Cixi
Faktaboks
Pinyin: Cíxǐ (Tàihòu)
Wade-Giles: T‘zu-hsi
Kinesiske teikn: 慈禧
Mandsju: ᡥᡳᠶᠣᠣᡧᡠᠩᡤᠠᡤᡳᠩᡤᡠᠵᡳᡳᠯᡝᡨᡠᡥᡡᠸᠠᠩᡥᡝᠣ
Fødd: Yehe Nara Xingzhen 葉赫那拉星陣
- Uttale
tsu-kji,IPA: [tshɹ̩.çi]
- Fødd
- 29. november 1835, Beijing, Kina
- Død
- 15. november 1908, Beijing, Kina

Cixi var ein kinesisk herskar avmandsjuslekt, som i perioden 1861–1908 var den eigentlege øvste makthavaren iKina.
Ho var ei avkonkubinene tilXianfeng-keisaren, og fødde hans einaste son. Etter at keisaren døydde i 1861, fekk ho difor tittelen enkjekeisarinne (Taihou), som mor til den nye keisaren. Cixi nytta denne posisjonen til å utmanøvrere politiske konkurrentar og ta over somregent. Ho styrte Kina meir eller mindre til ho døydde i 1908.
Liv
Cixi kom i 1851 inn i keisarpalasset somkonkubine av lågrang. Ho fødde ein son i 1856, som vart keisar då Xianfeng døydde i 1861, under regjeringsdevisa Tongzhi. Dermed fekk ho status som enkjekeisarinne, sjølv om ho aldri hadde vore keisarinne. Gjennom politisk list overtok ho så kontroll overregentskapet som hadde vore oppretta for den mindreårige keisaren.
DåTongzhi-keisaren vart myndig og overtok styret i 1873, heldt ho fram med å øve kontroll til han døydde to år seinare. Då vart ho igjen regent, denne gong for systersonen, som regjeringsdevisaGuangxu, som Cixi hadde utpeikt til tronarving. DåGuangxu-keisaren tok over tyglane i 1889, trekte Cixi seg offisielt tilbake til sumarpalasset utanforBeijing, som ho utsmykka for midlarbudsjettert til å skaffe landet einmarine.
Ein fleirårig konflikt med Guangxu-keisaren grunna den reformvennlege politikken hans, enda med at Cixi gjorde eitkupp i 1898 og overtok den øvste makta på ny.
Underboksaropprøret lét hoboksarane få frie tyglar, men fekk i oppgjeret velta skulda over på keisaren og reformvennene. Cixi tok tilflukt i Xi'an under opprøret, men vende tilbake til Beijing i 1902. Ho byrja då endeleg ein reformpolitikk, under vaksande press frå bådestormaktene og heimlegeintellektuelle.
Ettertida si vurdering
Det er svært vanskeleg å dømme om personlegdommen og styret til Cixi, på grunn av alle dei ikkje-verifiserbare historiene som florerte etter at ho døydde, og på grunn av statusen hennar som kvinne ogmandsju. Mektige kvinner har alltid vore gjenstand for mistanke og moralsk indignasjon frå Kinaskonfusianske historieskrivarar, medan mandsjuane var ein sentral fiende for den kinesiske etno-nasjonalismen som vaks fram på den tida.
I kinesisk historieskriving har ho tradisjonelt vorte rekna somkorrupt, medan vestlege historikarar har lagt vekt på at ho skal ha vore bakstreversk, i ei tid som kravde politisk mot og reformvilje. Rett nok sette ho ein stoppar for dei ambisiøse 100-dagarsreformene i 1898 og støtta det antivestlege boksaropprøret i 1900–1901. Men ho tilhøyrde slett ikkje den mest konservative fløya ved hoffet, og ho var etter allesolemerke å dømme stort sett dyktig i balanseringa mellom dei ulikefraksjonane. I alle tilfelle var det andre – truleg viktigare – årsaker til dei enorme problema Kina hadde i denne perioden enn Cixi sitt vanstyre.
Les meir i Store norske leksikon
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.