Gunnar Stålsett
Faktaboks
- Fødd
- 10. februar 1935, Nordkapp
- Verke
- Geistleg og politikar
- Familie
Foreldre: Skulestyrar Johan Emil Stålsett (1903–1972) og Alma Elisabeth Joki (1912–1997).
Gift 1959 med seinare førsteamanuensis Unn Eriksen (13.7.1931–), dotter til organist Gustav Eriksen (1884–1950) og Røskva Gjøstein (1891–1984; dotter tilJohan Gjøstein, 1866–1935).

Gunnar Stålsett er ein norskteolog. Han er mest kjend for å ha vorebiskop iOslo bispedøme frå 1998 til 2005, og har hatt ei lang karriere som politikar, prest, organisasjonsmann, prestelærar og internasjonal kyrkjeleiar. Han var partileiar forSenterpartiet frå 1977 til 1979.
Stålsett er kjend som ein frittalande og engasjert samfunnsrefsar med auge for einskildmenneska og levekåra deira – og med syn som var omstridde både iDen norske kyrkja og breiare politisk.
Bakgrunn, utdanning og familie
Stålsett voks opp i ein familie medkvensk bakgrunn, og besteforeldra utvandra frå hungersnaud nord iFinland i 1868. Familien var påverka av konservativelæstadianske miljø iFinnmark.Fornorskinga gjorde at foreldra bytta ut etternamnet Sirkka med Stålsett. Gunnar Stålsett budde dei sju fyrste leveåra iRepvåg vedPorsangerfjorden, etter det flytta familien tilGildeskål iSalten.
Etterrealskule påLeknes iLofoten gjekk hangymnaset påNordfjordeid og tokexamen artium i 1953. Året etter byrja han på teologistudiet vedUniversitetet i Oslo, men flytta over til Bethany Lutheran Seminary i Mankato iMinnesota (USA) i 1957. Der studerte han i to år før han kom attende til Oslo. Han vartcand.theol. vedMenighetsfakultetet i 1961.
I 1959 gifta Gunnar Stålsett seg med Unn Stålsett (fødd Eriksen). Saman fekk dei to barn, dottera Gry (fødd 1961) og sonen Sturla (fødd 1964).
Prest, organisasjonsmenneske og biskop

Stålsett var skuleungdomsprest iHamar bispedøme frå 1962 til 1964. Etter dette var han lærar isystematisk teologi ved Misjonsskulen i Stavanger til 1970. Han var generalsekretær imellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja frå 1969 til 1977, med avbrot frå 1972 til 1973 då han varstatssekretær iKyrkje- og undervisningsdepartementet.
Etter å ha voresokneprest iElverum ogprost i Sør-Østerdal i åra 1979–1982, var hangeneralsekretær iDet norske Bibelselskap frå 1982 til 1985. Frå 1985 til 1993 var Stålsett generalsekretær iDet Lutherske verdsforbundet, med arbeidsstad iGeneve iSveits. Etter dette kom han heim til Noreg og varrektor vedDet praktisk-teologiske seminar vedUniversitetet i Oslo frå 1994 til 1998.
Biskop i Oslo

