Bent Røiseland
Faktaboks
- Fødd
- 11. oktober 1902, Holum, Mandal
- Død
- 31. oktober 1981, Mandal
- Verke
- Politiker
- Familie
Foreldre: Bonde Bent Bentsen Røiseland (1844–1925) og Otilde Josefine Solås (1877–1962).
Gift 1929 med Bertha Langeland (28.8.1900–9.6.1983), datter av bonde Anders Ommundsen Langeland (1861–1949) og Sissel Nilsdatter Holmegård (1863–1941).

Bent Røiseland varbonde,stortingsrepresentant forVenstre fråVest-Agder i nesten 30 år, mangeårig partileiar ogparlamentarisk leiar.
Bakgrunn
Bent Røiseland var fødd iHolum (noLindesnes) iVest-Agder (noAgder) og døydde iMandal (no Lindesnes) i Vest-Agder. Han tokexamen artium vedKristiansand katedralskole i 1923 og dreiv heimgarden i Holum frå 1925 til 1960. Han arbeidde somlikningssekretær i 1936–1940.
Politisk karriere
Røiseland var leiar i HolumVenstre i 1930–1940,kommunestyrerepresentant i Holum i 1931–1940, dei to siste åra iformannskapet. Han var leiar i Vest-Agder Venstre i 1936–1940 og 1945–1946 og partileiar i Venstre i 1952–1964. Han var då den første bonden som var leiar for partiet.
Røiseland blei vald inn påStortinget frå Venstre for Vest-Agder i 1945, og vart attvald fram til 1973. Røiseland var parlamentarisk leiar i Venstre frå 1954 til 1971 oglagtingspresident frå 1954 til 1969. Størsteparten av tida på Stortinget sat han iutanriks- og konstitusjonskomiteen.
Røiseland var ein folkeleg og respektert politikar. Han var for norsk medlemskap iEU (den gongenEF) ogNATO, tok tydeleg standpunkt forIsrael iMidtausten og meinte at skulen skulle vere offentleg og ha eit kristent verdigrunnlag. Røiseland var for norskbistand og motdødsstraff allereie under rettsoppgjeret etterandre verdskrigen.
Då Venstre blei splitta etter EF-striden i 1972 melde Røiseland seg ut av Venstre. Han var med då og stiftaDet Liberale Folkepartiet (seinare Det Nye Folkepartiet).
Andre verv
Røiseland hadde ei rekkje tillitsverv, spesielt innanfor det kristne organisasjonslivet. Han var leiar iDet Norske Misjonsselskap i Mandal i 1937–1949, sat i representantskapet forVårt Land og Andvake og hadde fleire verv i Agderindremisjon. Han var òg leiar av Holumskogeigarlag og dessutanmålmann.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Garvik, Olav, Marianne Røiseland og Jens Vetland.Røiseland. Statsministeren viikke fikk. 2003.
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.