Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Ingvar Moe

Skriven av

Faktaboks

Ingvar Moe
Fødd
11. desember 1936, Etne, Vestland
Død
2. september 1993, Trondheim
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Bakar Sigurd Moe (1912–68) og Brita Talette Amanda Hardeland (1911–91).

Gift 1963 med Wenche Doreen Høiberg (17.1.1944–), dotter av murar Ludvik Høiberg (1908–99) og Edle Hedvig Alviniussen (1912–2002), ekteskapet oppløyst 1991.

Ingvar Moe i 1988.

Ingvar Moe var forfattar,kåsør oghumorist. Han var ein opprørsk ogsatirisk diktar med ei særeiga stemme som skildra heimbygdaEtne med både kjærleik og kritisk blikk.

Bakgrunn

Moe blei fødd iEtne iSunnhordland iHordaland (noVestland). Han tok lærareksamen vedStord lærarskule i 1959 og arbeidde som lærar i ungdomsskulen i perioden 1960 til 1980, mellom anna iNøtterøy ogNodeland.

Forfattarskapen

Ingvar Moe debuterte som nyskapande «dialektdiktar» i 1975 med diktsamlingaløktastolpefrø og brukte dialekt i dei første bøkene. Seinare skreiv han eit dialektnært og personleg farganynorsk normalmål. Han gav ut over 20 bøker, skreiv både vaksenlitteratur ogbarnelitteratur, dikt,noveller, lærebøker for grunnskulen ved sida avkåseri,revytekstar og popsongar. Han var ein stor opplesar og underhaldar og ein kjend og kjær radiokåsør.

Tema

Detambivalente forholdet til heimbygda er grunntonen i Ingvar Moes dikting. Kritikk av dei negative sidene ved bygda, trongsyn, fordommar, sladdersjuke og framandfrykt, har solid tradisjon i norsk bygdemålsdikting. Ingvar Moe fornya og utvikla dette i nye sjangrar, imodernistiske og personlege dikt, og ioverrealistiske ogfabulerandeprosatekstar.

NovellesamlingaSommaren te Ingjeberr(1977), med undertittelen Bygdeprosa, er eit elegant ogironisk oppgjer med dømmesjuke og trongsyn i små samfunn, og med særlegsympati for dei utsette kvinnene. Også barne- og ungdomsbøkeneIngenting å vera redd for (1978),Det brenn(1980) ogTre døgn i uvisse (1983) er svært kritiske til det sosiale presset og den gamlenormene på bygda.

Som nittensyttitalsdebutant var Ingvar Moe ein politisk forfattar og ein litterær representant for frigjeringsrørslene i samtida, bygderørsle,målsak ogkvinnesak.

I solidariteten med kvardagsmenneske og brodden mot maktmenneske, «dei som har noko med det», minner han om vestlandsdiktarar somPer Sivle ogJakob Sande.

Beiske og såre dikt

Ingvar Moe kombinerer kritikken ogsatiren med kjærleik. Han er skarp og mild, beisk og varm på same tid. Den store appellen i diktsamlingane ligg i ei ærleg og sår sjølvframstilling og i den sterke viljen og evna til å kommunisere ved å setje ord på det som bygda ikkje vil seie høgt.

Mange av dikta iløktastolpefrø (1975) krinsar om barndomsminne. Det skarpe og sårbare barneblikket observerer og undrast og har det vondt i dei vaksne sitt lukka og strenge miljø. IFløttjevels bok(1977) treffer han sin eigengenerasjon ved å vere den rastlause og hudlause fråflyttaren som ser tilbake på skulegang oghybelliv og pinlege erfaringar med hybelvertinner og jenter.Himabrent (1979) er ei bok som også priser styrken og potensialet i folket heime.

Dikt i samling kom ut i 2016.

Barnebøker

I norsk barnelitteratur er Ingvar Moe ein nyskapande forfattar som bryt med denharmoniserande ogidylliserande framstillinga av livet på bygda. Han bryt også med denrealistiske skrivemåten i barnebøkene. «Oldemorbøkene» hans,Heia oldemor! Ei heilt vill forteljing(1984) og tre bøker etter denne, erburleske,fabulerande og fantastiske forteljingar om ei laussleppt og ellevill og svært uvanleg oldemor.

Humor

Ingvar Moe var ein språkkunstnar som leika med språket og sa mykje med få ord. Med stubbar og folkelivsskildringar frå bygdemiljøet, som i bokaNå skine det øve! (1988), byggjer han på den folkelege talen og dei munnlegesjangrane, songar, vitsar og skrøner. Han blandar dette medpatos og høgtidleg tale, slik at det blirpatetisk og morosamt på same tid.

Somkåsør iNRK radio hadde Ingvar Mo eit stort publikum. I kåseria, som er samla i bøkeneKjære kyrkjefolk (1981) ogFrå oppvaskkummen (1983), raljerte hanironisk og respektlaust med tema i tida, medatomvåpen,morgonandaktar og flate pakkar fråIkea, med juletrefestar ogfredsprisar, og ikkje minst med kulturelle spenningar mellom aust og vest i landet, den kua vestlendingen og den sjølvsikre austlendingen.

Han hadde ei uvanleg evne til å få kontakt med publikum. Saman med songaren og musikaren Stanley Jacobsen reiste han rundt og trefte bygdehumoren presist med underhaldningsprogram som spela virtuost på gjenkjennelegetabu og situasjonar.

Ingvar Moe kunne vere skarp mot sambygdingane sine og kunne sjølv kjenne seg dømd og kritisert av dei. Men i 2006, på den dagen han ville ha fylt 70 år, blei han æra med fotoutstilling ogbyste iEtne sentrum. Skulebarna i bygda framførtekabaretenEg kan, som bygde på tekstar frå bøkene hans.

Prisar

For debutsamlingaløktastolpefrø (1975) fekk Ingvar MoeTarjei Vesaas’ debutantpris.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Per Olav Kaldestad: «Det kjeme te gro», innleiing i Ingvar Moe:Dikt i samling. Oslo 1995, s. 5–9
  • Øystein Rottem:Norges litteraturhistorie. Vår egen tid 1980–98. Oslo 1998,s. 153–156
Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Grønstøl, Sigrid Bø; Allkunne:Ingvar Moe iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Ingvar_Moe

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forNorsk lyrikk 1960-2000

Hadle Oftedal Andersen
Professor, Universitetet i Stavanger
Universitetet i Stavanger
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp