Engvald Bakkan
Faktaboks
- Fødd
- 20. august 1897, Åmli
- Død
- 3. juli 1982

Engvald Bakkan varapotekar ogforfattar, og var ei lågmælt forfattarrøyst frå skog- og heiebygdaÅmli iAust-Agder (noAgder).
Bakgrunn
Bakkan var fødd i Åmli i Aust-Agder. Alt som 11-åring reiste han frå heimbygda for å gå på skule. Han var ferdig utdannafarmasøyt i 1923 og arbeidde det meste av livet som apotekar iStavanger og påBryne. Bakkan verka somforfattar og somskribent i ymse blad, mellom anna som fast bokmeldar i stavangeravisaRogaland. Skrivinga dreiv han ved sidan av apotekararbeidet som styrar av Apoteket Ørnen i Stavanger til han gjekk av med pensjon i 1967.
Forfattarskapen
Bakkan skreiv i alt 11 bøker: femromanar, firenovellesamlingar og tobarnebøker. Han debuterte med romanenDen kvelvde skåla i 1931 og avslutta forfattarskapen med novellesamlingaEi kvern som mel (1976). Sjølv om Bakkan levde det meste av livet sitt iStavanger, er berre éin av romanane,Men han var Alexander (1939), lagd tilbymiljøet. Bakkan var først og fremst ein skildrar avbygdemiljøet og bygdehistoria.
Kulturformidlar og menneskeskildrar
Bakkan hadde sterkelokal- ogkulturhistoriske interesser. Alt i gutedagane hadde Engvald fått høyre gamle forteljingar av far sin, Olaf Salvesen, som verka somlærar i heimbygda. Mykje av det munnlege tradisjonsstoffet han høyrde i barndomen, tok han tak i som vaksen forfattar.Segner og soger frå heimbygda kom til å gi form til eit stadeige litterært univers og namn og liv til personane i mange avromanane ognovellene hans.
Bygdelivsbakgrunnen kjem tydeleg fram iromantrilogienKrossen er din (1947),Gjennom Fossane (1949) ogRegnbogen i toreskya (1952), som av mange er rekna som det fremste verket i forfattarskapen.Åmlibygda på tidleg 1700-tal er åstaden for den dramatiske historia forfattaren spelar ut om det fredlause paret frå Mjåvasstøyl, enkjemannen Knut og svigerinna Inger. Dei innleier eit forhold etter at første kona til Knut, syster til Inger, er død. Inger vert med barn, misser barnet, men etterburden vert funnen, paret fordømt og forholdet rekna somblodskam etter reglane ognormene den tida. Ved god hjelp frå bygdefolket greier paret å gøyme seg for kongens menn i ein mannsalder i heieområda påAgder, for å unngå å verte tekne etter at domen forutukt er vorten rettskraftig. Bakkan får tydeleg fram dei veldige konsekvensane val og enkelthandlingar har for livet oglagnaden for mennesket i eit samfunn. I botnen påtrilogien liggsegnene, men Bakkan gjorde eigne grundigekjeldestudium og arbeidde seg gjennom rettsreferata frå saka mot Inger og Knut istatsarkiva alt frå 1936, for å skape innhald til forteljingane.
Eventyrforteljaren
Bakkan skreiv òg lett og levande for born. Avbarnebøkene hans nåddeBjørnen, reven og Pinn-Ola på eventyr (1942) lengst ut. I denne boka spelar Bakkan tydeleg på det vanskelege forholdet mellombjørnen ogreven, slik det kjem fram i den norskeeventyrtradisjon. Saman medpiggsvinet, Pinn-Ola, fer dei rundt på eventyr. Møte med både gode og dårlege menneske skaper stadige spenningar i forteljingane, men tilhøvet mellom menneske og dyr er oftasthumoristisk framstilt.
Bakkan i litteraturhistoria
Mange litteraturkjennarar og -forskarar vil hevde at Bakkan fekk altfor liten plass i eiga litterær samtid og seinare ilitteraturhistoriske framstillingar. Forfattaren har vorte oppfatta som «smålåten» på eigne vegner og altfor lite påakta avlitteratane.
Den gamleåmlidialekten har ein framskoten plass i mange av bøkene til Bakkan. Dei språklege vala Bakkan gjorde, saman med den lokale bygdekonteksten han nyttar i skapinga av det litterære landskapet, førte nok til at mange sette den noko nedvurderande merkelappen «heimstaddikting» på forfattarskapen hans. Det var derfor også lenge vanleg å leggje mest vekt på den meirkulturhistoriske verdien i Bakkans litterære bidrag. Men forfattaren har gjennom dei seinare åra vorte vurdert på nytt og lyfta fram. Dei som vil oppskrive verdien av bøkene hans, peikar på at språket kan ha skapt eit feilaktig bilete av ein lite tilgjengeleg forfattar og med det lesevegring mellom ulike lesargrupper. Bakkans forfattarskap har nok òg falle på sida av eitematisk og geografisk definertkanonforståing av litteratur frå densørlegaste landsdelen med vekt på kyst og lune typar.
Bakkans litterære høgdepunkt syner ein forfattar med djup psykologisk innsikt og evne til å formidle aktuellefilosofiske grunnproblem, utan at han vert utru mot denkulturhistoriske samanhengen har skriv seg inn i.
Utmerkingar
Bakkan fekk det høgthengjandeGyldendals legat i 1953.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Bakkan, Engvald:Vegen til regnbogen : av og om Engvald Bakkan [...], 1997
- Hemmer, Bjørn:Sørlandet og litteraturen, 1995, 178-208
- Obrestad, Tor: «Engvald Bakkan og romantrilogien Krossen er din», iSøk. 13 artiklar om litteratur. Oslo 2005
- Terland, Ingrid:Sørlandsforfattere [...], 2002, 197-201 (bibliografi), isbn 82-419-0277-8
- Thorsen, Thor:Krossen er din : ein studie i Engvald Bakkans forfattarskap, 1997
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.