Ivar Mortensson-Egnund
Faktaboks
Ivar Julius Mortensson-Egnund
Opphavleg Ivar Julius Mortensen, Mortensson-Egnund frå 1918
- Fødd
- 24. juli 1857, Alvdal i Folldal, Innlandet
- Død
- 16. februar 1934, Folldal, Innlandet
- Verke
- Prest, forfattar og språkmann
- Familie
Foreldre: Stortingsmann og gardbrukar Morten Mortensen (1816–1910) og Anne Petronelle Tangen (1822–1909).
Gift 13.7.1894 med Karen Nilsen (9.4.1866–15.5.1929), dotter til telegrafstyrar Christian Laurits Nilsen (1830–68) og jordmor Josine Berdine Ingvardsen (1845–1917). Namneendring til Mortensson-Egnund 1918. Bror til Per Mortenson (1855–1927; sjåNBL1, bd. 9).

Ivar Mortensson-Egnund varforfattar, bibelomsetjar,prest,redaktør,anarkist og gardbrukar. Han var svært interessert ireligionshistorie ogmytologi, og tidleg på 1900-talet sette han dei norrøneEdda-kveda om tilnynorsk.
Bakgrunn

Då Mortensson tok teologiskembetseksamen i 1883, skal han ha vore den første som bruktelandsmål ved den munnlege prøva. Han hjelpteArne Garborg medFedraheimen frå starten og varbladstyrar frå 1883.
Kristendomen var viktig for han, men han verdsette òg andre tradisjonar og var ofte kritisk til den etablerte kyrkja. I ein tiårsperiode frå slutten av 1880-åra forkynte hananarkistiske synsmåtar. I 1909 vart Mortensson ordinert tilprest, og han hadde stillingar både somstiftskapellan og somsokneprest fram til 1918. Deretter brukte han arbeidskrafta si på bibelomsetjing og andre litterære oppgåver.
Tidleg målmann
Alt frå slutten av 1860-åra gjekk Mortensson på skule i hovudstaden, og frå artiumstida var han nær ven med menn som Garborg ogMoltke Moe. Han vart inspirert avChristopher Bruuns folkelege grunntankar og reiste rundt i landet for å samlesegner ogfolkeviser.
I 1870- og 1880-åra var Mortensson av dei som gjorde mest praktisk arbeid formålsaka – gjennom skriving i Fedraheimen, målkurs iAsker ogKristiania og undervisning ved folkehøgskulen iSeljord.
Fridomspolitikk – og anarkisme
Som dei fleste målmenn i samtida høyrde Mortensson til påvenstresida i politikken. Han var oppteken av ei folkeleg frigjering frå embetsveldet og pengemakta. Ut gjennom 1880-åra vart han meirradikal, og Fedraheimen enda opp som organ for ein særeigen norsk «bygdeanarkisme».
For Mortensson handla det om at ei guddomleg naturlov fanst i alle menneske. Difor ville han ha minst mogleg tvang for individet, frie semjer i staden for lover, fritt «samnøyte» eller sambruk i staden for privat eigedom. Kyrkjer og skular skulle vere heilt frie i høve til staten eller andre autoritetar.
Å vere kristen og å vere revolusjonær såg Mortensson som to sider av same sak. I dei første 1890-åra reiste han over det meste avSør-Noreg og heldt eit par hundre foredrag om emne som «Kristendomen», «Fridomen» og «Matløysa» – og om Arne Garborg.
Bibelomsetjar, mytegranskar og prest
Allereie i studietida byrja Mortensson å setje ombibelske og andre religiøse tekstar til norsk landsmål. Han la seg nærmare austnorsktalemål enn dei trufasteIvar Aasen-tilhengjarane, og han la så stor vekt på å gi att poesien i tekstane at det stundom låg nærmare gjendikting enn direkte omsetjing.
Samstundes skal det seiast at det poetiskeer eit integrert og avgjerande element i mange av dei bibelske grunntekstane. Det gjeld ikkje minst profetbøkene og songane iDet gamle testamentet. I den første heileBibelen på nynorsk (somStudentmållaget gav ut i 1921) var det Mortensson som stod bak omsetjingane avHøgsongen,Joel ogAmos.
Etter «anarkistrida» kring 1890 og nokre år som gardbrukar fordjupa Mortensson seg ireligionshistoria og freista å finne samklang mellom gamle mytar frå Bibelen, Norden og det fjerne Austen. Vitskapleg vurdert var nok granskingane «meir fantasiflog og arbeidshypotesar enn klårt utforma meiningar, meir biletrike diktarsyner enn saklege resultat» (Olav Midttun). Men engasjementet ber tydeleg bod om Mortenssons opne og søkjande haldning til grunnspørsmåla i tilværet.
Som 42-åring tok han praktisk-teologisk eksamen og vart ordinert tilprest iDen norske kyrkja. Etter ei kort tid somstiftskapellan iHamar vart hansokneprest iFyresdal 1910–1914, deretter stiftskapellan med ansvar for nynorskgudstenester iKristiania og til slutt sokneprest iLøten 1916–1918.
Venesæl vismann og dugande diktar

Arne Garborg ved skrivepulten sin på Labråten i 1923. Dette er truleg det siste fotoet som blei tatt av Garborg. På veggen ovanfor skrivepulten heng eit bilete avIvar Aasen.
Mortensson er skildra som både alvorleg og morosam. Han var ein idealistisk tenkjar som ville alle vel. Talande i så måte er vitnemålet som biskopJens Tandberg gav han i 1916: «Tiltrods for sin tidligere virksomhed som redaktør for et 'anarkist-kommunistisk organ' er hr. Mortensson personlig en meget fredsæl og omgjængelig mand.»
Gjennom eit langt liv gjorde han ein stor innsats formålsaka i Noreg. Frå den vide litterære produksjonen kan nemnast utgreiingaBondeskipnad i Noreg i eldre tid, det historiske skodespeletVarg i veum, biografiar omIvar Aasen ogArne Garborg og diktsamlingaPaa ymse Gjerdom. Ein tekst av Mortensson som mange kjenner framleis, er «Flaumen går, i Noreg er vår».
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Bondevik, Jarle (2003):Og Ordet vart nynorsk.Soga åt den nynorske Bibelen. Bergen: Norsk Bokreidingslag
- Langen, Klaus (1957):Ivar Mortensson Egnund. Oslo: Det Norske Samlaget.Les hos Nasjonalbiblioteket
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.