Ferdamannen

Ferdamannen var eit vekeblad skipa avHenrik Krohn i 1865. Bladet kom ut i vel to år og var det første bladet på landsmål etterDølen.
Første nummeret avFerdamannen kom ut i Bergen 14. oktober 1865, det siste kom 4. januar 1868. Bladet var skipa av Henrik Krohn, som var både redaktør og utgivar, og som òg skreiv mykje av stoffet. Kvart nummer var som regel på fire A4-sider, og bladet kom ut på laurdagar. Stundom kom det dobbeltnummer med to vekers mellomrom.
Bladet hadde undertittelen «Eit Vikoblad aat Aalmugen» og var det første målbladet som vende seg til eit breiare lag av folket. Mellom tingarane var lærarar, men òg ein god del bønder. Første året haddeFerdamannen 550 abonnentar, andre året fall talet til 420.
Bladet inneheldt språkpolitiske stykke, dikt, reiseskildringar, artiklar om nyhende både frå inn- og utland, artiklar om aktuelle spørsmål, om jordbruk og bygdepolitikk. Mellom bidragsytarane finn viH.E. Berner,Aasta Hansteen,Lars Holst,O.J. Høyem,Kristofer Janson, John Klæbo,Olav Lofthus, Olav Paulson,Hans Ross,Steinar Schjøtt, J.E. Unger og fleire. Georg Grieg las korrektur og sette om stoff, alltid utan å gi seg til kjenne med namn eller signatur.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Hannaas, Clausen, Jerdal:Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
- Henrik Krohn:Skrifter. Med fyreord av Kristofer Janson. Bergen 1909
- Jostein Krokvik:Henrik Krohn. Vestmannalagsreisaren og målreisaren. Bergen 2002
- Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. Bjørgvin 1865–1868
Eksterne lenker
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.