Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Hans Jacob Wille

Faktaboks

Hans Jacob Wille
Fødd
11. oktober 1756, Seljord, Telemark
Død
22. april 1808, Trondheim
Verke
Prest og forfattar
Familie

Foreldre: Prost Hans Amundsen Wille (1714–99) og Anne Marie Hansdatter Bloch (1736–58).

Gift 30.7.1787 i Eiker med Anne Dorothea Walter (1763 (døypt 8.1.)–16.3.1822), dotter til sagfogd Jørgen Fridericksen Walter (1729–1802) og Karen Jørgensdatter Nachschov (1734–1810).

Grandonkel (farfars halvbror) til NordalWille (1858–1924).

Hans Jacob Wille
Av/NTNU Universitetsbiblioteket.

Hans Jacob Wille var ein norskopplysningstidsprest ogtopografisk forfattar. Somtopograf var han eit førebilete i samtida, og skriftene hans er i dag viktige kjeldeskrift på mange fagområde.

Bakgrunn

Wille voks opp på Seljord prestegard som son av ein prest med sterke historiske og språklege interesser. Som ung kunne han vere ein stor spilloppmakar. Frå skuletida i Danmark hadde han til dømes fått med seg fosfor, og utkledd som sjølvlysande djevel sette han ein støkk ilensmannen.

Wille gjekk på Frederiksborg skole påSjælland, vart student i 1775 og tok teologiskembetseksamen veduniversitetet i København i 1779. Etter det tok han til sompersonalkapellan hjå faren i Seljord, ei slik stilling medførte lite løn.

Topografisk og språkleg arbeid

Stillinga som personalkapellan gav derimot stor fridom til å samle topografisk materiale. Det var i denne tida Wille fekk utvikle sine sterkenaturvitskaplege og kulturhistoriske interesser. Han var ottefull for framtida sidan halvbroren snart skulle overta kapellanstillinga, og han hadde ikkje kontaktar nok til å få ei godt løna prestestilling. Wille og fleire med han såg på arbeid med topografiske skrifter sommeriterande når det galdt embetssøknader, men for han gav det lite utteljing.

I 1782 publiserte han delar avSillejords Beskrivelse iChristiansandske Uge-Blad. Dette må professorHans Strøm, sokneprest til Eiker, ha merka seg. Strøm blei snart Willes rettleiar i naturforsking, og Wille blei personalkapellan hjå Strøm i 1786.

Ynskjet om godt løna prestestilling førte han straks etter til København for å søkje støtte til embetssøknader hos høgtståande personar. I 1788 blei Wille sokneprest tilGrytten iRomsdal og i 1792 sokneprest vedVår Frue kyrkje i Trondheim, i 1794notarius veddomkapitlet og til siststiftsprost same stad i 1798.

Willes hovudverk erBeskrivelse over Sillejords Præstegield (1786), som omtalar fire forhold: geografisk-historiske, fysiske (jord, planter, dyr), økonomiske (jordbruk og livsopphald) og politiske (om folket). Wille var korresponderande medlem av Det topographiske Selskab for Norge, og i deira Topographisk Journal i 1792 fekk boka god omtale.

Samstundes arbeidde Wille på ei ordbok basert på ordtilfanget i Seljord. Ho blei ikkje prenta, men avskrifter er likevel nytta av bådeLaurents Hallager ogIvar Aasen i deira ordbøker. Føremålet til Wille var ikkje å reise eit nyttskriftspråk, men å hjelpe prestekollegaer til å forstå undersåttane sine. Truleg hadde han nok også ei von om å gjere det danske språket i Noreg rikare.Originalmanuskriptet er kome i prenta utgåve 1975.

Sjølv etter at Wille var blitt prest i Eiker, reiste han attende til Telemark og samla stoff til ei omtale av heile Telemark. Særleg var han på leiting etter gamle skinnbrev og sjeldne bøker. Manuskriptet blei borte under ein brann i København, men innleiinga vart berga og er gjeven ut. Elles gav Wille ut skrifter ommytologi,runeinnskrifter ogbotanikk.

Anna engasjement

Wille var sekretær iDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab i 1793–1804 og arbeidde for at dette skulle bli eit norsk universitet. Vidare var han medlem av Det skandinaviske Literatur Selskab og fleire vitskapsselskap iPreussen,Frankfurt an der Oder,Newcastle ogGöteborg.

Den store boksamlinga til Wille blei etter at han var død selt på auksjon, likeins brev- og manuskriptsamlinga. Det var ikkje mange i Trondheim som såg verdien i dette, men mykje er i ettertid blitt samla i biblioteket til Vitenskapsselskapet.

Utgjevingar

Prenta verk

  • Norsk Ordbog som indeholder en Samling af Norske Ord, som især bruges i Sillejord og fleere Stæder i Norge, 1785 (prenta i DKNVS Skr. 1975 nr. 3, Trondheim 1975)
  • Beskrivelse over Sillejords Præstegield i Øvre-Tellemarken i Norge, København 1786 (ny utg. Espa 1989)
  • Udtog af den nordiske Mythologie, eller Othins Gude-Lære, København 1787
  • Indledningen til Reisen igiennem Thellemarken i Norge 1786, København 1799
  • Sørge-Tale over afdøde Hans Strøm, Trondheim 1799
  • En kort Afhandling om den islandske Moss, Trondheim 1801
  • Samling af Minde-Taler, holdne i det Kongelige Norske Videnskabers-Selskab, København 1805
  • Erindrings-Tale over Høisalige Arveprinds Frederik, København 1806
  • Utrykte Optegnelser om Thelemarken, utg. ved L. Daae, 1881

Ikkje-publisert materiale

  • 8 brev til Det kgl. danske Landhuusholdningsselskab, 1785–86, i selskapets arkiv, Erhvervsarkivet i Århus, Danmark
  • Physisk og antiquarisk Reise igiennem Thellemarken i Aaret 1786, 1786, UBT
  • Urter fundne i Thellemarken, 1786, sst.
  • Udi den tilsendte Fortegnelse over Tellemarkske Urter findes følgende tvilsomme, 1787, sst.
  • 8 brev til Christopher Hammer, 1787–94, sst.
  • Flora Norvegica eller Norsk Plante-Riige (sm.m. C. Hammer), 1789, sst.
  • Prædiken paa d. 14. Søndag efter Trinitatis, Trondheim 1798

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • L. Daae:Utrykte Optegnelser om Thelemarken af H. J. Wille, 1881
  • A. E. Erichsen: biografi iDansk biografisk leksikon 1, bd. 18, København 1904
  • H. G. Heggtveit:Den norske Kirke i det nittende Aarhundre, bd. 3, 1905–20, s. 57–60
  • Ehrencron-Müller, bd. 9, København 1932
  • J. R. Hagland (utg.):Hans Jacob Wille: Norsk Ordbog, DKNVS Skr. 1975 nr. 3, Trondheim 1975
  • S. Grieg: biografi iNorsk biografisk leksikon 1, bd. 19, 1983

Faktaboks

Hans Jacob Wille
Historisk befolkingsregister-ID
pf01058434000448
Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Aanderaa, Dag; Norsk biografisk leksikon; Mæhlum, Lars:Hans Jacob Wille iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Hans_Jacob_Wille

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forBiografier i Den norske kirke

Per Halse
Professor, Høgskulen i Volda

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp