J (bokstav)

J er den tiande bokstaven i detlatinske alfabetet.
Faktaboks
- Uttale
jådd, jeː
J var ikkje brukt i det eldstelatinske alfabetet. Teiknet forj, ein forlengdi, vart brukt allereie på 1300-talet, og på 1600-talet var skiljet mellom detvokaliske i-teiknet og detkonsonantiske j-teiknet stort sett gjennomført.
Uttale i ulike språk
J (pånorsk kalla «jodd» eller «je») er inorsk og andrenordiske språk teiknet for einstemd,palatalapproksimant som vert skriven [j] med den internasjonale fonetiske lydskriftaIPA. Denne uttala har bokstavenj òg i mange andre språk:tysk,nederlandsk, deislaviske språka som bruker latinsk alfabet,latvisk,litauisk,albansk ogmaltesisk.
Påengelsk vert bokstaven uttalt om lag som «dsj» [dʒ] (stemdpostalveolaraffrikat), påfransk,katalansk ogportugisisk som ein stemd «sj»-lyd [ʒ] (stemdpostalveolarfrikativ) og påspansk som ein kraftig «h»-lyd [x] (ustemdvelarfrikativ).
Samansetjingar
Sambindingane (digrafane)gj oghj vert på norsk uttalte somj (til dømes igjere oghjul).
Les meir i Store norske leksikon
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.