Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Edvard Liljedahl

Skriven av

Faktaboks

Edvard Liljedahl

Edvard Apolloniussen Liljedahl

Fødd
6. august 1845, Vik i Sogn, Vestland
Død
10. oktober 1924, Vik i Sogn, Vestland
Verke
Politikar
Familie

Foreldre: Lærar og kyrkjesongar Apollonius Liljedahl (1806–84) og Britha Olsdotter Hopperstad (1809–89).

Gift 18.10.1869 med Barbra Einarsdotter Ramsli (3.8.1850–25.10.1928), dotter til lensmann og gardbrukar Einer Larsen Ramsli (1810–88) og Sigri Lassesdotter Trondvik (1811–99).

Edvard Liljedahl
Edvard Liljedahl
Av/𝒲.

Edvard Liljedahl varlærar og postmeister,stortingspresident ogstatsråd. Han sat påStortinget i nitten år, mellom 1880 og 1909.

Edvard Liljedahl var fødd i Vik i Sogn. Med eksamen frå lærarskulen iBalestrand i 1864 og seminaret påStord i 1866 vart han kyrkjesongar og lærar iKyrkjebø frå 1867 til 1889. Mange av desse åra var han òggardbrukar,organist ogordførar.

Frå 1880 representerte LiljedahlNordre Bergenhus (Sogn og Fjordane) på Stortinget. Som mange andre vestlendingar sokna han til den lågkyrkjelege og moderate delen av venstrerørsla. Han var nær knytt tilJakob Sverdrup, og han var trufast motJohan Sverdrupstatsministeren mot slutten av karrieren tapte tillit hos dei radikale i Venstre. I stortingsdebattane om diktarløn tilAlexander Kielland stod Edvard Liljedahl saman medLars Oftedal i spissen for motstanden.

Frå 1891 var Liljedahl postmeister iÅlesund og frå 1901 til 1904 iBergen. Han varodelstingspresident i 1899–1900 ogstortingspresident i 1900–1903 og 1908–1909. I to korte periodar var han statsråd. Frå mars til juli i 1889 var han ved statsrådsavdelinga iStockholm og styrterevisjonsdepartementet iJohan Sverdrups regjering, og frå februar 1912 til januar 1913 var han kyrkjeminister iJens K. M. Bratlies regjering.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Edvard Liljedahl
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037045038784
Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Halse, Per; Allkunne:Edvard Liljedahl iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Edvard_Liljedahl

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forNorges historie fra 1884 til 1940

Knut Dørum
Professor i historie, Universitetet i Agder
Universitetet i Agder
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp