Granvin (tidlegare kommune)
Faktaboks
- Administrasjonssenter
- Eide/Granvin
- Fylke
- Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
- Innbyggjartal
- 937 (2019)
- Landareal
- 204 km²
- Høgaste fjell
- Olsskavlen (1576 moh.) på grensa til Voss
- Innbyggjarnamn
- gravensar
- Kommunenummer
- 1234 (fram til 2020)


Granvin. Granvinvatnet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Det gamle kommunesentrumet Eide har bevart mykje fin trehusarkitektur.

Granvin var ein kommune i tidlegareHordaland fylke. Den vart i 2020 slått saman medVoss kommune, og vart samtidig ein del avVestland fylke. Samanslåinga var ein del av ei landsomfattandekommunereform.
Granvin kommune låg iHardanger, og omfatta begge sider av den tronge, ti kilometer langeGranvinsfjorden, ein nordgåande arm avHardangerfjorden, med dalen innanfor og fjelltraktene omkring. Kommunen grensa tilKvam i sørvest, til Voss i vest og nord, tilUlvik i aust og tilUllensvang i Hardangerfjorden i sør.
Ved innføringa av detlokale sjølvstyret i 1837 bestod Granvin òg av dei seinare kommunaneUlvik ogEidfjord. Kommunen skifta i 1859 namn til Ulvik, og i 1891 vart Granvin skilt ut frå denne. Den nye kommunen fekk namnet Graven, men namnet vart endra til Granvin i 1898. Granvin endra grenser i 1964, då området Lussand/Kvanndal, utanfor Granvinsfjordens munning, vart overført frå dåverandeKinsarvik kommune.
Natur
Berggrunnen i den tidlegare kommunen tilhøyrerKaledonidene. Granvinsfjorden skjer seg mot nordaust inn i steile fjell avgneis avgrunnfjellsopphav. I eit belte langs kommunegrensa i nordvest er gneisen dekt avfyllitt som blir breiare i det opne partiet rundt Granvinsvatnet (23 meter over havet) og vidare mot nordaust til kommunegrensa mot Ulvik. Mot nord og vest erskiferen dekt av overskyvde plater av gneis. Skyvedekket sin aust–vest-front reiser seg i ein stupbratt vegg nord for Granvinsvatnet, og berggrunnen når i nord opp til 1576 meter over havet (Olsskavlen) på grensa mot Voss i nordaust. Langs foten av skyvedekket sin brattkant fører Espelandsdalen austover til Ulvik.
Fleire dalføre skjer seg djupt ned i skyvedekket, mellom anna Granvinelva sitt dalføre ovanfor Granvinsvatnet, som dannarSkjervsfossen med eit loddrett fall på omkring 50 meter. Granvindalen fører over til Voss gjennom eit trongt skar, med passhøgd 262 meter over havet. Også mot Ulvik er det relativt låg passhøgd, 343 meter over havet.
Busetjing
Granvin hadde éintettstad, administrasjonssenteretEide (Granvin) ved botnen av Granvinfjorden. Tettstaden hadde 485 innbyggjarar i 2019, noko som utgjorde 52 prosent av den samla befolkninga i kommunen; til samanlikning budde 83 prosent av folkemengden i Hordaland i tettstader. Hovudtyngda av busetjinga finn ein frå tettstaden og nordover på begge sider av Granvinsvatnet. Elles spreidd busetjing.
Granvin hadde stort sett nedgang i folketalet etterandre verdskrigen. I tiårsperioden 2009–2019 utgjorde nedgangen gjennomsnittleg 0,1 prosent årleg. I same periode hadde Hardanger ein prosentvis nedgang på 0,2 prosent årleg, medan Hordaland fylke hadde ein vekst på 1,1 prosent årleg.
Næringsliv
Granvin er ei jordbruksbygd prega av husdyrhald, hovudsakleg sau, som utnyttar dei rikefjellbeita, likeins storfe. Granvin hadde i enkelte år atskillegskogavverking samanlikna med dei andre kommunane i Hardanger. Av arbeidsplassane til kommunen var i alt åtte prosent iprimærnæringane i 2019.
Industrien i Granvin er svært beskjeden, og han blir dominert av trelast- og trevareindustri, som i 2019 hadde 80 prosent av sysselsetjinga i industrien (blant anna Moelven Granvin Bruk). Elles finst berre nokre småbedrifter innan bergverk, maskin- og grafisk industri. Kommunen har atskilleg turisttrafikk, sommar og vinter.
I 2019 hadde 53 prosent av dei busette arbeidstakarane i Granvin arbeid utanfor kommunen, 29 prosent iVoss, til saman åtte prosent i resten av Hardanger-kommunane og fem prosent i Bergen.
Granvin var ein svært litenkraftkommune og hadde einårleg middelproduksjon på 33gigawattimar (GWh) frå sekskraftverk per 2019. Dette gav kommunen minst utbygdvasskraft av Hardanger-kommunane. Største enkeltverk ved kommunesamanslåinga var Folkedal i Folkedalselva vest i kommunen og Bulko i Granvinvassdraget med høvesvis 24,8 og 7,6 GWh i årleg middelproduksjon.
Samferdsel
Hovudvegnettet gjennom Granvin blir prega avriksveg 13, den indrestamvegen på Vestlandet. Denne kjem inn i kommunen gjennomVallaviktunnelen i sør og følgjer Granvindalen nordover. Øvst i dalen er den gamle slyngvegen gjennom Skjervet erstatta av den 4,1 kilometer lange Tunsbergtunnelen. Frå riksveg 13 ved sørenden av Granvinvatnet tekfylkesveg 79 av sørvestover gjennom Granvintettstad og vidare langs Granvinfjorden/Hardangerfjorden. Frå Trå på austsida av Granvinsvatnet fører fylkesveg 5380 gjennom Espelandsdalen austover til Ulvik.
Hardangerbana mellom Granvin og Voss, som ved åpningen i 1935 var den fyrste fullt ut elektrisk drevne jernbana til NSB, vart lagt ned i 1988; persontrafikken på bana hadde då allereie vore lagt ned i tre år. Den fyrste rundt tre kilometer lange strekninga på Hardangerbana mellom Voss stasjon ogPalmafossengodsterminal er likevel behalde i drift for godstrafikk. Den tidlegare jernbanetraséen på Hardangerbana på vestsida av Granvinsvatnet, frå Kollanes ved sørenden til tidlegare Nesheim stasjon ved nordenden, er i dag sykkel- oggangveg.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar
Granvin høyrde til Vestpolitidistrikt, Hardangertingrett ogGulating lagmannsrett.
Kommunen var med iregionrådetHardangerrådet saman medEidfjord,Jondal,Kvam,Odda,Ullensvang ogUlvik.
Granvin kommune svarer tilsoknet Granvin i Hardanger og Vossprosti (Bjørgvin bispedømme) iDen norske kyrkja.
Mot slutten av 1800-talet høyrde Granvin til Hardanger og Voss fogderi iSøndre Bergenhus amt.
Delområde og grunnkrinsar i Granvin
For statistiske formål var Granvin kommune (per 2016) delt inn i eittdelområde med til saman åttegrunnkrinsar: Lussand/Kvandal, Folkedal, Hamre, Eide, Selland/Kjerland, Kyrkjestrandi, Seim/Nesheim og Spildo.
Historikk og kultur
Opp tilSkjervefossen i Storelvi i Granvinvassdraget går det laks ogsjøaure.
Granvin kyrkje, som ligg på austsida av Granvinvatnet, er einlangkyrkje i tre, bygd i 1726, med mellom annadøypefont ikleberstein fråmellomalderen. Granvin bygdatun har seks bygningar, mellom anna ei særprega årestove. Granvin har rikefolkemusikktradisjonar, og er heimstaden til mellom anna felespelarenKnut Hamre som har vunnelandskappleiken fleire gonger.
Hardangerbanen mellom Granvin og Voss (1935–1988) varNSB (nå Vy) sin fyrste fullt ut elektrisk drevne jernbane.
AvisaHordaland er lokalavis for Voss, Granvin, Ulvik og Vaksdal og kom med første nummeret i 1883. Avisa som har hovudkontor på Voss, kjem ut tre gonger i veka og er redigert pånynorsk.
Namn og kommunevåpen
Kommunevåpenet (godkjent i 1988) hadde eihardingfele i gull, skråstilt venstre mot høgre, mot ein grøn bakgrunn. Dette symboliserte hardingfeletradisjonane i kommunen, og botnfargen viser til det grøne preget til kommunen.
Namnet kjem av trenamnetgran, ogvin, 'naturleg eng'.
Granvin var saman medKvam,Ullensvang ogUlvik ein av dei fire kommunane i Noreg som brukte nemningaherad i kommunenamnet. Herad kjem frånorrøntherað som betyr 'bygd, grend'. Omgrepet herad finst ikkje lenger i lovverket, korkje i kommunelova (sidan 1992) eller i sektorlovgjevinga (sidan 1995). Herad kan derfor i dei fire høva berre tolkast som ein del av sjølve kommunenamnet.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Haukenæs, Th.S.:Granvins saga, 1904-15, 3 b. i 2
- Kolltveit, Olav & Henrik M. Kvalem:Granvin, Ulvik og Eidfjord i gamal og ny tid, 1977-86, 3 b. (b. 3 med tittel:Bygdebok for Granvin)
- Kvalem, Henrik M.:Ættarbok for Granvin, 2. utg., 1995
- Olafsen, O.:Granvin i fortid og nutid : en bygdebok, [1923]
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.