Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Christopher Hornsrud

Faktaboks

Christopher Hornsrud
Opprinnelig Christopher Andersen
Fødd
15. november 1859, Øvre Eiker
Død
12. desember 1960, Oslo
Verke
Gårdbruker og politiker
Familie

Foreldre: Gårdbruker Anders Christophersen Horsrud (1830–60) og Gunhild Dorthea Jellum (1831–1919).

Gift 1880 i Norderhov med Mathea Eriksdatter Nøkleby (12.7.1858–27.1.1947), datter av gårdbruker og snekker Erik Olsen Nøkleby (f. 1830) og Anne Pauline Thorsdatter Sand-Sæther (f. 1831).

Christopher Hornsrud

Christopher Hornsrud varstatsminister frå i perioden 28. januar–15. februar 1928. Då var han Noregs første statsminister frå Arbeidarpartiet.

Av/KF-arkiv ※.
Christopher Hornsrud
Christopher Hornsrud, 1928.

Christopher Hornsrud var ein norsk politikar fråArbeidarpartiet og gardbrukar. Han var Noregs førstestatsminister frå Arbeidarpartiet, i perioden 28. januar til 15. februar 1928.

Hornsrud danna i januar 1928 Noregs første Arbeiderparti-regjering, der han sjølv var stats- og finansminister. Regjeringa vart felt på regjeringserklæringa og gjekk av etter berre knappe tre veker, og verka frå 28. januar til 15. februar 1928. Likevel fekk regjeringsdanninga mykje å seie, ikkje minst fordi Arbeidarpartiet hadde vist at det både kunne danne regjering og følgje parlamentariske spelereglar.

Hornsrud var formann i Det norske Arbeiderparti i 1903–1906. Han varstortingsrepresentant i åra 1912–1936 og visepresident iStortinget i 1928–1933.

Hornsrud var politisk aktiv iarbeidarrørsla i nesten 80 år. Han kunne dermed byggje standpunkta sine på impulsar frå hendingar så langt frå kvarandre i tid somPariserkommunen i 1871 og NoregsNATO-medlemskap i 1949.

Tilhøyrande emnesider

Tema:
Norges statsministre

Bakgrunn

Christopher Hornsrud var fødd på garden Horsrud iØvre Eiker i 1859. Det var han sjølv som sette ein n inn i namnet etter at han vart vaksen, antakeleg fordi han syntes Hornsrud var meir aktverdig enn Horsrud.

Faren døydde året etter at Christopher var fødd, og han måtte difor tidleg ut i skogs- og jordarbeid for å hjelpe mor si med økonomien. Etterfolkeskulen fekk han jobb som handelsdreng hos ein landhandlar påHønefoss, og snart vart han handelsmann sjølv. Han dreiv eiga forretning på Hønefoss frå 1878, seinare påVikersund. I 1891 kjøpte han morfaren sin gard, Åmot påModum.

Hornsrud var heile sitt liv knytt til jordbruket. Han kom tidleg med i politisk arbeid, og var ein av dei første bøndene som var aktiv i Arbeidarpartiet. Som politikar knytte han grunnsynet sitt til interessene til bøndene. HistorikarenEdvard Bull d.y. har skildra han som den første norske sosialisten som kom til å spele ei politisk rolle utan å vere verken handverkar eller akademikar.

Han var likevelVenstre-mann først. I 1880 var han med å skipa venstreforening i Buskerud, og han kom med i kommunestyret. Han markerte seg ved den kompromisslause kampen sin for alminnelegrøysterett for kvinner og menn, og blei etter kvart blei for radikal for Venstre-leiinga. Fordi han tilhøyrde den radikale fløya i Venstre, fekk han nære kontaktar medsosialdemokratane i Kristiania.

Ein bonde i Arbeidarpartiet

Frå byrjinga av 1890-åra regna han seg som sosialist og deltok aktivt påArbeidarpartiets landsmøter i åra 1893–1896. I Arbeidarpartiet markerte han seg ved å støtte valsamarbeid med Venstre og ved sitt positive syn på bøndene. Etter å ha halde seg borte frå det sentrale partiarbeidet i fleire år, blei han på landsmøtet 1901, utan sjølv å vere til stades, valt til å delta i arbeidet med jordprogrammet til partiet.

Arbeidarpartiets jordprogram

I 1901 utarbeidde han Arbeidarpartiets første jordprogram som han fekk vedteke på landsmøtet året etter. Arbeidarpartiet hadde opphaveleg gått inn for einmarxistisk jordbrukspolitikk med storekollektivbruk. Det kom nok av at det var byfolk utan kunnskap om norsk jordbruk som leia partiet. Hornsrud, derimot, kom frå bondestanden og kjende tilhøva.

Hornsruds jordprogram representerte eit kompromiss mellom den sosialistiske teorien og ønsket til bøndene om eiga jord. Hornsrud var ikkje prinsipielt motstandar av at staten eller eit kollektiv skulle eige jorda, men han meinte dette var lite aktuelt i Noreg. Det viktige var at alle fekk bruksrett til eiga jord og fullt utbytte av arbeidet. Ingen måtte tene på andres arbeid, og bøndene måtte derfor sikrast mot «det nuværende gjælds- og rentesystems lumske utplyndring». Dette vende han stadig tilbake til. Programmet stadfesta eit praktisk syn på stillinga til bøndene og opna døra for auka oppslutning om partiet på landsbygda.

Partiformann (1903–1906)

I 1902 kjøpte Hornsrud ein bygard iKristiania (Oslo) og flytta dit for å kunne gi barna betre skulegang. På landsmøtet i 1903 vart Hornsrud vald til formann i Arbeidarpartiet, og sat til han sa nei til attval i 1906. Som partiformann måtte han i ein periode òg overta redaktøransvaret forSocial-demokraten. Han var medlem av Kristiania bystyre 1904–1909.

Valet av Hornsrud som partiformann var omstridd, ikkje på grunn av jordspørsmålet, men først og fremst fordi han var meir open for valsamarbeid medVenstre enn tonegivande partiveteranar. Mellom anna ifagrørsla hadde mange gått trøytt av det dei kallaChristian Holtermann Knudsens ogCarl Jeppesens prinsipprytteri og ønsket ein meir pragmatisk politikk. Som eksponent for denne linja blei Hornsrud kjend som ministersosialist ogrevisjonist. Han var likevel ikkje framand for å snakke positivt omrevolusjon ogklassekamp. I diskusjonen i 1903 om dei førstestortingsrepresentantane til partiet skulle delta på slottsballet eller ikkje, var han motstandar av ei slik samrøre med fienden. Man «maa ikkje la sig besmitte», hevda han. For han var «spørsmaalet om samfundets overtaking af produktionsmidlerne [...] alltid prøvesteinen ogsaa mellom dei os socialdemokrater», slik han formulerte det i 1904.

Hornsrud framførte si eiga form forsosialisme ispedd bibelsitat og tilvisingar til til dømesspiritismen. Likevel var det nok styrken hans som formann, og seinare som stortingsrepresentant, at han makta å sameine langsiktige perspektiv med kortsiktige og gi sjølv det minste praktiske reformkravet ei teoretisk grunngiving. Då han ofte var plaga av sterk hovudverk, heldt han likevel få offentlege foredrag og taler. Hans form var å appellere til fornufta; agitasjonen overlét han til andre. Etter 1906 deltok han ikkje på noko partilandsmøte før i 1927 (samanslåinga av Arbeidarpartiet ogNoregs Socialdemokratiske Arbeidarparti).

Stortingsrepresentant (1912–1936)

Allereie før han gjekk av som partiformann, pendla Hornsrud mellom Kristiania og Modum. 1907–08 vikarierte han som redaktør av avisaFremtiden iDrammen, og i 1909 flytta han tilbake til Modum, der han var ordførar inntil han ved stortingsvalet i 1912 blei valt inn frå Ringerike krins iBuskerud amt. Han sat på Stortinget samanhengande fram til 1936 og var visepresident i åra 1928–1933.

Han blei medlem av ei lang rekkje offentlege komitear, mellom anna Provianteringskommisjonen underførste verdskrigen frå 1914 til 1918; det var første gong Arbeidarpartiet var representert i eit offentleg utval. Han hadde stor respekt for statsministerGunnar Knudsen og samarbeidde godt med han under krigen.

I alle åra påStortinget var det særleg landbrukssaker og økonomisk politikk han interesserte seg for. Han talte mot innføringa avomsetningsavgift og argumenterte allereie i byrjinga av 1920-åra for ei form for «motkonjunkturpolitikk» for å få bukt med den økonomiske krisa. Han var medlem av Svalbardkommisjonen i 1929 og frå 1920 av ankenemnda for den ekstraordinæreformuesskatten. Han var medlem av direksjonen iKongeriket Norges Hypotekbank i åra 1926–1939 og dens formann frå 1936.

Splittingsår

I 1917 vartden russiske revolusjonen gjennomført, og i Tyskland var den revolusjonærespartakistrørsla aktiv frå 1916 til 1919. Ved partisprenginga i Arbeidarpartiet i 1920 følgde Hornsrud det kommunistiske fleirtalet, endå om han vart rekna blant dei mest moderate iarbeidarrørsla.

Utover i 1920-åra var det ei viss revolusjonsfrykt også i Noreg, og denne frykta var sterk nok til å bli ein viktig impuls for skipinga avFedrelandslaget i 1925, men i ettertid er det lett å sjå at frykta kvilte på eit spinkelt grunnlag. Det finst ikkje noko dokumentasjon på atarbeidarrørsla i Noreg har planlagt noko som kan likne på ein revolusjon. HistorikarenHans Fredrik Dahl viser til at det gjekk fleire liv tapt som følgje avbrennevinsforbodet enn det har gjort på grunn av revolusjonær verksemd her i landet. I splittingsåra med tre sosialistiske parti – sosialdemokratane (Noregs socialdemokratiske arbeidarparti), kommunistane (NKP) og Arbeidarpartiet – var det heller ikkje styrke nok til nokon revolusjon.

Hornsrud blei verande i Arbeidarpartiet gjennom partisplittingane i 1920-åra og var redaktør av bladet Arbeiderbonden frå 1921 til 1922. Han var lojal mot Det norske Arbeidarparti, og vart fram til 1924 vald tilparlamentarisk leiar.

Etter at Arbeidarpartiet og sosialdemokratane gjekk saman i januar 1927, var det ei anna frykt som melde seg på borgarleg side, og det var at dei sosialistiske partia kunne vinne fleirtal ved val. Det skulle enno gå 18 år fram til det skjedde, men ein fekk eit forvarsel ved valet i 1927. Då gjekk regjeringspartia Høgre ogFrisinna Venstre tilbake frå 33 til 25 prosent, mens det no samla Arbeidarpartiet auka stemmetalet frå 18,5 til 36,8 prosent. Samstundes var veljarane lei av mange år med innstramming og tronge tider. No hadde Arbeidarpartiet med sine 59 mandat blitt det største på Stortinget. Regjeringa Lykke leverte sin avskjedssøknad, og spørsmålet alle stilte seg var kven som no skulle få makta.

«En ting må ikke hende. Regjeringsmakten må ikke leveres over til kommunistene», skreivAftenposten på leiarplass, og med kommunistane sikta avisa til Arbeidarpartiet. Det var også heilt klart målet for deiborgarlege partia å hindre at Arbeidarpartiet skulle få regjeringsmakt. Eigentleg trudde vel ikkje dei borgarlege partileiarane at Arbeidarpartiet ville ha regjeringsmakt.

Då Lykke gjekk av, viste hankong Haakon til den parlamentariske leiaren iBondepartiet,Johan E. Mellbye. Kongen ba han finne ut om det var mogeleg å skipe ei borgarleg fleirtalsregjering. Det stranda påJohan Ludwig Mowinckel, Venstres leiar, som på vegne av partiet sitt sa tvert nei til å delta i ei borgarleg samlingsregjering.

Mowinckel rekna nok med at han ville bli den neste som fekk regjeringsoppdraget når Mellbye sitt forsøk fall i fisk. Kongen vart så av Mellbye fortalt at ei borgarleg fleirtalsregjering var uråd. Dernest gjekk ikkje bodet til Mowinckel, men kongen kalla i staden til seg stortingspresidentC. J. Hambro.

Statsminister

Christopher Hornsruds regjering, den første regjeringa frå Arbeiderpartiet, som satt fra 28/1 til 15/2 1928
Regjeringa Hornsrud satt litt over to uker. Ståande frå venstre Olav Steinnes, Cornelius Holmboe, Alfred Madsen, Johan Nygaardsvold, Anton Alvestad. Sittande frå venstre: Fredrik Monsen, Edvard Bull, statsminister Christopher Hornsrud, Magnus Nilssen.
Christopher Hornsruds regjering, den første regjeringa frå Arbeiderpartiet, som satt fra 28/1 til 15/2 1928
Av.

Det utenkjelege vart tenkjeleg

Christopher Hornsrud
Christopher Hornsrud kring 1930.
Av/Oslo Museum.
Lisens:CC BY SA 4.0

Det var ingen uvanleg framgangsmåte. Derimot var det høgst uvanleg at kongen samstundes ba visepresidenten i Stortinget, Christopher Hornsrud frå Arbeidarpartiet, om å møte saman med Hambro.

Kongen si grunngiving var at Hambro representerte det partiet som hadde tapt valet, mens visepresident Hornsrud representerte sigerherren. På møtet forklarte kong Haakon at det ikkje var grunnlag for ei borgarleg fleirtalsregjering, og han spurte kva råd presidentane ville gi. Hornsrud svarte at regjeringskrisa burde løysast med bakgrunn i valresultatet, og då ville det konstitusjonelt vere rett av kongen å vende seg til det største partiet, Arbeidarpartiet, først. Det same meinte kongen, men han sa det ikkje.

Han varsla dei to presidentane at han ville kalle inn gruppeleiarane og bad ArbeidarpartietsAlfred Madsen kome først. Det vart oppfatta som sensasjonelt. Den same Madsen hadde vore ein av dei fremste kritikarane av kongehuset ogkongedømmet.

Madsen møtte på Slottet og lova kongen at han ville finne ut om Arbeidarpartiet kunne skipe regjering. Etter møtet vart han spurt om kva kongen hadde sagt til han. Bergensaren Madsen svara med glimt i auga: «Kongen sa: Jeg er også sosialdemokrat – dog ikke republikaner.»

Seinare same dag hadde kongen samtalar med dei parlamentariske leiarane i dei andre partia, og då fortalde han om samtalen med Madsen. Dagen etter kom Madsen tilbake og melde frå om at Arbeidarpartiet tok på seg regjeringsoppdraget. Det utenkjelege var i ferd med å bli tenkjeleg.

Tvinga til embetet

Det var eigentleg i strid med partiets offisielle line at ein skulle skipe regjering utan å ha fleirtalet i Stortinget. Ein ville ikkje risikere å bli «gislar for borgarleg politikk». «Ministersosialisme», det at sosialistar skulle delta i borgarlege regjeringar, var eit skjellsord i arbeidarrørsla.

«Men er dere blitt spenna gærne da, gutter?» sa nestformannen i Arbeidarpartiet,Edvard Bull, då han kom heim att frå ei reise til Stockholm og fann ut at partiet ville skipe regjering. Med ti mot seks stemmer hadde sentralstyret i partiet vedteke å skipe regjering. Bull var kraftig imot.

Sentralstyret vedtok også atJohan Nygaardsvold skulle bli statsminister, men Nygaardsvold ville ikkje. Han reiste seg «som en rasendeslagbjørn» og gjekk frå møtet. Då partileiaren,Oscar Torp, oppsøkte han like etter, var Nygaardsvold i ferd med å pakke kofferten for å reise heim att tilHommelvik. Torp fekk han til å bli verande, men berre ved å love at han ikkje skulle bli statsminister. I staden vart det veteranen Christopher Hornsrud som skulle skipe regjering, truleg den minst revolusjonære av dei alle. Han vart også finansminister. Regjeringa Hornsrud tiltredde 28. januar 1928.

Som utanriksminister skulle ha få med seg ein av dei mest radikale, nestleiaren Edvard Bull. Som ein slagskommissær skulle han vere «vakthund for partiets prinsipper». Hornsrud sa seinare i talen sin til Ap-landsmøtet i 1930 at han måtte tvingast til å ta jobben som statsminister.

Kritiske til kongen

I det siste statsrådet i regjeringa Lykke den 27. januar var det ei særs bitter stemning. Der opplyste den avgåande statsminister at den nye regjeringa hadde kome i stand utan at den sitjande regjeringa hadde vore rådspurt.

Fleire av statsrådane var svært kritiske overfor kongen, men kong Haakon forsvarte seg med at han ogkronprins Olav, som også var til stades, skulle halde fram i stillingane sine, mens regjeringar kom og gjekk. Det måtte difor ikkje råde tvil om at kongen har plikt til å følgje konstitusjonell praksis, og det var det han hadde gjort.

Utan tvil medverka nok også Hornsrud-regjeringa til at mange i Arbeidarpartiet gradvis fekk eit meir positivt syn på kongen, men det tok si tid. Under grunnsteinnedlegginga forOslo Rådhus knappe tre år seinare sende Ap-ordførarAdolf Indrebø ikkje invitasjon til kongen, men kong Haakon ordna billett til både seg og kronprinsen likevel. Dei var begge bidragsytarar til rådhuset, og hadde difor rett på ein billett kvar.

Regjeringa Hornsrud kunne sjølvsagt ikkje bli langvarig. Regjeringsfråsegna var utforma av utanriksminister Edvard Bull, og ho var sterkt utfordrande. Mellom anna sto der at regjeringa ville «lette og forberede overgangen til etsosialistisk samfunn». Både i Høgre og i Venstre hadde ein opphavleg tenkt seg å vente med å felle regjeringa til ho hadde fått lagt fram nokre saker, men det skulle vise seg at det var eit nei frå regjeringa som vart utslagsgivande.

Mistillitsframlegg

Både bedriftslivet og privatpersonar hadde, heilt sidan Arbeidarpartiet sin valsiger, teke til å sende sparepengane sine ut av landet. Alle tokMartin Tranmæl på alvor når han frå Stortingets talarstol i 1927 slo fast at «Det norske Arbeiderparti er fremdeles et revolusjonærtklassekampparti». Dette skapte ei panikkstemning som fekk nasjonaløkonomiske følgjer.

Store delar av bankstellet vakla, ogNoregs Bank ville ha statens garanti for ein innskotssentral som kunne hjelpe bankar i naud. Hornsrud sa nei. Då gjekk sentralbanksjefNicolai Rygg til dei andre partileiarane, særleg til Venstre-leiaren, Johan Ludwig Movinckel, og ba dei om å felle regjeringa. Bergens Privatbank var ein av bankane i fare, og også frå heimbyen hadde Mowinckel fått sterke oppmodingar om å bli kvitt regjeringa.

6. februar vedtok Venstre-gruppa på Stortinget å setje frammistillitsframlegg i samband med debatten om regjeringsfråsegna. Også Høgre og Bondepartiet hadde utarbeidd eigne mistillitsframlegg, men det vart Venstre sitt som vart vedteke om kvelden den 8. februar. 86 representantar røysta for, 63 mot.

Christopher Hornsrud gjekk på talarstolen og varsla at regjeringa ville levere inn søknad om avskjed. Den 15. februar var det slutt. Regjeringa måtte likevel gå etter berre 18 dagar. Det viktigaste regjeringa hadde fått utretta på denne korte tida var kanskje at ho fekk slept friEinar Gerhardsen ogArnfinn Vik frå fengsel, der dei sona dommar for antimilitær verksemd.

Seinare politisk aktivitet

Under regjeringskrisa i 1935, som førte til danninga av regjeringaNygaardsvold, var Hornsrud skeptisk tilkriseforliket medBondepartiet og ønskte i staden eit regjeringssamarbeid med Venstre. For han representerte Bondepartiet dei mestreaksjonære kreftene i Noreg.

Etterandre verdskrigen markerte Hornsrud seg med standpunkt som no verka radikale. Han var motstandar avalliansepolitikken og skeptisk til beggestormakteneSovjetunionen ogUSA. I 1953, 94 år gammal, var han ein av initiativtakarane til avisaOrientering, og han skal ha vore den som fann på sjølve namnet. Han heldt konsekvent fast på gamle sosialdemokratiske standpunkt i ein periode dåkald krig og materiell vekst dominerte i arbeidarrørsla. «Vårt samfunn har vel ikke utviklet seg noe i sosialistisk retning.Sosialisme må bygge på erobring avproduksjonsmidlene. Vi har utbyggetvelferdsstaten, men den er ikke sosialistisk,» sa han i eit intervju i Orientering i samband med 100-årsdagen sin 1959.

Utgivingar

  • Borgersamfundets bankerot, 1918
  • Fram til jorden!, 1918
  • Hvorfor – fordi. Utredning av forskjellige skattespørsmaal, 1924
  • Veien ligger åpen. Renter eller det daglige brød, 1933
  • Christopher Hornsrud. Artikler, foredrag og intervjuer i utvalg, samlet av H. Johansen, 1957

Avbildningar

Kunstnariske portrett

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Amundsen, Hans:Chr. Hornsrud. Inntrykk og minner, 1959
  • Dankertsen, Kjell:Arbeiderpartiets syn på jordspørsmålet fram til 1902, 1963
  • Haffner, Vilhelm: biografi iStortinget og statsrådet 1915–1945, bind 1, 1949
  • Johansen, Hans, red.:Festskrift til Christopher Hornsrud på 100 års dagen 15. november 1959, 1959
  • Lindstøl, Ole Torjesen: biografi iStortinget og statsraadet 1814–1914, bind 1, 1914
  • Maurseth, Per: «Samtale om politikk med Christopher Hornsrud», iFossegrimen nr. 2/1960
  • Meyer. H.: biografi iNorsk biografisk leksikon, første utgave (NBL1), bind 6, 1934
  • Moe, Erling:Synspunkter på Arbeiderpartiets jordpolitikk 1902–06, 1975
  • Roset, Ivar:Det norske Arbeiderparti og Hornsruds regjeringsdannelse i 1928, 1962
  • Terjesen, Einar A.: biografi iNorsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2), bind 4, 2001

Faktaboks

Christopher Hornsrud
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036472009676
Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Terjesen, Einar A.; Norsk biografisk leksikon; Norske statsministrar (1999); Kjølås, Harald:Christopher Hornsrud iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Christopher_Hornsrud

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forNorsk arbeiderbevegelse

Nils Ivar Agøy
Professor i historie, Universitetet i Sørøst-Norge
Universitetet i Sørøst-Norge
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp