
Harald 5.
Faktaboks
- Fødd
- 21. februar 1937, Skaugum i Asker
- Verke
- Noregs konge
- Familie
Foreldre: Dåverande kronprins Olav (seinere kongOlav 5; 1903–91) og kronprinsesseMärtha (1901–54).
Gift 29.8.1968 i Oslo medSonja Haraldsen (1937–).
Bror av prinsesseRagnhild (1930–2012) og prinsesseAstrid (1932–); far til prinsesseMärtha Louise (1971–) og kronprinsHaakon (1973–); svigerfar til kronprinsesseMette-Marit (1973–).


Harald 5. erkonge iNoreg sidan 1991. Han er den første norskemonarken sidan 1380 som sjølv er fødd i Noreg. Saman meddronning Sonja har kong Harald vidareført og modernisert det norske kongedømet. Han nyt stor respekt som ein inkluderande konge.
Prins Harald blei kronprins i 1957, då bestefarenkong Haakon 7. døydde. Kronprins Harald var kjærast medSonja Haraldsen i fleire år før det blei offentleg kjent. Forholdet fekk blanda mottaking, sidan Sonja ikkje var kongeleg. Dei gifta seg i 1968, etter at farenkong Olav 5. til slutt gav samtykke til ekteskapet. Dei fekk to born:prinsesse Märtha Louise ogkronprins Haakon Magnus. Harald og Sonja vartsigna iNidarosdomen som konge og dronning etter at kong Olav døydde i 1991.
Fødsel og slektskap

Harald 5. blei fødd på storgarden og kronprinsbustadenSkaugum iAsker iAkershus. Foreldra var dåverandekronprins Olav, seinare kong Olav 5., ogkronprinsesse Märtha. Prins Harald er av kongeleg slekt, med anar attende tilmellomalderen. Han høyrer tilfyrstehuset Glücksburg, ei sidegrein avfyrstehuset Oldenburg. På mannssida går ei slektslinje attende tilChristian 3. avDanmark-Noreg, konge frå 1534 til 1559. Farmora hans vardronning Maud, dotter avkong Edvard 7. avStorbritannia ogdronning Alexandra, prinsesse av huset Glücksburg. Edvard 7. var son tildronning Victoria, noko som gjer Harald 5. til tippoldebarnet tildronning Victoria.
Harald er i nær slekt med mange europeiske monarkar. Han er:
- fetter til dei belgiske konganeBaudouin 1. ogAlbert 2.
- mors fetter tilstorhertug Henri av Luxembourg
- tremenning tildronning Elizabeth 2. av Storbritannia
- tremenning tildronning Margrethe 2. av Danmark
- firmenning tilkong Carl 16. Gustaf av Sverige
- firmenning tilkong Konstantin 2. av Hellas
Fødselen til Harald blei gjort kjend gjennom eitkommuniké underteikna av to legar,professor Anton Sunde ogHans Ludvig Carl Huitfeldt: «Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsessen fødte i dag 21. februar kl. 12.45 en velskapt sønn. Fødselen forløp normalt. Så vel Kronprinsessen som den lille prins befinner seg vel. Skaugum, 21. februar 1937». Kommunikeet var så knapt som det kunne vere. Ikkje noko om vekt og lengd, ikkje noko om at faren var til stades under fødselen. Det var uvanleg i dei dagane. Faren, kronprins Olav, sa heller ikkje noko om dette før langt seinare.
StatsministerJohan Nygaardsvold fekk melding om fødselen, slikGrunnlova fastset. Fødselen til einarveprins skal òg registrerast istatsråd, og det blei gjort dagen etter.Stortinget fekk så ei erklæring frå statsministeren: «I henhold til Grunnlovens paragraf 6 tilkjennegis herved for Norges storting at Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Märtha i går klokken 12.45 er nedkommet med en velskapt sønn. Den nyfødte arveprins vil bli døpt under navnet Harald.»
Slik blei arveprinsen teken imot av det norske samfunnet som den heilt spesielle personen han var og er. At prins Harald blei fødd var ei historisk hending i Noreg, særleg sidan han kunne bli den første norske monarken som òg var fødd i Noreg sidan 1380.
- Les meir ommonarkar i Noreg.
Andre verdskrigen

Statsminister Johan Nygaardsvold og prins Harald på Pooks Hill, USA, sumaren 1942. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.
Prins Harald budde saman med foreldra og dei to prinsesseneRagnhild ogAstrid påSkaugum fram til 9. april 1940, då dei måtte røme unna dentyske okkupasjonsmakta. PåElverum skilde han, kronprinsesse Märtha og dei to prinsessene lag med kronprins Olav, og farfaren,kong Haakon 7. Dei drog over grensa tilSverige, der kronprinsessa hadde nær familie. Då kongen ogregjeringa var komne tilLondon i juni, bestemte dei at prins Harald og dei andre familiemedlemene skulle reise frå Sverige tilUSA. Dei ville hindre at prinsen blei ei brikke i eit politisk spel med okkupasjonsmakta, som hadde tankar om å avsetje kong Haakon og gjere prinsen til barnekonge.
Dei neste fem åra budde prins Harald saman med den vesle familien i ein villa på Pooks Hill, eit par mil nord forWashington D.C. Familien blei teken hand om av presidenten i USA,Franklin D. Roosevelt. Kronprins Olav kom òg ofte på lengre vitjingar frå London. Prins Harald hadde dessutan stor glede av turar til dei norske styrkane iLittle Norway utanforToronto,Canada, der han blei som einmaskot for dei norske flygarane.
Då tyskarane kapitulerte i mai 1945, reiste familien først til London, og derifrå til Edinburgh i Skottland, der kryssaren «Norfolk» låg klar til å ta dei til Noreg og Oslo saman med kong Haakon og det meste avLondonregjeringa. Her blei dei 7. juni tekne imot av kronprins Olav, som var komen heim tidlegare, ogordføraren i Oslo,Einar Gerhardsen, samt andre framståande personar frå styresmaktene. Familien flytta då attende til Skaugum etter eit opphald påBygdøy kongsgard.
Utdanning

Prins Harald fekk den første skulegangen sin i USA, der han frå 1943 gjekk på The White Hall Country School iConnecticut, ikkje langt frå Pooks Hill. Her fekk han undervisning påengelsk, men heime insisterte kronprinsesse Märtha på at dei skulle snakke norsk. Hausten 1945 tok prins Harald til på Smestad skole i Oslo. At han som arveprins gjekk på ein offentleg skule var noko spesielt, og ulikt faren som hadde fått privat undervisning påSlottet.
Prins Harald tokexamen artium påreallina vedOslo katedralskole våren 1955. Han gjekk inn iForsvaret i 1956 og blei utdanna vedBefalsskulen forkavaleriet påTrandum i 1956, og vedKrigsskulen forHæren i 1957–1959. I 1960 blei hanløytnant og nestkommanderande ved Kavaleriets rekruttskule, og vidareoberst ogkommandør i 1970. I 1977 blei han utnemnd tilgeneral i Hæren,admiral iSjøforsvaret og general iLuftforsvaret.
Prins Harald avslutta dei akademiske studiane med to år vedBalliol College iOxford i 1960–1962, der kong Olav òg hadde studert. Faga varstatsvitskap, historie og økonomi. Resten av utdanninga til konge blei teken i det praktiske kongelege livet.
Familie og ekteskap

Mora, kronprinsesse Märtha, døydde alt i 1954, etter lang tids sjukdom. Prins Harald var 17 år gamal og skulle ta eksamen på katedralskulen det året. Det hadde vore eit spesielt nært forhold mellom mor og son. Harald har seinare gitt uttrykk for at tida etter bortgangen hennar var ein tung periode for han.
I 1957 døydde bestefaren kong Haakon 7., og Harald bleikronprins. Då høyrde det til pliktene å møte istatsråd. Etter kort tid måtte han fungere somregent medan kong Olav var på reise.
I 1967 og 1968 tok det til å versere rykte om at kronprins Harald hadde ein kjærast, og at han ønskte å gifte seg med henne. Men det var eitt problem: Kjærasten,Sonja Haraldsen, var ikkje av kongeleg slekt. Paret visste nok at eit slikt giftarmål ville bryte med tradisjonen i monarkiet. Men det synte seg at dei alt hadde vore saman i mange år.
Kong Olav var skeptisk til eit ikkje-kongeleg giftarmål for kronprinsen, men var i villreie og søkte råd hos politikarane.Regjeringa Borten var splitta i saka, men til sist gjekk dei ikkje imot borgarleg ekteskap. Kronprins Harald sjølv hadde gitt uttrykk for at han, om han ikkje fekk gifte seg med Sonja Haraldsen, måtte vurdere å leve ugift resten av livet.
Saka blei grundig drøfta i media og blant folk flest utover vinteren 1968. Ein stilte spørsmål om monarkiet ville kunne ha ei dronning fråborgarleg samfunnslag og om det ville vere eit høve til å innførerepublikk. Til sist gav kong Olav sitt ja til giftarmålet. 29. august 1968 gifta Harald seg med Sonja Haraldsen, som då fekk tittelen kronprinsesse Sonja. Dei vart vigde iOslo domkyrkje av biskopFridtjov Birkeli.
Harald og Sonja fungerte som kronprinspar i vel tjue år. For ein komande konge var dette viktige læreår. Dei reiste mykje rundt i landet og var òg med på mange reiser utanlands saman med folk frånæringsliv og samfunnsliv elles. Dei fekk to born:prinsesse Märtha Louise 22. september 1971 ogkronprins Haakon Magnus 20. juli 1973.
Kong Harald 5.


Som far sin valgte kong Harald å la seg signe til kongsgjerningen. Saman med dronning Sonja blei han signa i Nidaros domkirke søndag 23. juni 1991 av biskop Finn Wagle. I bakgrunnen (ved sida av dronninga) ses også biskop Andreas Aarflot.
Då kong Olav døydde 17. januar 1991, blei Harald konge. Han tok det samevalspråket som kong Haakon og kong Olav: «Alt for Noreg». Han bleisigna iNidarosdomen, sammen meddronning Sonja, 23. juni 1991. Som konge gjekk Harald inn i ein nær 90 år lang tradisjon, utvikla av farfaren og faren. Kongens rolle som den fremste leiaren i staten er fastlagd iGrunnlova, som definerer dei politiske og konstitusjonelle pliktene.
Men den symbolske rolla kongen spelar gir rom for tilpassing til den tida monarken lever i. Å vidareføre og modernisere det norske kongedømet har vore den viktigaste oppgåva for kong Harald og dronning Sonja. Av praktiske moderniseringar ser ein initiativet deira til årestaurereSlottet,Bygdøy kongsgard ogOscarshall slott. Både kong Harald og dronning Sonja har reist mykje rundt i landet for å møte folket, der begge har vist seg frå ei relativt personleg side.
Ein inkluderande konge

Som faren og farfaren har kong Harald sett det som viktig å bidra til inkludering av ulike grupper i samfunnet. Kong Haakon ville ta imot kongeoppdraget etter eifolkerøysting, og han spela ei rolle dåArbeidarpartiet for første gong fekk regjeringsoppdraget i 1928. Kong Olav la vekt påsamane sine rettar og at det nye etniske mangfaldet i landet måtte møtast med toleranse og inkludering. Det same har kong Harald gjort.
Kong Harald har nytt stor respekt som ein inkluderande konge. Kong Harald har halde mange talar som har vekt merksemd, både når det gjeld det politiske innhaldet, og når det gjeld reine verdispørsmål. Ein av dei mest kjende talane vart halden iKiberg påVarangerhalvøya under den første reisa iNord-Noreg som kongepar. Her kom kong Harald med heider tilpartisanane under krigen og såg positivt på haldningane deira tilRussland, med familieband og godt naboskap. Det var rekna som ei oppreisning til folk som var blitt gløymde og haldne utanfor når det galdt innsatsen underokkupasjonen.
Kong Harald er ofte meir direkte og tydelegare enn mange politikarar i verdispørsmål. Slik har han teke omsynet til inkludering endå lenger enn kongane før han. Som konge er han med på feiringa av denpakistanske nasjonaldagen. Men han er òg oppteken av andre vanskelege og viktige spørsmål i samtida. I ein vidgjeten tale i Slottsparken i 2016 under 25-årsmarkeringa av tronskiftet i 1991, sa han: «Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre».
Etterterroråttaka 22. juli 2011, stod kongen ogkongehuset fram som samlande. Kongen sjølv var sterkt merkt av hendinga og gret ope under markeringa iOslo domkyrkje eit par dagar etter terroren. Kongen rørte mange med ein sterk og personleg tale under den nasjonale minnemarkeringa iOslo Spektrum i august same året. Han sa mellom anna at «Tragedien har minnet oss om det grunnleggende som binder oss sammen i flerkulturelle og mangfoldige samfunn». Ved fleire høve kom han attende til setninga om at fridomen er sterkare enn frykta.
Mange personar i offentleg og privat verksemd ogdiplomatar i Oslo har gitt uttrykk for at dei er imponerte over kunnskapane til kong Harald og den tydelege interessa hans for mange samfunnsforhold, både nasjonalt og internasjonalt. Å veremonark i eit konstitusjoneltmonarki som i Noreg, der monarken har svært avgrensa og mest symbolsk makt, er ein vanskeleg balansekunst. Kong Harald har gjort det på ein måte som vekkjer respekt hos folk flest. Jamt over 70 prosent av folket er framleis tilhengjarar av monarkiet, og endå fleire er positive til måten personen kong Harald løyser oppgåvene sine på. Derfor er det lite snakk om innføring avrepublikk i hans tid som konge.
Idrettsmann og administrator

Kong Harald har i likhet med far sin vore ein ivrig seilar. Her er den unge kronprinsen under OL i Tokyo i 1964, der han blei blant dei beste norske utøvarane med ein åttandeplass. Kronprinsen var norsk flaggbærar under innmarsjen, og han var òg OL-deltakar i 1968 og 1972.
Kong Harald er engasjert i fleire ulike typar organisasjonar. På fritida har kong Harald mellom anna vore ein dugandeseglar, og han deltok i treolympiske leikar, i 1964, 1968 og 1972. I VM har han fleire medaljar, inkludert gull med båten «Fram X» i 1987. Han har òg mange gode plasseringar i andre storeturneringar, til dømes EM-gull ihavsegling i 2005. Han er kjend som ein streng, men humørfyltskipper på seglbåtane. Han blei heidra medHolmenkollmedaljen i 2007 ogNorges idrettsforbunds heiderspris i 2010.
Han har dessutan vore aktiv som idrettsadministrator. Han samla til dømes norske konkurranseseglarar i éin organisasjon og fekk dei med i Norges idrettsforbund. Han var òg aktiv i leiinga forOL på Lillehammer i 1994.
Kong Harald driv òg med annafriluftsliv. Han er ein tolmodig fiskar etterlaks og ein ivrigjeger.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Bo Bramsen:Huset Glücksborg, bd. 1. og 2. København 1992
- Jardar Skaadel og Svein Erik Skarsbø:Norske kongar og regentar. Oslo 1998
- Per Egil Hegge:Harald V. Oslo 2006
- Tor Bomann-Larsen:Hjemlandet. Oslo 2016
- Harald Stanghelle:Kongen forteller, 2020
Kommentarar (2)
skreivTorbjørn Greipsland
skreivIda Scott
Hei! Tusen takk for fyldig innspill og forslag. Litteraturlistene våre skal i hovedsak være en oversikt over litteratur brukt i forbindelse med skriving av artikkelen, ikke lister over all litteratur som finnes om emnet. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.