Bjarne Fidjestøl
Faktaboks
- Fødd
- 30. september 1937, Hægebostad. Norge
- Død
- 9. april 1994, Bergen, Norge
Bjarne Fidjestøl var ein norsk språk- og litteraturforsker. Han bleicand.philol. i 1966 og dosent inorrønfilologi vedUniversitetet i Bergen i 1975, der han også varprofessor frå 1982. Doktoravhandlinga hans hadde tittelDet norrøne fyrstediktet (1980).
Fidjestøl var redaktør i tidsskriftaSyn og Segn i perioden 1969 til 1973 ogMaal og Minne frå 1985 til 1994. Han redigerte blant anna det store fem-bindsverketSagalitteraturen (1984) og stod for ei rekkje omsetjingar frånorrøn ogrussisk litteratur.
Fidjestøl si evne til å bruke nye metodar for forståing på tvers av faggrenser var spesielt tydeleg i den grunnleggjande fremstillinga han ga av norrønlitteratur i sin del av standardverketNorsk litteratur i tusen år (1994).
Les meir i Store norske leksikon
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.