Boris Becker
Faktaboks
- Fødd
- 22. november 1967, Leimen, Vest-Tyskland


Boris Becker under Wimbledon-turneringen 1985.
Boris Becker er ein tysk tidlegaretennisspelar. Han var blant dei fremste i verda på 1980- og 1990-talet, blei olympisk meister idouble og vann seksGrand Slam-titlar i løpet av karrieren sin.
Becker starta den profesjonelle karrieren sin i 1984, og året etter blei han den første tyske og hittil yngste mannlege vinnaren avWimbledon gjennom tidene (17 år og 7 månader).
I løpet av karrieren vann Becker totalt 49 singleturneringar, derav seksGrand Slam-turneringar:Wimbledon (1985, 1986, 1989), US Open (1989) ogAustralian Open (1991, 1996). I tillegg vann han Grand Prix Masters i 1988 og 1992. Becker deltok òg på det sigrande vesttyske laget iDavis Cup i 1988 og 1989 og blei olympisk meister i double under OL iBarcelona i 1992.
Becker la opp som profesjonell tennisspelar i 1999 og spelte inn over 18 millionar euro i løpet av karrieren. Etter enda karriere har han blant anna vore trenar forNovak Djokovic.
Les meir i Store norske leksikon
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.