Utnemninga av Gunnar Stålsett tilbiskop iOslo i 1998 var omstridd, og hadde både teologiske overtonar og partipolitiske undertonar. I tillegg til leiande KrF-politikarar gjekk generalsekretærane iVestlandske Indremisjonsforbund ogDet norske lutherske Indremisjonsselskap ut mot avgjerda. Kampen stod mellom den noko meir teologisk konservative mørebispenOdd Bondevik og Stålsett. Ein allianse avSenterpartiet ogVenstre motKrF i regjeringa sikra snauast mogeleg fleirtal for Stålsett. Dette var tungt å svelgja for mange i KrF.
I kyrkjelege spørsmål har Stålsett voreøkumenisk. Han er kjend for å vera open for kvinner i alle kyrkjelege posisjonar og forliberale haldningar tilhomofile og lesbiske. For det siste fekk han skarp kritikk frå konservative kristne som skulda han for å blanda teologi og politikk. Stålsettordinerte ein av dei fyrste prestane i Noreg som levde i homofiltpartnarskap i 2001. Motstandarane mot dette hevda at ordinasjonen var i strid med vedtak ikyrkjemøtet og i bispekollegiet.
I 2001 via Stålsettkronprins Haakon Magnus ogMette-Marit Tjessem Høiby. I tala si hevda Stålsett at kronprinsessa si rolle som åleinemor var eit døme på kjærleik og omsut for dei svake.
Stålsett gjekk av som biskop då han vart 70 år i 2005.
Internasjonal religiøs leiar
Som generalsekretær i Det lutherske verdsforbundet var Stålsett etablert som internasjonal kyrkjeleiarfør han vart biskop. Medan han var biskop, var han sentral initiativtakar til Det Europeiske Rådet for Religiøse leiarar (European Council for Religious Leaders – ECRL), der kristne kyrkjer,islamske retningar,buddhistar,sikhar ogjødar deltok. Organisasjonen vart skipa i Oslo i 2002, og Stålsett var moderator frå 2002 til 2012. ECRL arbeidde med interreligiøs dialog, konfliktdemping og fredsarbeid, og var den europeiske greina av Religionar for fred.
Politikar
Etter tida som statssekretær i Kyrkje- og utdanningsdepartementet representerte han Senterpartiet iOslo bystyre frå 1975 til 1979 og var vararepresentant tilStortinget frå Oslo 1977–1981 for eifellesliste mellom Sp og KrF.
Frå 1973 til 1978 var han formann i Oslo Senterparti,sentralstyredlem iSp frå 1975 til 1979 og leiar for Senterpartiet frå 1977 til 1979. Stålsett vart ein lite vellukka partileiar. Det hadde i høg grad samanheng med at han var leiar i ei tid merkt av sterk motgang («høgrebylgja») og av at det nærmast rådde borgarkrig i partiet mellom dei som hadde positivt og negativt syn på regjeringssamarbeid medHøgre.
Stålsett var medlem avDen norske Nobelkomité i periodane 1985–1990 og 1994–2002. Han var seinare varamedlem, og deltok i arbeidet dåEU fekkfredsprisen i 2012, noko som var lite populært i hans eige parti.
Talar, forfattar og omstridd samfunnsrefsar
Gunnar Stålsett har vore ein talar, eit organisasjonsmenneske og ein forfattar med stor produksjon i ulike sjangrar.
Forfattarskapen hadde eit tyngdepunkt på tydeleg teologiske spørsmål i 1960-åra, og profilen hans vart skarpare då store delar av kyrkja og det politiske Noreg flytta seg i retning av synsmåtane hans og han sjølv tydelegare kopla teologiske spørsmål til politikk og samfunnsspørsmål i seinare tiår.
Bodskapen hans har vore samfunns- og samtidskritisk med vekt på kjærleik, toleranse,solidaritet, og med brodd motrasisme, fattigdom ogreligiøs fundamentalisme.
Då han tala iOslo militære samfund i 2002, var han svært kritisk til samtidas haldningar tilfolkerett, krig og fred. Stålsett var elles kjend for å vera kritisk til USA sine krigar iAfghanistan og andre stader, til fangepraksisen deira påGuantanamo bay og tilIsrael si hardhendte framferd mot og kollektive avstraffing avpalestinarane (sjåMidtausten-konflikten). Då USA og nære allierte hærtokIrak våren 2003 (sjåIrak-krigen), åtvara han statsministerKjell Magne Bondevik om at styresmaktene ikkje kunne pårekna støtte frå kyrkja. Han hevda at den vestlegeintervensjonen som styrtaSaddam Hussein var i strid medfolkeretten.
I 2019 vart Stålsett dømd tilfengsel på vilkår i 45 dagar og 10 000 kroner i bot for å ha hyra ei kvinne utanarbeidsløyve isvart arbeid. Saka fekk stor medieomtale. Stålsett godtok domen, men forsvara samstundes at han fylgde eige samvit heller enn lovverket.
Ordenar, utmerkingar og prisar
KongHarald 5. utnemnde Gunnar Stålsett tilkommandør av St. Olavs Orden i 2000, og grunngjevinga la særleg vekt på det internasjonalt kyrkjelege og humanitære arbeidet hans. Året etter fekk han Petter Dass-prisen fråVårt Land. I 2010 vart han også tildelt Timor-Lestes orden for den rolla han spela for fred og forsoning medan han var norsk spesialutsending tilAust-Timor mellom 2006 og 2010. I 2021 fekk han også kross av fyrste klasse i fortenestordenen tilForbundsrepublikken Tyskland.
Pensjonist
I 2006–2007 var Stålsett med i det regjeringsnedsette Bostadutvalet. Bakgrunnen for utvalet var kritikk frå livsynsminoritetar og internasjonal menneskerettskritikk mot det dåverande Kristendom, religion og livssynsfaget (KRL). Arbeidet utløyste endringar i føremålsparagrafane for barnehagar og skular.
Det sist registrerte faglitterære bidraget hans er ein artikkel i det vitskaplege tidsskriftetKirke og kultur frå 2020, der han diskuterer om tru kan reddaregnskog.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenkjer
- Publikasjonar med Gunnar Stålsett som forfattar/medforfattar;oria.no – Gunnar Stålsett
- Talar av Gunnar Stålsett:Virksomme ord
- Dom mot Gunnar Stålsett, Dagbladet TV 19. desember 2019.SE TV LIVE: Gunnar Stålsett får dommen
- Interfaith Rainforest Initiative (2019);Faiths for Forests Declaration | Watch Now on Vimeo
- NRK, 24. desember 2019: Jeg er stolt av å være kven.Gunnar Stålsett: – Jeg er stolt av å være kven – NRK Norge – Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet
- Wikipedia: Gunnar Stålsett.Gunnar Stålsett – Wikipedia
Litteratur
- Madsen, Roar (2001);Motstraums. Senterpartiets historie 1959–2000.Oslo, Samlaget.
- Madsen, Roar (2004); Gunnar Stålsett iNorsk biografisk leksikon, andre utgåva (NBL2), band 8. Oslo, Kunnskapsforlaget.
- Nordby, Trond (1985):Storting og regjering 1945–1985, bind 1. Oslo, Kunnskapsforlaget.
- Stålsett, Gunnar (1969);Misjonstenkningen i dag – og i morgen. Stavanger, Nomi forlag.
- Stålsett, Gunnar (2000);Under samme himmel.Taler og prekener av biskop Gunnar Stålsett.Otta, Verbum.
- Stålsett, Gunnar (2020); Livets tre og treets liv. Kan tro redde regnskog? IKirke og kultur, Vol. 125, utg. 4
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.