Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Bømlo (kommune)

Skriven av

Faktaboks

Administrasjonssenter
Svortland
Fylke
Vestland (frå 1.1.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
12 268 (2024)
Landareal
235 km²
Høgaste fjell
Siggjo (474 moh.)
Innbyggjarnamn
bømling
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4613 (frå 1.1.2020, tidlegare 1219)
Kart: Bømlo kommune i Vestland
Bømlo kommune i Vestland fylke.
Kart: Bømlo kommune i Vestland
Av.
Lisens:CC BY NC 4.0

Bømlo er ein kommune iVestland fylke, på nordsida avBømlafjorden, den ytste delen avHardangerfjorden. Saman medSveio ligg Bømlo lengst sørvest i fylket. Heile kommunen ligg på øyar og omfattar øyaneBømlo (Bømmeløy, 171 km2),Goddo (16 km2) ogMoster (12 km2), og dessutan rundt 1000 andre øyar, holmar og skjer. Fram til 2020 høyrde Bømlo kommune tilHordaland fylke.

Bømlo kommune blei oppretta i 1916 ved at den dåverandeFinnås kommune blei delt i tre:Moster, Bømlo ogBremnes. I 1963 blei dei tre nemnde kommunane igjen slått saman, no under namnet Bømlo. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1995 då øyane Aga og Agasystra i nordaust og Gisøya, Vikøya og Selsøy i nord, begge øygruppene med nokre mindre, omliggande øyar, for det meste utan busetnad, blei overførte fråFitjar til Bømlo kommune. Til saman utgjorde desse øyane om lag 16 kvadratkilometer og hadde eit folketal på 225 ved overføringa.

Bømlo grensar i søraust tilSveio, i aust tilStord ogFitjar og i nord tilAustevoll. Alle grensene er i sjøen.

Natur

Bømlo

Bømlo. Bremnes-området sett frå sør. Svortland midt i biletet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av/KF-arkiv ※.
Mosterhamn
Mosterhamn på øya Moster ligg i Bømlo kommune.

Heile Bømlo kommune ligg innan denkaledonske foldesona, men berggrunnen varierer atskilleg med omsyn til karakter og opphav. Nord for Hiskosen-Finnåsvika, som nesten deler øya Bømlo i to, dominererdjuperuptiv, vesentleggabbro, nordover til ei linje Økland-Folderøy oggranitt lenger nord. I sør er berggrunnen meir samansett med vekslande sørvest-nordaustgåande belte av dels omdannakambrosiluriske avsetningar (fyllitt,glimmerskifer, konglomerat med meir), dels bergartar av vulkansk opphav som har trengt gjennom desse avsetningane, blant annagrønstein ogdioritt.

Bømlo har ein svært varierande natur, frå eit nakent, skogfritt landskap ut mot havet i vest til frodige og lune parti mot aust. Landskapet er stort sett småkupert og lågt, men hevar seg i fjellet Siggjo (474 moh.), eit kjent seglingsmerke sentralt på øya Bømlo.

Busetjing

Folketal

tidspunkt
19517745
19527807
19537863
19547945
19557993
19567982
19577957
19588011
19598097
19608098
19618104
19628144
19638126
19648164
19658264
19668337
19678363
19688389
19698349
19708339
19718276
19728246
19738403
19748585
19758692
19768809
19778963
19789080
19799171
19809213
19819258
19829266
19839329
19849425
19859530
19869502
19879525
19889569
19899653
19909675
19919727
19929781
19939855
199410006
199510300
199610337
199710477
199810553
199910694
200010739
200110839
200210892
200310867
200410815
200510830
200610808
200710892
200810998
200911085
201011275
201111421
201211503
201311638
201411749
201511761
201611778
201711806
201811902
201911960
202011957
202111953
202212061
202312132
202412268
Kilde:Statistisk sentralbyrå

Bømlo har ei jamt fordelt busetjing.Svortland,Rubbestadneset,Folderøy og Steinsvåg ligg sentralt i kommunen,Mosterhamn i søraust ogLangevåg i sør. Administrasjonssenter og største tettstad erSvortland som har postadresseBremnes.

Bømlo (med dagens grenser) har hatt vekst i folkemengda i heile etterkrigstida. I tiårsperioden 2014–2024 auka folketalet i kommunen med gjennomsnittleg noko over 0,2 prosent årleg, mot 0,6 prosent i Vestland fylke (etter dei noverande grensene).

Ifylgje definisjonen tilStatistisk sentralbyrå er det sekstettstader i Bømlo. Tettstadene er til saman 8,0 km², og omfattar 3 % av arealet i kommunen.

TettstadInnbyggjararAndel*Areal
Svortland3 11125 %2,8 km²
Mosterhamn1 38611 %1,8 km²
Rubbestadneset1 30711 %1,3 km²
Langevåg7516 %1,2 km²
Steinsvåg4444 %0,5 km²
Folderøy3783 %0,4 km²
Sum7 37760 %8,0 km²

* Andelen av innbyggjarane i Bømlo kommune som bur i tettstaden.

Kart over Bømlo kommune
Kart over Bømlo kommune
Av.
Lisens:CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruk og fiske er viktige næringar, men i sysselsetjing har industrien klart større betydning. Industrien omfattar 24 prosent av arbeidsplassane i Bømlo, 36 prosent om ein tek med byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon, medan primærnæringane omfattar i alt åtte prosent (2022).

Jordbruket er basert påhusdyrhald, særlegsau ogstorfe. Rekna etter ilandført kvantum er Bømlo den viktigaste fiskerikommunen i fylket etter Austevoll,Bergen ogBjørnafjorden.Fiskeoppdrett er ei viktig næring, og Bømlo har fleire matfisk- og setjefiskanlegg.

Den største industribransjen i Bømlo er verkstadindustrien, særleg produksjon av maskiner og utstyr, med litt over halvparten dei tilsette i industrien (2022). Den største bedrifta er den tidlegare motorfabrikken på Rubbestadneset, Wärtsilä Norway A/S. Denne bedrifta produserer alle gear og vridbare propellar til det finske konsernetWärtsilä. Av andre store selskap i Bømlo kan ein nemne Eidesvik Offshore ASA. Produksjon av næringsmiddel og drikkevarer, først og fremst fiskeforedling, er også ein viktig industribransje i kommunen.

Av dei busette arbeidstakarane i Bømlo har 29 prosent arbeid utanfor kommunen: 12 prosent i Stord/Fitjar, fire prosent i Stavanger-området (Stavanger,Sandnes,Sola ogRandaberg), tre prosent i Haugalands-området (avgrensa tilHaugesund, Sveio,Tysvær,Vindafjord ogKarmøy) og fire prosent i Bergen (2022).

AvisaBømlo-Nytt kjem ut to gonger i veka som papiravis; utgjevarstad er Bremnes.

Samferdsel

Vegnettet er tett, og alle øyane der det bur folk, har brusamband, bortsett fråEspevær og Geitung, begge vest for øya Bømlo. Bømlo har samband til Stord ogHaugalandet viaTrekantsambandet (E 39 / fylkesveg 542).

Det er småbåtkanalar midt på Bømlo: Røyksundkanalen og Kulleseidkanalen. Hurtigbåtsamband fører frå Rubbestadneset til resten av Sunnhordland, Austevoll og Bergen. Ferjesambandet Langevåg–Buavåg (fylkesveg 541) gir kortaste veg med bil til Haugesund.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Bømlo har vidaregåande skular på Svortland og på Rubbestadneset. På Finnås ligg Bømlo folkehøgskule. Bømlo sjukeheim ligg på Svortland.

Bømlo høyrer til Sør-Vestpolitidistrikt, Sunnhordlandtingrett ogGulating lagmannsrett.

Kommunen er med iregionrådetSamarbeidsrådet for Sunnhordland saman medAustevoll,Etne,Fitjar,Kvinnherad,Stord,Sveio ogTysnes.

Bømlo kommune svarer til dei firesokna Bremnes, Bømlo, Lykling og Moster i Sunnhordlandprosti iBjørgvin bispedømme iDen norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Bømlo til Søndhordland fogderi (futedøme) iSøndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Bømlo

For statistiske formål er Bømlo kommune (per 2021) delt inn i femdelområde med til saman 37grunnkrinsar:

  • Søre Bømlo: Espevær, Kallevåg, Hovland, Vorland, Tjong
  • Finnås: Stokvik, Hidle, Lykling, Vornes, Sakseid, Oldereid, Ersland
  • Moster: Totland, Grindheim, Notland, Mosterhamn, Eikeland, Håvik
  • Rubbestadneset: Folderøy, Innvær, Rubbestadnes, Solhøgda, Stongarvåg, Rolvsnes, Aga
  • Bremnes: Hiskjo, Mehus, Alvsvåg, Gilje, Meling, Stavland, Svortland, Brekke, Steinsbø, Hollund, Goddo, Brandasund

Historikk og kultur

Moster gamle kyrkje

Moster gamle kyrkje. Etter tradisjonen skal den første kyrkja på staden ha vore bygd avOlav Tryggvason i 998. Den noverande steinkyrkja er antakeleg bygd rundt 1150 på tuftene av den opphavlege kyrkja.

Moster gamle kyrkje
Av/Arfo forlag.

Steinkyrkja ved Mosterhamn er antakeleg bygd rundt 1150, på tuftene av den opphavlege kyrkja, som etter tradisjonen skal vere bygd avOlav Tryggvason i slutten av 990-åra. PåMoster grunnlaOlav Haraldsson det norske kyrkjesamfunnet ved denkristenretten han sette på rikstinget her i 1024 (Mostertinget).Mostraspelet, eit årleg skodespel om desse hendingane, blir vist i Moster Amfi utandørs. Ei stor markering av 1000-årsjubileet for innføringa av kristendommen fann stad i 1995. Det finst minnesteinar over Olav Tryggvason, Olav Haraldsson og biskopGrimkjell.

På Moster i søraust har det vore brotemarmor ogkalkstein. PåHespriholmen nordvest for Espevær var det ein regulærsteinindustri isteinalderen, der grønstein i store mengder blei broten til våpen og reiskapar. På Lykling på vestsida av øya Bømlo var det drift ettergull av tre gruveselskap i perioden 1884–1910. På det meste var nesten 500 menneske i arbeid her, og resultatet blei i alt noko over 200 kilogram reint gull.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1980) viser eit sølvfarga sjøblad på raud botn. I Bømlo held ein seg til at det førestiller bladet avvasslilja, som er svært vanleg i dei mange tjerna og vatna i kommunen. Dei tre blada symboliserer òg dei tre tidlegare kommunane som utgjer Bømlo kommune i dag.

Namnet kjem av norrøntBymbil, truleg opphavleg namn på ei høgd, i slektskap medbembel, ‘navle‘ eller ‘mage', her i tydinga 'tjukk, oppsvollen'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Halleraker, Jan Helge & Stavland, Anders:Tusen øyar : [ei fotografisk reise på Bømlo], 1994, isbn 82-7326-028-3
  • Sele, Kristine & Larsen, Jan Harald:Meir enn sirup : om handel og vandel på Bømlo, 1999, isbn 82-995338-0-5
  • Steinsbø, Simon, Hovland, Kari Shetelig & Kolle, Nils:Bømlo bygdebok, 1972-, 5 b.
Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
fri gjenbruk.Creative Commons
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Thorsnæs, Geir:Bømlo - kommune iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/B%C3%B8mlo_-_kommune

Bidra

Kommentarar (1)

skreivGeir Thorsnæs

Statistisk sentralbyrå (SSB) opererer med Steinvåg som navn på tettstedet i sin oversikt over Norges tettsteder; skrivemåten er i Store Norskle Leksikon (SNL) endret til Steinsvåg i samsvar med stavemåten til Kartverket. En eventuell endring til Finnås må tas opp med SSB før slik endring kan komme på tale i SNL

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forBømlo

Geir Thorsnæs
Mag. art.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp