Karine. Dette inneber at 26 prosent hadde Karine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Endinga -ine var mykje meir brukt enn -ina på 1800-talet, og dette kjem også fram i kurvene for for Karine og Karina. I siste halvdel av 1900-talet endra dette seg: Nå vart Karina – og stavevarianten Carina – populære. ISverige er Karina og Carina mykje meir brukte enn Karine og Carine. Det er trulegsvensk påverknad som ligg bak oppsvinget for Karina og Carina i siste halvdel av 1900-talet, for i Sverige låg både Karina og Carina på topp 1960–1964. Det kan elles nemnast at -ina er den vanlege endinga i Sverige, mens -ine er mest utbreidd i Noreg. Såleis vart den svensk-norske dronninga på 1800-talet omtalt som Josefina i Sverige, Josefine i Noreg. Ho levde frå 1807 til 1876.

Utvikling i bruk av namnet Karine frå 1800
Av/Store norske leksikon.
Lisens:CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Karine var mest brukt i Oppland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Karine på 1800-talet.
Av/Store norske leksikon.
Lisens:CC BY SA 4.0

Karine var mest brukt iOppland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Carine.)

Historisk bruk av namnet Karine
Av/Store norske leksikon.
Lisens:CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
VILKÅR FOR GJENBRUK:
avgrensa gjenbruk
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Alhaug, Gulbrand:Karine - kvinnenamn iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Karine_-_kvinnenamn

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forJentenavn

Gulbrand Alhaug
Professor em. i namnegransking, UiT – Norges arktiske universitet
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonane som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp