Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Bjørn Sortland

Artikkelen finst i enkel versjon iLille norske

Skriven av

Faktaboks

Bjørn Sortland
Fødd
1. mai 1968, Bergen
Bjørn Sortland
Bjørn Sortland, 14. januar 2016
Av.
Lisens:CC BY SA 4.0
Bokomslag
Raudt, blått og litt gult, 1993

Bjørn Sortland er ein prisvinnande norskbarne- og ungdomsbokforfattar. Han har skrive meir enn sytti bøker, i mange ulike sjangrar og for alle aldersgrupper, inkludert vaksne. Sortland sine bøker er gitt ut i 28 land.

Bakgrunn

Bjørn Sortland er fødd i Bergen og oppvaksen påSvortland iBømlo kommune. Han er utdannasosionom og har jobba som forfattar på heiltid sidan 1998. Han studerte vedSkrivekunstakademiet i Bergen i 1990–1991 og debuterte som ungdomsbokforfattar året etter.

Forfattarskapen

Sortland sin forfattarskap kan grovt delast i tre:realistiskeromanar, serielitteratur ogbiletbøker. I tillegg har han skrive for film og teater. Mange av utgivingane hans har eitdidaktisk element, spesielt knytt til kunst og kunstformidling, men han har ikkje gitt ut nokon reine fagbøker. Sortlandsrealisme blir prega av alvor og sanselegdom, samtidig som han skrivironisk og munnleg. Serielitteraturen til Sortland har ein gjennomgåande lett og humoristisk tone.

Romanar for barn og unge

Sortland debuterte som ungdomsbokforfattar i 1992 medDet er ikkje natta, vekselvis fortalt gjennomperspektivet til den sjølvsikre Steve og den søkjande Roy. Dei to vennene konkurrerer om den same jenta. Allereie her markerte Sortland at kjærleik, religion og kunst kom til å bli viktige og gjennomgåande tema i den realistiskeprosaen hans. Sortland beskriv forelskinga like truverdig og intenst enten han skriv lettlest for dei minste, ein barneroman for mellomtrinnet eller når han skriv for ungdom. Alle hovudpersonane hans har eiteksistensielt blikk på tilværet, og dei bruker kunsten for å tolke eigne liv. Sortland sine romanar blir prega av evna forfattaren har til innleving og å setje ting i perspektiv. Dei fiktive personane hans er psykologisk truverdige og nyanserte, uansett alder, kjønn elleretnisitet.

Alle ungdomsromanane til Sortland inneheld ei kjærleikshistorie og som regel ei reise. Syttenåringen Kjetil reiser tilEgypt iHimmelkyss, der han både møte og mistar kjærleiken, og to år etter, iLove Light, reiser han vidare tilUSA for å leite etter både Sara og seg sjølv. IÆrlegdomminuttet er Frida og Jacob iItalia, og iKva toler så lite at det knuser om du siger namnet på det? reiser Markus og Ingrid tilTyskland. I begge desse bøkene er kunstformidlinga framståande; iFirenze møter lesaren kyrkjekunsten og iOsnabrück er det Felix Nussbaum som skal oppdagast.Alle har eit sultent hjerte skildrar Ina og Eriks ufrivillige road trip frå Bergen til Oslo etter ein like ufrivilliggraviditet, iHver morgen dyppet min søster brystene i isvann for å bli pen fortel Mariam om flukta si fråSyria til Noreg, medanLivredd for å leve, dødsredd for å døy handlar om Dina som tek følgje med Tom på flukta hans fråbarnevernet. Det er berre i den lettlesneTriks og iDet blir pinlig uansett (samskrevet med Tyra Teodora Tronstad) at hovudpersonane ikkje flyttar seg geografisk.

Sortland jobbar med kunsten og livet i barnebøkene sine òg, berre frå eit yngre perspektiv. Therese i12 ting som må gjerast rett før verda går under er tretten år, harnyskilde foreldre og prøver å få kontroll på kaos. I dei to bøkene om den solbrente mammaen,illustrert avbiletkunstnarKim Hiorthøy, er det Arve som prøver å forstå kva som ventar han i vaksenlivet, med god hjelp frå ein betrevitande storebror. I dei to lettlestbøkenePlutseleg ville eg ikkje laga dorull-dyr lenger ogDen gongen eg liksom-døydde er småskuleforelskinga teken både på kornet og på det djupaste alvoret.

Biletbøker og kunstformidling

Kunstformidlinga er særleg framståande i Sortlands biletbokprosjekt, og Kim Hiortøy er berre éin av mange biletkunstnarar og illustratørar forfattaren har samarbeidd med.

Raudt, blått og litt gult kom året etter Sortlands debut og var eit samarbeid med biletkunstnaren Lars Elling. Boka fortel heilemodernismens historie gjennom vesle Oda og leitinga hennar etter ein do i kunstmuseet. Den tissetrengde jenta finn til sluttMarcel DuchampsFontene. I oppfølgjarenForteljinga om jakta på forteljinga er det litteraturhistoria som blir fortald gjennom Odas bror Henrik, og i24 sekund tek Sortland og Elling begge søskena gjennom filmens historie.

Sortland har også skrive fleire bøker om utvalde kunstnarar. Han lèt den blinde Louise samtale om fargar med den russisk-franske modernistenMarc Chagall iÅ vente på regnbogen, og iDen blå, blå himmelen skildrar han vennskapen mellom læreguten Giovanni og den italienske kunstnarenGiotto di Bondone. Begge bøkene er illustrerte med det originale verket til kunstnarane. BiletbokaDet hjertet husker handlar om den meksikanske målarenFrida Kahlo. Her har illustratør Hilde Kramer brukt Kahlos kunst som eit utgangspunkt for sine eigne kollasjar og teikningar.

Sortland har også samarbeidd medInger Lise Belsvik om ta-og-føle-bokaJenta med heilt jamne, mjuke augebryn. Saman med Elisabeth Moseng har han laga to biletbøker omZara og dei, einzombiefamilie som prøver å passe inn i eit menneskeleg nabolag.

Bokserier

Bokomslag

Foreløpig siste bok iKunstdetektivene

Sortland har forfatta fem ulike lettlestseriar. Mest kjent er den populære spenningsserienKunstdetektivene illustrert av Trond Bredesen, som starta medVenezia-mysteriet i 2000 og tel seksten bøker. Serien vart avslutta medLas Vegas-mysteriet i 2016. Illustratør Trond Bredesen har også bidrege til fotballserienBønna og B-laget, medan Sortland sin første serie var ein forløpar tilKunstdetektivene og handla om Julie og Jonas. Den nyare science fiction-serienKepler62 tel tolv bøker, og Sortland har skrive annakvar bok i denne serien. Den andre halvdelen blir skriven av den finske barnebokforfattaren Timo Parvela, og illustratør er Pasi Pitkänen. I 2020 starta Sortland ein agentserie om Johnny 777 og ninja-prinsessa, med illustrasjonar av Ketil Selnes.

Kunstdetektivane er den første serien der Sortland bruker ein tydeleg og gjenkjenneleg formel. Den kunstinteresserte familien til David reiser verda rundt, og stadig blir dei forfølgd av erkeskurken Stig Svartvik. Kvar bok er handlingsdriven og stramt komponert rundtcliffhangrar og spenningstoppar. Lesarane lærer dessutan om både kunst og geografi gjennom David sine mange eventyr. Språkleg er Sortland gjenkjenneleg, men personteikningane hans i denne og dei neste to seriane er typar og flate samanlikna med den tidlegare produksjonen hans. Fråværet av karakterutvikling og psykologisk djupn er eit medvite grep som gjer det enklare for lesarane å lese seriebøkene i tilfeldig rekkjefølgje.

Kepler62 følgjer dei tre barna Ari, Joni og Marie og deira reise ut i verdsrommet til den nye planeten Kepler62. I dei to første bøkene er handlinga lagt til Jorda, i bok nummer tre reiser dei ut, og i dei neste fem bøkene viser det seg vanskelegare enn dei trudde å etablere eit nytt samfunn. Timo Parvela skriv bøkene sine frå perspektivet til Ari og Joni, medan Sortland følgjer Marie. Den store skurken i denne serien viser seg å vere Maries far, den vonde Vallvik. Serien er omsett til 18 europeiske og asiatiske språk og vart nominert til Arvid Lydecken-prisen iFinland.

Fagbøker

Sortland har skrive fire bøker på oppdrag, og desse kan karakteriserast som fagbøker fordi den pedagogiske intensjonen skin meir igjennom enn i resten av forfattarskapen hans. På oppdrag fråIKO – kyrkjeleg pedagogisk senter har Sortland skriveKyrkjeboka, ei attforteljing av bibelhistorier til fireåringar,Ferdinands orgelbok, ei lærebok i orgelspel, ogHalleluja, ei forteljing om den musikkinteresserte Johns møte med komponistenGeorg Friedrich Händel.Halleluja er illustrert av avisteiknarenMarvin Halleraker. BiletbokaOi-oi! er laget saman med Hilde Kramer og viser dei brutale oppvekstvilkåra iBrasilsfavelaer. Den er skriven på oppdrag for Kolibri – Children at Risk Foundation.

Teater og film

I 2013 debuterte Sortland som dramatikar, både forteater og film. Han var ein av dei sju utvalde forfattarane til prosjektetDen unge scena dette året og var representert med teaterstykketVinn & forsvinn. Samtidig hadde han både manus og produsentansvar for grøssarenBlåtur.Blåtur er Sortlands einastelangfilm, men han har skrive og produsert fleire kortfilmar, og i 2017 kom den førsteanimasjonsfilmen omZara og dei.

Bøker for vaksne

For vaksne har Sortland skrive to biletbøker, éin teikneserie og to romanar. Dei to kjærleiksromanane,For så høgt har eg elska (2004) ogHo tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar (2012), føyer seg fint inn i Sortland sin andre romanproduksjon. BiletbokaFallskjermhopparen og togføraren løyser kryssord (1997) er også ei kjærleikshistorie, illustrert avFam Ekman.Alt det som er (2010) vart skapt i samarbeid med den nederlandske kunstnaren Paul Dikker, og teikneserienOn the road again er skriven saman med illustratørØyvind Torseter.

Anna verksemd

I 2010 starta Sortland eige forlag. Piggsvin forlag overtok rettane til fleire av Sortland sine tidlegare bøker fråAschehoug ogSamlaget, og eit fleirtal av Sortland sine titlar blir no gitt ut på Piggsvin. Forlaget gir også ut bøker av Timo Parvela. Sortland har dessutan eit filmproduksjonsselskap som heiter Piggsvin Film.

Sortland har undervist vedSkrivekunstakademiet i Hordaland og hatt skrivekurs påKunsthøgskolen og påHøyskolen Kristiania i Bergen. I 2020 vart han tilsette i ei halv stilling somprofessor i skrivekunst vedNorsk barnebokinstitutt.

Utmerkingar

Sortland har vunne prisar for ein stor del av bøkene sine og for forfattarskapen samla sett. I tillegg er han ofte på lista over nominerte, vinn konkurransar, blir tildeltstipend og blir utnemnd til festspeldiktar.

Gjennombrotsboka til SortlandRaudt, blått og litt gult, som kom i 1993, har vunne ei rekkje prisar, mellom anna den franske Prix Octogone, Kulturministeriets barnebokpris i Austerrike og den norske Melsom-prisen. I 1999 fekk han Skolebibliotekarforeningens litteraturpris for denne biletboka og dei to nærståande biletbøkeneForteljinga om jakta på forteljinga ogÅ venta på regnbogen. I 1996 fekk den tyskeomsetjinga,Rot, blau und ein bisschen gelb, den prestisjetungeDeutscher Jugendliteraturpreis.

I 1994 og 2000 vann SortlandNynorsk litteraturpris for høvesvisHimmelkyss ogDen blå, blå himmelen. ForLove light fekk hanKultur- og kirkedepartementets litteraturpris i 1996. ForAlle har eit sultent hjerte vart han tildelt Norsk kritikerlags barnebokpris i 2008. Han fekk Sonja Hagemanns pris for bokserienKunstdetektivene i 2005. BiletbokaDet hjertet husker var nominert tilBrageprisen i 2009. I 2019 vart12 ting som må gjerast før verda går under kåret til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000. Han har elles motteke Barnas bokpris i kommune i 1998, Emmausprisen i 2001,Sproingprisen i 2005, Ordknappen i 2006 og Arks barnebokpris i 2009.

Sortland var festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela (noFestspela) iAasentunet i 2011 og ved Falturiltu påStord i 2016. Han vann Aschehougs barneromankonkurranse medDen solbrente mammaen som vart bytt mot ti kamelar i 1997, medan12 ting som må gjerast rett før verda går under var den norske vinnaren i ein skandinavisk romankonkurranse i 2001. To år etter vann SortlandGyldendals konkurranse for den beste kjærleiksromanen medSå høgt har eg elska. Forfattaren har også motteke stipend frå Samlaget i 1992 og frå Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts Fond i 2000.

I 2011 fekk SortlandAschehougprisen. Han har også vore nominert til dei to viktigaste internasjonale prisane for barnelitteraturen,ALMA-prisen ogH.C. Andersen-prisen, begge i 2010.

Utgjevingar

  • Johnny 777. Mission 7: Oslo (Barnebok, illustrert av Ketil Selnes, Vigmostad & Bjørke, 2025)
  • Den lille store kysseboka (Barnebok, sakprosa, sammen med Monika Steinholm, illustrert av Therese G. Eide, Vigmostad & Bjørke, 2025)
  • Moster iz da thing! Då Olav den heilage sette ting på Moster i 1024 (Barnebok, sakprosa, illustrert av Egil Nyhus, Piggsvin, 2024
  • Eg er redd for atom-bomber, jenter som heiter Nina, og at foreldra mine ikkje er foreldra mine på ekte (Barnebok, illustrert av Per Ragnar Møkleby, Piggsvin, 2024)
  • Nidhoggr (Ungdomsroman, Piggsvin, 2023)
  • Johnny 777. Mission 6: Kairo (Barnebok, illustrert av Ketil Selnes, Vigmostad & Bjørke, 2023)
  • På jobb = At work – Leif Ove Andsnes (Sakprosa, samtalebok, Piggsvin, 2022)
  • Kepler62: Hjertet (Barnebok, Piggsvin, 2022)
  • Johnny 777. Mission 5: Los Angeles (Barnebok, illustrert av Ketil Selnes, Vigmostad & Bjørke, 2022)
  • Johnny 777. Mission 4: Bergen (Barnebok, illustrert av Ketil Selnes, Vigmostad & Bjørke, 2021)
  • Johnny 777. Mission 3: Moskva (Barnebok, illustrert av Ketil Selnes, Vigmostad & Bjørke, 2021)
  • Kepler62: Grotta (Barnebok, Piggsvin, 2020)
  • Johnny 777. Mission 2: Hong Kong (Barnebok, illustrert av Ketil Selnes, Vigmostad & Bjørke, 2020)
  • Johnny 777. Mission 1: Rio de Janeiro (Barnebok, illustrert av Ketil Selnes, Vigmostad & Bjørke, 2020)
  • Kepler62: Øya (Barnebok, Piggsvin, 2019)
  • Zara og dei: Misse-konkurransen (Barnebok, Piggsvin, 2018)
  • Livredd for å leve, dødsredd for å dø (Roman, Piggsvin, 2018)
  • Kepler62. Hemmeligheten (Barnebok, Piggsvin, 2017)
  • Hver morgen dyppet min søster brystene i isvann for å bli pen (Ungdomsbok, Piggsvin, 2017)
  • Las Vegas-mysteriet (Barnebok, Piggsvin, 2016)
  • Pionerer (Piggsvin, 2016)
  • Kepler62. Nedtelling (Barnebok, Piggsvin, 2015)
  • Trondheim-mysteriet (Barnebok, Piggsvin, 2014)
  • Roma-mysteriet (Barnebok, Piggsvin, 2014)
  • Zara og dei (Barnebok, Piggsvin, 2013)
  • Oi-oi (Barnebok, Mangschou forlag, 2013)
  • Det blir pinlig uansett (Ungdomsbok, Aschehoug, 2013)
  • Ho tok av seg blusen og sa ho var biblotekar (Roman, Piggsvin, 2012)
  • Mexico City-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2012)
  • Bønna og B-laget 4: Samling i bånn (Barnebok, Piggsvin, 2012)
  • Istanbul-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2011)
  • Bønna og B-laget 3: B-laget lager b-film (Barnebok, Piggsvin, 2011)
  • Stavanger-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2010)
  • Et kyss for et mål (Barnebok, Piggsvin, 2010)
  • Ikke bøll med benkesliterne (Barnebok, Piggsvin, 2010)
  • Bønna og B-laget 1: Ikke bøll med benkesliterne (Barnebok, Piggsvin, 2010)
  • Bønna og B-laget 2: Et kyss for et mål (Barnebok, Piggsvin, 2010)
  • Alt det som er (Billedbok, Aschehoug, 2010)
  • Bergen-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2009)
  • Det hjertet husker (Biografi barn og ungdom, Aschehoug, 2009)
  • Halleluja (Roman, IKO-forlaget, 2009)
  • Barcelona-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2008)
  • Alle har eit sultent hjerte (Ungdomsbok, Aschehoug, 2008)
  • Jenta med heilt jamne, mjuke augebryn (Billedbok, Solum, 2008)
  • Ferdinands orgelbok (Fagbok, Cantando, 2008)
  • Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? (Roman, Aschehoug, 2007)
  • Paris-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2007)
  • Den gongen eg liksom-døydde (Barnebok, Aschehoug, 2006)
  • London-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2006)
  • Triks (Ungdomsbok, Lettlest forlag, 2006)
  • Oslo-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2005)
  • Ærlighetsminuttet (Ungdomsbok, Aschehoug, 2005)
  • Skrik-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2005)
  • For så høgt har eg elska (Roman, Gyldendal, 2004)
  • Sydney-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2004)
  • On the road again, again (Tegneserie, No Comprendo Press, 2004)
  • Kyrkjeboka (IKO-forlaget, 2004)
  • New York-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2003)
  • Plutseleg ville eg ikkje laga dorull-dyr lenger (Billedbok, Aschehoug, 2002)
  • Angkor-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2002)
  • Luxor-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2001)
  • 12 ting som må gjerast før verda går under (Barnebok, Aschehoug, 2001)
  • Venezia-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2000)
  • Den blå, blå himmelen (Samlaget, 2000)
  • 24 i sekundet (Billedbok, Samlaget, 1999)
  • Den solbrente mammaen som kledde seg naken for å bli kunst (Barnebok, Aschehoug, 1999)
  • Julie og Jonas 3: St. Michaels løyndom (Krim og spenning, Samlaget, 1999)
  • Lysmaler (Roman, Samlaget, 1999)
  • 24 i sekundet (Billedbok, Samlaget, 1999)
  • Å venta på regnbogen (Samlaget, 1998)
  • Julie og Jonas 2: Ulvenatt i Berardenga (Barnebok, Samlaget, 1998)
  • Julie og Jonas 1: Tu Ducs skatt (Barnebok, Samlaget, 1997)
  • Den solbrente mammaen som blei bytta mot ti kamelar (Barnebok, Aschehoug, 1997)
  • Fallskjermhopparen og togføraren løyser kryssord (Billedbok, Samlaget, 1997)
  • Love Light (Ungdomsbok, Samlaget, 1996)
  • Forteljinga om jakta på forteljinga (Eventyr, Samlaget, 1995)
  • Himmelkyss (Ungdomsbok, Samlaget, 1994)
  • Raudt, blått og litt gult (Billedbok, Samlaget, 1993)
  • Det er ikkje natta (Ungdomsbok, Samlaget, 1992)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
fri gjenbruk.Creative Commons
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Helgesen, Petra; Bjorvand, Agnes-Margrethe:Bjørn Sortland iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Bj%C3%B8rn_Sortland

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forNorsk barne- og ungdomslitteratur etter 2000

Agnes-Margrethe Bjorvand
Førstelektor i nordisk barnelitteratur, Universitetet i Agder
Universitetet i Agder
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp