Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Helge Torvund

Skriven av

Faktaboks

Helge Torvund
Fødd
20. august 1951, Hå
Helge Torvund, promobilde
Av/ Jærbladet, Samlaget.
Tweet til illustrasjon
Helge Torvund har nådd ut til et stort publikum gjennom sosiale medier. Han samarbeider også gjerne med andre kunstnere, her med broren Gunnar Torvund.
Av.
Bokomslag
Helge Torvund.Trur du på lyng? Samlaget.
Bokomslag
Av/Foto: Mats Linder.

Helge Torvund er ein norskforfattar ogpsykolog. Han debuterte i 1977 meddiktsamlingaHendene i byen, og har gjeve ut nærare tretti diktsamlingar.

Torvund er ein medviten lyrikar med god kjennskap til lyrikktradisjonen og med stor vilje til å utforske kva poesien er i stand til å gjere. Han er den norske lyrikaren som i størst grad har tatt i brukinternett som stad for publisering, formidling og kontakt med lesarane gjennom Diktkammeret ogTwitter. Han har også skrive essays og barnebøker, og har dessutan omsett eller gjendikta dikt og songar frå andre språk.

Torvund fekk i 2018Doblougprisen for forfattarskapen.

Bakgrunn og påverknad

Torvund debuterte i 1977 med diktsamlingaHendene i byen, medan han studerte ved Universitetet i Oslo. Han kan seiast å stå for eit annleis og litt mindre radikalt syttital enn mange av sine samtidige. Den tilliten han uttrykte til ordet, særleg ord i dikt, gjaldt ikkje kva dei kunne utrette heilt direkte for å endre eit samfunn, men heller korleis diktarorda skal gje lesaren ei oppleving og ein tanke som meir indirekte kunne vere viktig.

Torvund var godt orientert i mykje lyrikk, både norsk og framand. Ein kan av og til sjå kva eller kven dikta hans er påverka av, men det er aldri slik at dei etterliknar eller låner direkte frå andre. Inspirasjon har han fått frå så ulike utanlandske lyrikarar somPablo Neruda,Walt Whitman,William Carlos Williams ogRobert Bly (som han har gjendikta).Haiku-tradisjonen er også velkjend for Torvund.

Forfattarskap

Dikta er ofte tydeleg rotfest i det landskapet diktaren kjenner aller best –Jæren – men dikta er ikkje lokale eller avgrensa. I Torvunds lyrikk rører vi oss i ei verd der vi sansar noko som er større enn oss, der vi undrast og lengtar og spør, og der vi kan kome til å bli synlege for kvarandre – om vi opnar oss for det underet som ord i dikt kan vere.

Torvund skriv i eit av sine tidlege dikt at han er «fylt til lippene av det verkelege», og det er ikkje tvil om at den unge lyrikaren høyrde til blant dei som skreiv konkrete dikt, som var til stades i verda. Samstundes veit han om avstanden mellom orda og verda, mellom dikta og livet, og er smerteleg klår over kor vanskeleg det er å fange augneblinken og samstundes sjå samanhengane dei små glimta går inn i. Erkjenninga av å måtte leve og dikte i ei slik spenning får ulik handsaming gjennom ein lang karriere som lyrikar, og i ettertid kan ein registrere at også han er «livsfasediktar» og at både det dikteriske uttrykket og haldningane som ligg under endrar seg med åra.

Kvardagsminimalist

Kritikarar og litteraturhistorikarar har brukt omgrep som språkkritisk, minimalistisk, jordnær, kvardagsleg, heimsleg, naturdiktar og liknande om Torvunds dikting. Sjølvsagt må ein føye til at nære menneskelege relasjonar, nærleik og kjærleik, for den enkle og direkte sansinga er med i heile forfattarskapen. Og ut frå dei seinaste samlingane må ein leggje til at også Torvund har tatt «langdiktet» som form i bruk; ofte slik at det nærmar seg detepiske og fortel ei historie.

I samlingaTil fots i mitt namn (1990) finn ein noko av det mest konkrete og klåraste i forfattarskapen så langt. LitteraturhistorikarenØystein Rottem seier om denne samlinga at dikta her «er gjennomsyret av en følelse av væren og nærvær, av å være i verden, ikke som et spaltet individ, men som et individ integrert i en verden som ikke oppleves som fremmed …» Ein møter same kjensla, uttrykt på mange måtar, i samlingane som kjem i åra etter, og lettast er det å sjå utvikling og samanheng i første halvdel av forfattarskapen om ein ser på utvalet iI vatn, i lys. Dikt i utval(1994).

«Fyldige dikt og overdådig song»

Alt er høy, bokomslag

Det er også slik at Torvund heile tida skriv i høve til ein internasjonal lyrikktradisjon som han kjenner godt, samstundes som det skjer endringar i norsk lyrikk som gjer at dikta frå slutten av 1970-talet og dei frå etter tusenårsskiftet så å seie skriv seg inn i ulike tradisjonar. Slik kan ein peike på utvikling og endring i forfattarskapen, der dei mange samlingane – åtte i alt – gjennom 1980-talet, nærast er ein føresetnad for det som kjem seinare og på mange måtar er høgdepunkta i alt han har skrive.

Ein kritikar har sagt at Torvunds seinare dikting har lagt bak seg den lågmælte og knappe stilen i tidlege samlingar og er blitt avløyst av «fyldige dikt og overdådig song». Samstundes er eit kritisk og politisk medvit blitt meir og meir synleg. Aller klårast ser vi det i samlingaKitty K. (2000) der den politiske leiinga i Noreg, med namns nemning, får beinhard kritikk for å vere med i krigen på Balkan. Diktaren må finne trøyst i bileta tilKitty Kielland som er måla frå det landskapet diktaren sjølv lever og bur i:

Mål på, Kitty K.!
Det trengst mykje himmel.
Mange mjuke ikonar.
Det trengst
enorme mengder
himmel over myra.

Etter år 2000 er det dei fire samlinganeAlt er høy (2007),Alabama? (2011),Alt brenner (2016) ogTidslys (2018) som fortener merksemd, ved sida av ei samling som viser kor sentralt kjærleikslyrikken står i Torvunds dikting – utvalde dikt iSkal me leggje ein vedstabel saman? Mine beste kjærleiksdikt (2014). Etter eit langt liv i teneste hos orda er det nesten eineståande at dei siste samlingane skil seg ut som det beste Torvund har prestert.

Lyrikk på nett

Twitterprofil
Av.

Torvund er vel den av dei norske lyrikarane som i størst grad har nådd ut med lyrikken og formidlinga og kome i kontakt med lesarane sine gjennom internettfora ogsosiale medier. Gjennom lyrikkverkstadenDiktkammeretDagbladets nettsider har han inspirert og undervist ei lang rekke norske lyrikkspirer. I Diktkammeret kan folk sende inn dikta sine og få rettleiing, og kvar uke blir eit av dikta kåra. Leksjonar og dikt frå dei fyrste ti åra er samla i bokaÅ våga seg ut i ord.

Twitter har han nådd breitt ut med dikt,haiku og formidling. Ein tweet frå Torvund blei til ein populær popsong dåBjørn Eidsvåg bad forfattaren skrive nokre vers til tweeten han meinte var eit godt refreng:

Du e nede for telling
eg e oppe for show
du ellar ei elling
eg seier Go!

Då Torvund ga ut samlingaAlabama!, starta fylgjarar ein aksjon der dei tok bilete av boka hans over heile verda.

Poetikk

Torvunds bumerke
Torvunds bumerke
Av.

Som mange andre i sin generasjon av lyrikarar er Torvund oppteken av kva poetisk praksis er og kva funksjonpoesien har. Når han reflekterer over dette utanfor diktet, kjem han fram til at heilskap og einskap i mangfaldet er poesiens mål. I si dikting kan han vere einnomade som leitar etter «leirplassar i språket», og det gjeld å finne eit språk som er i stand til å formidle det diktaren sansar i verda. Det gjeld å smelte saman dei mange elementa som kan utgjere ei oppleving av heilskap og samanheng, og på sitt beste maktar Torvund dette på meisterleg vis.

I essaysamlingaHåplaust forelska i sitt eige skjelett (1995) skriv han med fin innsikt om mange andre lyrikarar som han både har lært av og står i gjeld til; mellom anna dei nordiske lyrikarar somSigbjørn Obstfelder,Kolbein Falkeid,Tor Ulven,Werner Aspenström,Henrik Nordbrandt med fleire. Men det gjeld også dei utanlandske lyrikarane som er nemnd ovafor som inspirasjon for Torvund.

Helge Torvund har også vore verksam som kritikar, og han har samarbeidd tett med andre kunstnarar – mellom anna brorenGunnar Torvund, som erbilethoggar.

Barnebøker

Torvund har gjeve utbarnebøkeneVivaldi ogThe sudden cats, begge med illustratør Mari Kanstad Johnsen.The sudden cats fekk sølv i kåringa Årets vakreste bøker 2014.

Omsetjing

Torvund har omsett eller gjendikta dikt og songar frå andre språk, mellom anna den amerikanske lyrikaren Robert Bly iMorgondikt (1999) og nordamerikansk urfolkpoesi iHjorten kjem når me syng. Rituelle songar frå nordamerikanske indianarar (1986).

Prisar

Torvund har fått fleire prisar for forfattarskapen, mellom anna:

Utgjevingar

Diktsamlingar

  • Hendene i byen (1977)
  • Til dine auge (1978)
  • Taxameter og puls (1979)
  • Mennesketimar (1980)
  • Mennesketing (1981)
  • Menneskerom (1982)
  • Lyssmeden (1983)
  • Han skil dagen (1984)
  • På terskelen til morgonhuset (1986)
  • Arm i arm med natta (1987)
  • Den monotone triumf (1989)
  • Til fots i mitt namn (1990)
  • Avstanden er eit vipeskrik (1992)
  • I vatn, i lys. Dikt i utval (1994)
  • Umerkeleg, merkeleg (1996)
  • Bare eitt spørsmål til (1997)
  • Inntil vidare ventar me her (1998)
  • Kitty K. (2000)
  • Trur du på lyng? (2003)
  • Nattlys(2004)
  • Opp i dagen (2005)
  • Alt er høy (2007)
  • Alabama? (2011)
  • Skal me leggja ein vedstabel saman? Mine beste kjærleiksdikt (2014)
  • Alt brenner (2016)
  • FilosoFISK: det er ille nok som det er. Lyriske aforismar (2017)
  • Tidslys (2018)

Essay/fagbøker

  • Håplaust forelska i sitt eige skjelett (1995)
  • Diktkammeret (2002)
  • Å våga seg ut i ord: diktkammeret 10 år (2011)

Barnebøker

  • Multippel og Dama med Himmelhatten. (Barnebok, Gyldendal, 1986)
  • Multippel møter Morfus med sølvfløyta. (Barnebok, Gyldendal, 1987)
  • Brødfanten og andre skabelonar. (Lyrikk for barn og ungdom, Samlaget, 1988)
  • Fantasiblikket, illustrert av Bjørn Ousland (Wigestrand Forlag, 2008),
  • Vivaldi(Barnebok, Magikon, 2011)
  • The sudden cats (Billedbok, Magikon, 2013)

Andre publikasjonar

  • Håplaust forelska i sitt eige skjelett. (Essays, Samlaget, 1995)
  • Diktkammeret (Fagbok, Samlaget, 2002)
  • Gå heim og kyss din kvardag (Plate/CD, 1999)
  • Blått sug (Wigestrand Forlag, 2001)
  • Bedehusbilete (Wigestrand Forlag, 2001)
  • Sjelsord. Terapi, poesi og hypnose (Samlaget, 2008)
  • Jæren. Himmel og hav (Natur og kulturforlaget, 2007)
  • Blått sug (CD) (Wigestrand Forlag, 2007)

Omsetjing/attdikting

  • Hjorten kjem når eg syng. Rituelle songar frå nordamerikanske indianarar. (De norske Bokklubbene, 1986)
  • Robert Bly: Morgondikt (Samlaget, 1999)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Rottem, Øystein:Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998, isbn 82-02-15478-2
Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Skei, Hans H.:Helge Torvund iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Helge_Torvund

Bidra

Kommentarar (1)

skreivDyre Vaa

Det bør legges til at Torvund mottok Herman Wildenveys poesipris i 2016

Mvh
Dyre Vaa
jurymedlem

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forNorsk lyrikk 1960-2000

Hadle Oftedal Andersen
Professor, Universitetet i Stavanger
Universitetet i Stavanger
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp