Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Håkon Wergeland

Skriven av

Faktaboks

Håkon Wergeland
Fødd
14. april 1878, Byrknesøy, Gulen, Sogn og Fjordane
Død
1. mars 1971, Skedsmo, Akershus

Håkon Hansson Wergeland var ein norskprest, skulemann ogforfattar. I ei årrekkje var han rektor ved lærarskulane iNotodden ogKristiansand, og han var forfattar av oppbyggjelege bøker og lærebøker. Han gav òg ut fleire diktsamlingar.

Lærar og prest

Wergeland tok teologisk embetseksamen i 1902. I studenttida engasjerte han seg i den kristne studentrørsla, og han var den første formannen i Studentmållaget i Kristiania.Kristendom ognorskdom blei eit program for arbeidet hans i skulen og i lærarskulen. Han var styrar ved Oppland kristelege ungdomsskule, på Viken ved Gjøvik frå 1902 til 1911, rektor ved Notodden lærarskule frå 1911 til 1936 og ungdomsprest i Oslo frå 1937 til 1938. Frå hausten 1938 til han gjekk av for aldersgrensa i 1948 var han rektor ved Kristiansand lærarskule.

Underandre verdskrigen blei han avsett frå rektorstillinga i Kristiansand og forvist frå byen av tyskarane. Han verka som hjelpeprest i Strømmen kyrkje i Skedsmo frå 1943 til 1945. I 1945 blei han innsett i rektorstillinga att.

Forfattar

Den første boka han publiserte, var den populærteologiskeMathæusevangeliet i bibeltimer (1911). LærebokaTru og liv (1916) var ei kristendomslære for lærarskulen og kom i ei rekkje opplag, medanKristentro og kristenliv var lagd til rette for folkeskulen (1937).Kyrkjesoge for lærarskulane (1926–1927) i to band kom i fleire opplag. Også andre bøker hadde stor utbreiing, til dømesIsrael føre Kristus (1938) ogJesu liv og aposteltida (1941). Wergeland var oppteken av fredsarbeidet i skulen og skreiv mellom annaOppseding til fred. Handbok for lærarar i skulen (1953).

Han publiserte fleire diktsamlingar.Jord og himmel blei gitt ut i samband med reformasjonsjubileet i 1917, deretter komHimmelprofeten (1919),Or bannet (1922) ogHeimen (1930).

Wergeland var medlem av nemnda som vurderteNynorsk Salmebok (1925). To gonger var han aktuell som kandidat til å bli biskop i Den norske kyrkja.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Reidar Bolling:Norges prester og andre teologiske kandidater. Oslo 1949
  • Studentene fra 1897. Kristiania 1922Studentene fra 1897. Bergen 1948

Faktaboks

Håkon Wergeland
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036440006012
Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Elstad, Hallgeir; Allkunne:Håkon Wergeland iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/H%C3%A5kon_Wergeland

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forBiografier i Den norske kirke

Per Halse
Professor, Høgskulen i Volda

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp