Jens Kristian Bratlie
Faktaboks
- Fødd
- 17. januar 1856, Nordre Land
- Død
- 15. september 1939, Oslo
- Verke
- Offiser og politiker
- Familie
Foreldre: Sakfører og lensmann Erik Bratlie (1814–90) og Bolette Sofie Meinich (1821–70).
Ugift.


Jens Kr. Bratlie
Jens Kristian Bratlie var ein norsk offiser og politikar forHøgre. Han var norsk statsminister frå 20. februar 1912 til 31. januar 1913.
Han vart statsminister og sjef forForsvarsdepartementet i 1912, men då vala same år gjekk regjeringa imot, måtte han i 1913 vike plassen for ei venstreregjering underGunnar Knudsen. Han var formann i Høgressentralstyre i åra 1911–1919.
I periodane 1900–1912 og 1916–1918 var Bratliestortingsrepresentant frå Oslo. Han var formann i militærkomiteen og øvde avgjerande innverknad påhærordninga av 1909. Han var medlem avSpesialkomiteen i 1905,odelstingspresident i perioden 1906–1909 ogstortingspresident i perioden 1910–1912.
Bakgrunn
Bratlie vart fødd iNordre Land i 1856. Faren var jurist og gardbrukar, men sonen valde å utdanne seg gjennom forsvaret.
Jens Bratlie var ugift og er den einaste norske statsministeren som ikkje har vore gift.
Offiser
Han vartkadett i 1873 ogoffiser i 1877. Tre år seinare var han ferdig med Den Militære Høiskole, og det ga han rett til å studere ved universitet, og i 1885 tok han juridiskembetseksamen. I 1889 vart han ekspedisjonssjef iForsvarsdepartementet, og i i 1893 vart hankaptein.
Bratlie vart generalkrigskommissær i 1898, og fekk dermed ansvaret for rekrutteringa avvernepliktige til forsvaret. Han oppnådde også rang avgeneral i forsvaret i 1911. I 1906 vart han i tillegg til generalkrigskommissær utnemnd tilgeneraladvokat for rettsvesenet til armeen. Bratlie tok avskjed som generalkrigskommissær i 1929.
Bratlie skreiv også fleire militærvitskaplege avhandlingar.
Politikar
I politikken kom han då han i 1900 vart vald tilstortingsrepresentant frå Kristiania og slo utBenjamin Vogt.Morgenbladet, der sonenNils Vogt var redaktør, og mange høgrefolk i hovudstaden kunne aldri tilgi han dette. Morgenbladet var Bratlies motstandar i heile hans tid som politikar.
På Den Militære Høiskole gjekk Bratlie i same klasse somGeorg Stang, den seinareVenstre-politikar og forsvarsminister. Dei to vart rivalar i politikken, og kjempa hardt om militærpolitiske spørsmål fram til 1903 då Stang gjekk av. Stang var nærast folkehelt fordi han sto i spissen for bygging avgrensefestningar og opprustinga mot Sverige, mens Bratlie vart tilsvarande upopulær fordi han gjekk til åtak på folkehelten.
I valperiodane mellom 1900 og 1909 var Bratlie leiar i militærkomiteen og Stortingets fremste ekspert på militærspørsmål. Utover dette fagfeltet engasjerte han seg lite. Bratlie kom også på kant medFredrik Stang, formannen i Høgre fram til 1911. Stang sto for ei vesentleg meir moderat konservativ line enn det Bratlie gjorde, og Stang hadde sin basis i næringslivs- og by-Høgre, mens Bratlie hadde støtte frå Vestlands-Høgre og frå bonde-Høgre.
DåWollert Konow ville ha Stang med i regjeringa si, så sastortingsgruppa, der Bratlie var sjef, nei til dette, sjølv om Stang hadde lyst til å delta. Stang kom likevel med som justisminister i Bratlie si regjering, og omtrent det einaste denne regjeringa rakk å fullføre i si korte funksjonstid, kom fråJustisdepartementet. Fredrik Stang utarbeidde mellom anna arbeidstvistlova som kom til å få svært mykje å seie i den konfliktfylte tida som arbeidslivet gjekk inn i. Stang, som var soneson til den storeFrederik Stang og son tilEmil Stang, trekte seg som formann for Høgre i 1911, og forsvann etter kvart ut av politikken og inn i jussen. Bratlie tok over som formann i Høgre og sat som det til 1919.
Statsminister
Då statsministerWollert Konow (SB) måtte tre tilbake i 1912 etter å ha talt varmt om målsaka i talen sin iBondeungdomslaget i Oslo, vart regjeringa rekonstruert under Bratlies leiing.
Personleg var Jens Bratlie motstandar av at Wollert Konow skulle gå av som statsminister på grunn av at han hadde kome med ei kjærleiksfråsegn tilnynorsken i talen sin, men fleirtalet i stortingsgruppa kravde avgang. Då Bratlie vart statsminister den 20. februar 1912, utnemnde han nynorskmannen, postmeisterEdvard Liljedahl, til ny kyrkjeminister. Det var takk for sist til Høgre-gruppa.
Høgre-gruppa i Stortinget hadde vona at dei fleste statsrådane fråFrisinna Venstre ville bli sitjande i regjeringa sjølv om Konow måtte gå, men slik gjekk det ikkje. Tre av dei frisinna statsrådane solidariserte seg med Konow, og Bratlie måtte difor bygge opp regjeringa på nytt. Ministeriet Bratlie viste vilje til å løyse kontroversielle saker som var splittande mellom Høgre og Frisinna Venstre, men oppnådde lite i Stortinget. Den korte funksjonstida er sjølvsagt hovudforklaringa på det.
Etter at regjeringa gjekk av 31. januar 1913, etter Venstres knusande valsiger, fall Bratlie ut av Stortinget fram til neste val. Som statsminister kunne han ikkje stille til val i 1912. Han kom inn att i 1916 og sat til 1918. Då konsentrerte han seg om jobben sin som generalkommissær.
Bratlie som person og politikar
«Han er den civileste general og den militæreste statsminister vort land har hat». Dette var karakteristikken av Jens Bratlie frå ein av hans portrettørar, venstre-historikarenWilhelm Keilhau. Keilhau seier også om Bratlie: «Hans politiske gjerning i vort folk karakteriseres bedre ved å fortælle hvad han har kjæmpet mod, end ved å fortælle hvad han har kjæmpet for, ved å skildre det han ikke har været med på, end det han har været med på». Keilhau overdriv nok, men har samstundes fått fram det som var Bratlies politiske grunnlag: Kampen mot ei utvikling han såg kome og som han ikkje likte. I den kampen var han avhengig av parlamentarisk styrke. Difor vart også samling og samarbeid på borgarleg side viktig for han.
Ein annan portrettør, Rannik Halle, skriv om Bratlie at «han var besatt av en nesten selvfornektende samlingspsykose i 1905 som under Konow-ministeriet og senere under Verdenskrigen». Bratlie var sterkt konservativ og sterk anti-sosialist og hamna då også iFædrelandslaget i 1920-åra.
Les meir i Store norske leksikon
Faktaboks
- KulturNav-ID
- 2c71e5a8-85f6-4f96-aa9c-da3e58a1436f
- Historisk befolkingsregister-ID
- pf01052055014938
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.
Fagansvarleg forNorges historie fra 1884 til 1940
