
Bjarmeland

Bjarmeland var i norrøn litteratur namnet på eit område i Nordvest-Russland. Kontakten medbjarmane, som nordmennene kalla dei som budde vedKvitsjøen, bukta vedBarentshavet, er nemnd i dei tidlegaste kjeldene vi har. Handelen her skapte grunnlag forvikingtida og var noko av bakgrunnen forslaget på Stiklestad.
Faktaboks
- Uttale
bjarmeland
Bakgrunn
Bjarmeland var namnet på eit område som omfattaKolahalvøya, austbreidda av Kvitsjøen og landet kring munninga av elvaNordre Dvina, ved det som no er byenArkhangelsk. Ikongesogene er Bjarmeland nemnt fleire gonger, særleg då knytt til Dvina, òg i tidleg vikingtid. Det finst derimot ikkjearkeologiske funn frå før år 1000, så forteljingar før dette kan vise tilVarangerhalvøya eller område nord påKola, der det er funne ein skatt frå vikingtida. Ein kjend handelsstad ved Nordre Dvina er Kholmogorj, der det er funne ein stor skatt frå 1100-talet, med norskemyntar. Handelsferder til Kvitsjøen har likevel truleg vore gjennomførte før 1000-talet. Allereie i år 890 fortalde den nordnorskehovdingen Ottar om reisene sine til bjarmane (beormas på gamal-engelsk) til den engelske kongen.
Ottar fortel at bjarmane talte eit språk han meinte likna påsamisk. Bjarmane kan altså ha vorevepsarar eller permjakkar, som erfinsk-ugriske folkeslag. Truleg viser uttrykket likevel til fleire folkeslag som norrøne menn møtte på ferdene hit.
Handel
Målet for ferdene var særlegkvalrosstenner, ifølgje Ottar. Etterspurnaden etter varer av pels og bein auka sterkt iEuropa frå 700-talet og framover.Norden kom då med i det europeiske handelsnettverket, som skapte grunnlaget for vikingtida. Marknaden for kvalrosstenner vart større, sidan sterkare arabisk makt over handelen iMiddelhavet hindra innføringa avelfenbein fråAsia ogAfrika. Sør og aust for Kvitsjøen var det rikt høve til å få tak i varer fråmår,ekorn,sel ogkvalross. Handelsmenn dreiv fangst på vegen og skaffa seg slikolje ogtran,selskinn, kvalrossreip og kvalrosstenner ogfjør ogdun frå fuglar.Honning kan ha vore ei handelsvare, seinarebivoks til kyrkjene.
Til Bjarmeland drog norrøne menn for å handle og plyndre. For Ottar og andre nordnorske hovdingar vart desse ferdene ei viktig kjelde til rikdom, seinare også for rikskongane.Snorre Sturlason hevdar atEirik Blodøks fór til Bjarmeland som ung mann og «heldt eit stort slag der og vann». Seinare fortel han atHarald Gråfell reiste til Bjarmeland og sikra det norske grepet om handelen, som gav han tilnamnet gråfell etter ekornpelsen. Om Harald Gråfells reise kvad Glum Geirason:
Austpå overmann åt drotnar
uredd sverdet sitt svinga,
det bragande, nordafor byen;
bjarmane der såg eg renne
[…]
til åa Dvina; ordet
om unge kongsson gjekk vide.
Bjarkøy-hovdingenTore Hund rådde over handelen på byrjinga av 1000-talet. Ifølgje Snorre handla han ekornskinn, beverpels ogsobel i kjøpstaden i Bjarmeland, før han så røva ein gravplass der.Soga nemner òg bjarmane sin gud, Jomale, avleidd fråfinsk. Opplysingane i sogene er likevel usikre, for dei arkeologiske funna frå tidleg tid er få, og det finst ingen funn frå tida før 1000–1200.
Norske ferder til Bjarmeland sikra gode inntekter tilHålogaland og skapte ei mektig stilling for denne regionen i vikingtida. Det vart ei kjelde til konflikt med det framveksande rikskongedømet. AtOlav Haraldsson truga Tore Hunds herredøme over handelen var med på å skape grunnlaget for opprøret som enda på Stiklestad i 1030.
Namnet forsvinn frå kjeldene
Etter 1220-åra tok dei norske handelsferdene til Kvitsjøen slutt, og namnet Bjarmeland forsvinn frå kjeldene. Pelshandelen gjekk no heller overNovgorod, derhanseatane innretta seg, ogGrønland vart marknad for varer frå sel og kvalross. Bjarmane kom under press fråkarelarane på 1200-talet og fråNovgorod-riket på 1300-talet.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Bratrein, Håvard Dahl (2018):Høvding, jarl, konge. Nord-Norges politiske historie i vikingtid, ei annerledes fortelling. Stamsund: Orkana Akademisk
- Hødnebø, Finn og Magerøy, Hallvard, red. (1993):Snorres kongesoger, omsett av Steinar Schjøtt og Hallvard Magerøy. Oslo: Det Norske Samlaget.Les hos Nasjonalbiblioteket
- Storli, Inger (2018):Ottars Verden. En reiseberetning fra 800-tallet. Stamsund: Orkana Akademisk
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.
Fagansvarleg forNorges historie fram til 1050
