Andreas Austlid
Faktaboks
- Fødd
- 26. desember 1851, Østre Gausdal
- Død
- 27. august 1926, Toten


Austlid var fødd iAustre Gausdal i 1851. Etter tre vintrar som elev ved Christopher Bruunsfolkehøgskule iGudbrandsdalen dreiv han ein fri folkeskule i Lom i 1872–1879. Deretter gjorde han seg meir kjend med høgskulerørsla iDanmark, og gjennom det meste av 1880- og 1890-åra underviste han ved Hardanger folkehøgskule iUllensvang. I 1899 oppretta han Møre folkehøgskule iØrsta og i 1913 ein ny iGausdal (som seinare flytta tilDovre).
I tillegg til høgskulearbeidet gjorde Austlid ein stor innsats for å skaffe bygdeborn gode lærebøker på norsk. Både ABC-boka hans (1880), den første leseboka (1889) og seinare eit trebands leseverk for folkeskulen (1902–1906) vart sentrale hjelpemiddel for opplæringa i landsmålskrinsane.
På sine eldre dagar skreiv Austlid inngåande og livfulle skildringar av både danske og norske føregangsmenn i folkehøgskulen.
Frå katekismepugg til forteljing
Austlidspedagogikk var prega av eigne røynsler på godt og vondt. Han hugsa korleis han som smågut hadde fått høyre omGud som ein god og trygg skapar og vernar. Men i skulestova vart det vanskelegare.Pontoppidans forklaring forvanska den enkle barnetrua. Gud var ikkje lenger den beste far, men «et ubegribeligt væsen».
I kontrast til den tradisjonellekatekismeundervisninga framheva Austlid forteljings-pedagogikken som han møtte på folkehøgskulen. Idealet hans var slike lærarar som aldri taltedogmatisk: «Endaa mindre moraliserte eller formana dei oss. Nei, dei fortalde – Ogdet var forteljingar: Det gneista av deim ... vi ikkje berre høyrde, mensaag.»
Elevsentrert pedagogikk
For Andreas Austlid var det avgjerande viktig at læraren snakka same språket som elevane – både reint konkret og i meir overført tyding. Allereie som ungfriskulelærar iLom kutta han ut ikkje berre den omfattande læreboka avPontoppidan, men ogsåLuthers eigne forklaringar til katekisma.
Austlids ABC var den aller første pålandsmål. Både der og i lesebøkene tok han utgangspunkt i det som var kjent og kjært for borna. ABC-boka vart send inn til ein konkurranse utlyst avVestmannalaget, og føreordet syner kva Austlid ville med henne: «Gud velsigne Boki, so ho kan verda fyre Bornom som ein varm og rein Ange fraa Skog og Dal og Fjell, fraa all hans friske Natur!»
Motivasjonen låg i det å minske den store skilnaden som det til då hadde vore mellom talemålet og det skriftspråket borna møtte i dei første bøkene. Han hugsa sjølv kor vanskeleg det var: «Eg visste ikkje daa eg var liten at Ø skulde vera ei Øy og at H-a-t skulde vera Hatt og ikkje Hat.»
Eitt og annaeventyr hadde funnest iABC-bøker tidlegare, men Austlid var den som for alvor tok det munnlege forteljestoffet frå folkekulturen inn i leseopplæringa. Både mengda av slikt stoff og variasjonen i tekstutval var epokegjerande. Seinare fekk Austlid støtte til å illustrere ABC-en, og frå 1888 kom boka med teikningar avNils Bergslien.
Lesebok for folkeskulen
På nyåret 1886 fekk Austlid prenta eit opprop til «Lærarar, Lærarinnor, Barnevener, alle som kan og vil hjelpa». Der fortalde han om leseboka han lenge hadde emna på. Han var oppteken av at ho verkeleg måtte høve til borna. Ikkje berre språket, men også innhaldet måtte vere heimsleg og ekte norsk. Difor bad han folk om å sende inn stubbar og forteljingar frå ulike bygdelag.
Innslaget av slike «personlege folkeminne» (Sveinung Nordstoga) var med og gav særpreg tilLesebok fyr born, som kom ut med første bandet i 1889. Økonomien hindra rask oppfylging av verket, og i staden kom alle tre banda ut først seinare under tittelenLesebok for folkeskulen(1902–1906). Dei innsende tekstane var framleis ein viktig del av verket.
Landsmålsforfattarar somArne Garborg,Anders Hovden,Ivar Mortensson ogJohannes Skar ytte villig stoff, ogRasmus Flo hjelpte mykje til med redigeringa. Heimen, garden og grenda ramma inn dei fleste tekstane, og utgivaren var medviten om at han ville fremje ei nynorsk- og bygdenorsk danning som alternativ til den borgarlege kulturen somNordahl RolfsensLæsebog for Folkeskolenrepresenterte.
Minne frå folkehøgskulen
Då Austlid rundt 1880 var eit par år i Danmark, noterte han mykje levande tradisjon om høgskulepioneren Kristen Kold (1816–1870). Etter at han var ferdig med lærebokarbeidet, gav han ut biografienEin folkelærarom Kold i to band (1911–1913). Mot slutten av livet publiserte han også minne omChristopher Bruun (Kirke og Kultur, 1920) i tillegg til talar og ymse sjølvbiografisk stoff iSalt fraa folkehøgskulen (1926).
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Andreas Austlid:Salt fraa folkehøgskulen.Oslo 1926
- Eivind Berggrav: «Austlid, Andreas Andersson»,Norsk biografisk leksikon, bind 1. Oslo 1923
- Lars Eskeland: «Andreas Austlid»,Norsk Aarbok.1926
- Erling Gjersdal:Gud velsigne borni og boki! Andreas Austlid og den norske skulen.Bergen 1995
- Sveinung Nordstoga: «Den gamle Bondemaaten aa fortelja ein ting paa»,Tekst i vekst.Oslo 2007
- Dagrun Skjelbred:«… de umistelige Bøger». En studie av den tidlige norske abc-tradisjonen.Oslo1999
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.