Aurlandsvangen
Faktaboks
- Innbyggjartal
- 589 (SSB, 2023)
- Landareal
- 0,5 km²
- Tettstadsnummer
- 5571 Aurlandsvangen

Aurlandsvangen er eintettstad iAurland kommune iVestland. Tettstaden er ifølgjeSSBs definisjon 0,5 km², og har 589 innbyggjarar (2023).
Aurlandsvangen er administrasjonssenter iAurland kommune, og ligg på austsida avAurlandsfjorden ved utløpet avAurlandselva.
Gjennom tettstaden går E16, stamvegen Oslo–Bergen; mot aust gjennomLærdalstunnelen og mot vest viaFlåm tilGudvangen gjennomGudvangatunnelen. Frå Aurlandsvangen går riksveg 50 viaVassbygdi over fjellet tilHol i Hallingdal.
Aurland Skofabrikk produsererAurlandsskoen og handlaga belte. Sogn Jord- og Hagebruksskule er ein fylkeskommunal vidaregåande skule.
Aurlandsvangen er ein kjend turiststad. Nasjonal turistveg går over Aurlandsfjellet (det høgaste punktet på vegen ligg 1306 meter over havet) tilLærdalsøyri.Vangen kirke er frå 1200-tallet og er den største middelalderkyrkja i Sogn.

Kart

Les meir i Store norske leksikon
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Fagkonsulent for artikkelen:
- Geir Thorsnæs
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.