Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Frédéric Chopin

Faktaboks

Frédéric Chopin
polsk Fryderyk Franciszek SzopenFrédéric François Chopin
Uttale

ʃåpɛ

Fødd
1. mars 1810, Żelazowa Wola ved Warszawa
Død
17. oktober 1849, Paris
Frédéric Chopin
Frédéric Chopin malt avEugène Delacroix i 1838.

Frédéric Chopin etter en tegning avGeorge Sand fra 1838

.
Lisens: fri
Frédéric Chopin

Frédéric Chopin

Frédéric Chopin
Av.
Lisens: fri

Frédéric Chopin var einpolskklaverkomponist ogpianist. Han var mellom dei fremste pianistane i si tid. Med bruk av element frå polskfolkemusikk vart Chopin ein forløpar fornasjonalromantikken imusikken.

Med få unntak skreiv han korte stykke som han gav sjangernamn:etydar,preludium,nokturnar,balladar, scherzi,impromptu,valsar,polonesar ogmasurkaer.

Tilhøyrande emnesider

Tema:
Klassisk musikk

Biografi

Frédéric Chopin
Frédéric Chopin fotografert i 1849, noen måneder før han døde.
Frédéric Chopin
Av.

Livet i Polen

Fryderyk Franciszek Chopin var fødd i Żelazowa Wola nærWarszawa iPolen. Han var fødd inn i einmiddelklassefamilie med gode kontaktar i detakademiske og kunstnarlege miljøet i Warszawa. Han fekk musikkundervisning frå 4-årsalderen, debuterte som pianist 8 år gammal og fekk undervisning ikomposisjon av Jósef Elsner frå 12-årsalderen. Han spela offentlegekonsertar og skreivkomposisjonar alt frå han var sju år gamal og vart sett på som eit vedunderbarn. I 1826 begynte han ved musikkonservatoriet i Warszawa, der han briljerte og vart utskriven tre år etter, med berre lovord.

I 1828 gav han konsert iBerlin og i 1829 iWien. Chopin skreiv dei topiano-konsertane sine (Op. 11 og Op. 21) i slutten av tenåra og framførte dei på to av sine etter kvart sjeldne offentlege konsertar i heimbyen i 1830. Det vart gradvis meir klart at musikklivet iPolen ikkje hadde nok å by på for han. I november 1830 reiste Chopin til Wien, med plan om å gjennomføre ein lengrekonsertturné. Han vende etter dette aldri tilbake til fedrelandet sitt.

Livet i Wien og Paris

Ei veke etter at han var komen til Wien i 1830, kom nyhendet om at polske styrkar i Warszawa hadde gjortopprør mot dei russiskeokkupantane, i det såkalla novemberopprøret. Dette gjorde at det nesten var umogleg å reise heim, og han vart difor verande i Wien i åtte vanskelege månader. Til slutt kom han seg tilParis, der han fann seg betre til rette. Mange der identifiserte seg med den polske oppstanden, og byen var full av polskeflyktningar.

Novemberopprøret ogeksilet frå heimlandet rørte opp undernasjonalistiske kjensler i Chopin, som vart meir oppteken avtradisjonelle, polske danseformer sompolonese og særlegmasurka. Sjølv om musikken hans ikkje hadde nokoeksplisitt nasjonalistisk program eller tekst, vart han eit ikon for dei undertrykte polakkane og modell for seinarenasjonalromantiske komponistar, slik som til dømesEdvard Grieg.

Chopin vart motteke med overstraumande begeistring både som pianist og komponist i Paris, og han vart oppteken i dei fornemste krinsar. Blant omgangsvennene varHonoré de Balzac,Vincenzo Bellini,Hector Berlioz,Eugène Delacroix,Heinrich Heine ogFranz Liszt. Inntil 1835 gav han mange konsertar, men hans forfina spelemåte eigna seg likevel ikkje for store konsertsalar. Då han heldt store konsertar mislikte han sterkt all publisiteten, så den nye karrieren hans som salongpianist og lærar passa han mykje betre.

Han levde snart på inntektene frå pianoundervising, som han tok seg svært godt betalt for. I Paris hadde Chopin mange elevar, mellom andre nordmannenThomas Tellefsen. Med den følgde òg ei ny retning i musikken hans, der han gjekk bort frå konsertsjangrane som dominerte i Warszawa, og tok til å leggje meir vekt på kortare stykke og musikk som var enkel nok til at elevane hans kunne spele dei. Snart selde notehefta hans godt i fleire europeiske land.

Livet med George Sand

I 1838 vart han kjend med forfattarenGeorge Sand (eigentleg Aurore Dupin), og kjærleiksforholdet deira dominerte livet hans dei neste ni åra. Vinteren 1838–1839 var han påMallorca saman med Sand og borna hennar, der han skreiv ferdig dei nyskapandePréludes. Inspirerte avJohann Sebastian Bach etablerte desse stykka i praksispreludiet som ein sjølvstendigsjanger.

Ein ny rutine vart etablert, der Chopin kvar sumar trekte seg attende til Sand sin familieheim i Nohant, sør for Paris, for åkomponere. Musikken hans vart endå meirambisiøs, og med meir vekt påkontrapunkt og utfordrandeharmoniar, sjølv i dei korte sjangrane som masurka (Op. 50 og Op. 56) ognokturne (Op. 48 og Op. 55). Han redefinerte mange av sine eigne sjangrar ved å trekkje ut denstilistiske essensen av gamle former og sprengje grensene for kva ein kunne gjere med dei. Han skreiv òg lengre pianoverk, til dømes dei to storepolonesane (Op. 44 og Op. 53) og dei sisteballadane (Op. 47 og Op. 52).

I 1847 førtefamilieintrigar til at forholdet til Sand vart avslutta, og etter dette slutta Chopin nesten heilt å komponere. Flukta fråfebruarrevolusjonen i 1848 gav han eit påskot til å reise på eit lengre besøk tilStorbritannia, der han òg gav nokre få konsertar. Men i november vart han så sjuk avtæring at han reiste heim til Paris. 17. oktober 1849 døydde han avtuberkulose, og vart gravlagd påPère-Lachaise. Hjartet hans vart, slik han ønskte, smugla heim til Polen, der det no kviler i Den heilage krosskyrkja iKraków.

Chopin som komponist

Chopin skreiv nesten berre for klaver og skapte ein heilt ny personleg klaverstil som har hatt innverknad på så godt som alle seinare klaverkomponistar.Robert Schumann skreiv allereie i 1832 at Chopin «kan gi ut komposisjonane sine utan namn, ein ville likevel straks kjenne dei igjen». I masurkaene og polonesane er det eit sterkt innslag av polskfolkemusikk, og Chopin var ein forløpar fornasjonalromantikarane, mellom annaEdvard Grieg. I nokturnane førte han vidare den spesielle stilen somJohn Field hadde skapt.

Chopin utvida detekspressive og tekniske potensialet til pianomusikken langt forbi det forgjengaraneLudwig van Beethoven, FelixMendelsohn ogClara Schumann hadde. Han var éin av dei fremste pianistane i si tid, men ulikt den samtidigevirtuos-komponistenFranz Liszt fekk Chopin aldri sansen for dei store konserthallane. Han likte heller å spele i private selskap hos Paris-sosieteten. Dette kan ein høyre i musikken hans, for etter at han flytta til Paris veik han unna dei store konsertsjangrane og utvikla heller kortare, meirlyriske sjangrar, mellom annaetyde,vals,masurka,polonese ognokturne.

Imelodikken kan ein sjå innverknad frå italienske meistrar, mellom annaVincenzo Bellini.Ornamentikken blir ein integrerande del av melodien.Akkompagnementets fastholdte grunnrytme blir sett verknadsfullt opp mot dei friare rytmiske spela til overstemma, såkallarubato. Dristigemodulasjonar og rik kromatikk gir komposisjonane hans ein særeigen farge. Grunnstemninga i produksjonen hans erlyrisk, drøymande, men han gir òg plass for lidenskapelege,heroiske ogpatetiske trekk.

Pianomusikken til Chopin er eineståandeidiomatisk, noko som tidleg gjorde han til ein favoritt ikkje berre hos publikum, men òg hos pianistane sjølve. Utan å senke kvaliteten varierte han vanskegraden på stykka sine, slik at mange kan framførast tilfredsstillande av flinkeamatørar ogstudentar. Det gjorde at musikken hans spreidde seg i vidare krinsar og gav han rimeleg store inntekter i form av notesal. Samstundes er andre stykke ekstremt utfordrande teknisk, skrivne for å syne fram hans eigen utrulege pianoteknikk.

Chopin sine samla verk er gitt ut mellom anna avThomas Tellefsen ogIgnacy Jan Paderewski.

Hovudverk

Verk for klaver og orkester

OpusnummerÅr
Klaverkonsert nr. 2 i f-moll211829
Klaverkonsert nr. 1 i e-moll111830
Grande fantaisie sur des airs polonais13før 1831
Krakowiak, Grande Rondo de concert14før 1831
Grande polonaise brillante221832

Kammermusikk

OpusnummerÅr
Klavertrio81833
Cellosonate651846

Klavermusikk

OpusnummerÅr
I alt 16 poloneser
I alt 61 masurkaer
I alt 21 nocturner
I alt 20 valser
Sonate i c-moll41827
12 etyder (blant annet nr. 12, «Revolusjonsetyden»)101829–1831
12 etyder251832–1836
Fantaisie-Impromptu66rundt 1834
24 preludier281836–1839
Sonate i b-moll (med sørgemarsj)351837–1839
Impromptu i Ass-dur291838
Impromptu i Fiss-dur361840
Tarantelle431841
Impromptu i Gess-dur511842
4 ballader1831–1842
4 scherzoer1831–1843
Sonate i h-moll581844
Berceuse571845
Barcarolle601846

Vokalmusikk

OpusnummerÅr
17 polske sanger74før 1831

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Azoury, Pierre:Chopin through his contemporaries: friends, lovers, and rivals, 1999
  • Binental, Leopold:Chopin : hans liv och konst, 1940
  • Chopin, Frédéric:Selected correspondence of Frédéric Chopin, 1962
  • Hedley, Arthur:Chopin, 1978
  • Martens, Johannes Skancke:Chopin : En biografi, 1945
  • Samson, Jim:The music of Chopin, 1985
  • Samson, Jim:Chopin, 1996
  • Samson, Jim, red.:The Cambridge companion to Chopin, 1992
  • Siepmann, Jeremy:Chopin, the reluctant romantic, 1995
  • Szulc, Tad:Chopin in Paris, 1998
  • Taruskin, Richard:Music in the Nineteenth Century. The Oxford History of Western Music. Oxford 2009
  • Weinstock, Herbert:Chopin : the man and his music, 1949

Faktaboks

Frédéric Chopin
Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Holen, Arne; Fretland, Jostein Avdem; Allkunne:Frédéric Chopin iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Fr%C3%A9d%C3%A9ric_Chopin

Bidra

Kommentarar (3)

skreivFredrik .

Takk for flott leksikonartikkel om denne komponisten. Er fotografiet tatt i 1847 eller 1849? Grunnet til at jeg spør, er at jeg så dette klippet på YouTube med professor Alan Walker som opplyser at bildet er tatt i 1847:

https://youtu.be/Tx5EOrMdT3U?t=1871

skreivRune J. Andersen

Dessverre har ikke jeg detaljkunnskaper om fotografier av Chopin. Om bildet er tatt i 1849 er Chopin i så fall fotografert samme år som han døde (17. oktober). Om bilde er tatt i 1847 så er bildet gjort samme år som det ble et brudd mellom Chopin og George Sand. Høsten 1848 foretok Chopin en konsert-reise til Skottland og England, en reise som tømte Chopin for krefter. Men intet av dette kan naturligvis avklare årstallet for fotografiet. Man må søke spesial-litteratur (spesiell musikkbilde-litteratur). Om det er mulig å komme noen vei via MGG (Musik in Geschichte und Gegenwart) og Grove (Grove's Dictionary of music and musicians) vet jeg ikke, men man kan prøve. Hva jeg vil foreslå, er å vise bildet til Nasjonalbibliotekets bildesamling. Det er ikke sikkert at samlingen har det nevnte bilde av Chopin, men det er meget mulig at samlingen kan vite hvor man kan søke videre for å finne bildet. I forbindelse med utgivelsen av Norges Musikkhistorie (5 bind) i 2000 gikk jeg detaljert igjennom hele samlingen for å lete etter komponist-portretter o. l. Nasjonalbibliotekets bildesamling er en usedvanlig velordnet og informativ bildesamling som jeg anbefaler på det varmeste å kontakte.
Med vennlig hilsen
Rune J. Andersen

skreivOla Nordal

Kildene jeg kjenner til oppgir 1849 som årstall for dette fotografiet. Det finnes et annet foto av Chopin som ble tatt tidligere (ca 1846 eller 47). Med vennlig hilsen Ola i SNL-redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Vi manglar fagansvarleg forInternasjonale klassiske komponister på 1800-tallet

Vil du bli fagansvarleg? Ta kontakt

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp