Anders Hovden
Faktaboks
- Fødd
- 6. april 1860, Ørsta
- Død
- 26. november 1943, Aker (no Oslo), urna nedsett på Ørsta kyrkjegard
- Verke
- Prest og diktar
- Familie
Foreldre: Gardbrukar og fiskar Karl Ingebrigt Rasmussen Hovden (1815–77) og Johanne Andersdotter Velle (1818–98).
Gift 1) 26.8.1891 i Ålesund med Lina Marie Devold (2.8.1865–4.7.1895), dotter til fabrikkeigar Ole Andreas Devold (1827–92) og Andrea Jakobine Karoline Landmark (1825–72)
Gift 2) 5.3.1897 i Drammen med Kari Huglen (5.3.1879–27.10.1963), dotter til klokkar Hans Huglen (1850–1936) og Johanne Marie Huglen født Totland (1848–1907).

Portrett. Bilete frå Norsk biografisk leksikon
Anders Hovden var ein norskprest,diktar og folketalar. Han er ein av dei fremste norske salmediktarane og bidrog med over 200 eigne og gjendiktasalmer tilNynorsk salmebok (1925).Kristendom ognorskdom var sentrale omgrep for han. Han haddediktargasje frå 1931.
Bakgrunn
Anders Hovden var fødd i Hovdebygda iØrsta og døydde iOslo. Han varodelsgut til «den magre gard», småbruket der foreldra streva for levemåten. Faren var i tilleggfiskar ute på Sunnmørshavet, og havet, stormen og fiskaren vart viktige omgrep for Hovden, både i livet og i diktinga. Han skreiv i mange ulike sjangrar, og gav ut om lag førtibøker. Saman medPeter Hognestad ogBernt Støylen stod han bakNynorsk salmebok, som kom i 1925.
Han utdanna seg til prest iKristiania, og var prest påLista, iKrødsherad, iMelhus,Østre Toten og iÅlesund. I 1891 gifta han seg med Lina Marie Devold. Ho døydde fire år seinare, i 1895.
Anders Hovden døydde i heimen sin påNordstrand i 1943. Han er gravlagd på Ørsta kyrkjegard, ved sida av far sin, slik han ønskte.
Tidlege år
Berre 15 år gamal kom Anders Hovden til lærarskulen i Volda. Deretter reiste han til hovudstaden som student. Der fekk han vanskar med pengeløyse og sjukdom, men ein sambygding berga han. Det varIvar Aasen, som etter kvart kosta utdanninga hans fram til presteeksamen. Aasen vart som ein ny far for Hovden. I studietida engasjerte Hovden seg i samfunnsspørsmåla som var framme i 1880-åra:folkestyre,målsak og andre kulturspørsmål, noko han heldt fram med heile livet.
Norskdom
Hovden var sterkt engasjert i norskdomsrørsla. Han var såleis med dåNoregs Mållag vart skipa i Oslo første helga i februar 1906. I ein artikkel iSyn og Segn fortelKjell Venås: «Det var nattmøte som ikkje var over då ljoset gjekk, og det vart mørkt i halla. ’Men me hev ljos innvertes!’ ropa Anders Hovden og sette i syngje ’Mellom bakkar og berg’.»
Nære dødsfall
Hovden fekk tidleg oppleve dødsfall som gjekk hardt innpå han: faren Karl, kona Lina Marie, dottera Arnhild og venenPer Sivle. Det sat lenge i Hovden at faren ikkje fekk gravtale og skikkeleg minnestein. Etter at han sjølv hadde vorte prest, ordna han i 1915 med minnestein og gravtale – det vakre diktet «Handi hans far min».
Folketalar og prest
Motstand
Hovden fekk prestekall på Lista, i Krødsherad, i Melhus, Østre Toten og i Ålesund. I alle prestekalla vart det sett i gang aksjonar mot han. Riksmålsfolket ville ikkje ha denne fælemålmannen til prest. Hovden kom, vann og vart godt likt både som prest og menneske. Einaste unntaket var Ålesund, der sa han frå seg kallet og skreiv iSunnmørsposten: «Eg var sokneprest i Ålesund i 14 dagar og tenkjer det var just høveleg lang tid.»
Hovden hadde sans forironi og skjemt, også når det råka han sjølv. Nokre prestar var samla, og samtalen gjekk om kva for prestekall som var mest ettertrakta økonomisk. Då seier Hovden: «Det er underleg medDen Heilage Ande korleis ho driv oss til stendig feitare kall!»
Diktaren
I desember 1920 tokDet Norske Samlaget opp tanken om ei nynorsk salmebok og fekk Hognestad, Støylen og Hovden til å stå for arbeidet. Dette møtte sterk motstand mellom anna fråpresteforeininga. Om drøftingane internt skriv Hovden: «Hognestad var klok og kald, Støylen var klok og varm, men eg var nok berre varm!» I slutten av 1920-åra vart han spurd om åomsetje salmar til nynorsk tilSangboken. No kom det fram kor sterke motsetningane var ikristenlivet i Noreg, og at namnet Anders Hovden ikkje var særleg omtykt ikonservative krinsar. Sekretæren for nemnda,Lars Aanestad, fekk i oppdrag å spørje Hovden om namnet hans kunne utelatast i boka. Hovden sa ja til det. Vart arbeidet hans nytta, så var han nøgd, svara han. Dette syner kor raus Hovden var, også andsynes motmenn.
Utgivingar
Hovden lét etter seg ein stor produksjon bøker og artiklar. Han gav ut ei rekkjediktsamlingar frå debuten medSunnmøringen (1894) tilKornmo (1941). Dikt som «Handi hans far min» og salmen «Fagert er landet du oss gav» høyrer til det kjæraste og mest kjende i den norske bokheimen; den siste er frå samlingaSolhòv (1907).RomananeOdd (1896) ogGate og grend (1905) gir sjølvopplevde inntrykk frå livet til ein bondestudent. MemoarbokaAttersyn (1926 og 1943) gir verdifulle tidsbilete.
Han gav også ut forteljingar (mellom anna for born),skodespel og ikkje minstsalmar, i alt om lag 40 bøker. Det er som salmediktar han når høgast, og etterElias Blix er han den fremste nynorske salmediktaren. I Nynorsk salmebok (1925) stod Hovden bak 209 av salmane – 128 originale og 81 omsette.
Fedrelandet
Hovden hadde mange vener og åndsfrendar, mellom annaPer Sivle, som han hadde ein nær venskap til. Hovden lét han få bu hos seg i prestegarden på Lista eit heilt år. Sivle var sterkt plaga av sjukdom og depresjon. Sivle ogArne Garborg inspirerte Hovden til dikting. Salmen «Fagert er landet» er den mest kjende og nytta av salmane hans. Salmen vart til ein vakker vinterkveld i 1907 i Krødsherad, då Hovden gjekk seg ein skitur langsKrøderen. Særmerkt for salmane hans er den enkle biletbruken knytt til heimen, bygda og ikkje minst arbeidslivet til fiskarane og bøndene.
Fedrelandstanken var sterk i diktinga hans. Men for han var ikkje fedrelandsomgrepetsjåvinisme. Han såg på fedrelandet som ei gåve fråGud. Han var oppteken av at vi òg må vere opne for det positive utanfrå.
Verk
Salmesamlingar
- Salme og Song, 1905
- Vert ljos!, Bergen 1914
- Salmar, Bergen 1920
- Postludium, 1939
- redigering avNynorsk salmebok (saman medPeter Hognestad ogBernt Støylen), 1925
Forteljingar (eit utval)
- Laak Lagnad (under pseudonymet Karl Koll), Bergen 1893
- Odd, 1896
- Gate og Grend, 1905
- Stormfugl (forteljing på vers), 1906
- Liv og lagnad, 1908
- Have der vest (forteljing på vers), 1912
- Paa styrebrui, 1916
- Rudningsmenn, 1919
- Rotlaus, 1932
- Full fart forover!, 1935
Diktsamlingar (eit utvalg)
- Sunnmøringen, Bergen 1894
- Tungalda, 1897 (ny utg. 1924)
- Solhòv, 1907
- Utpaa djupi og andre dikt, 1909
- Paa fallreipe, 1917
- Haust, 1930
- Fagnafolk, 1938
- Kornmo, 1941
Andre sjangrar (eit utval)
- Heim og Hamn 1. Preikor, 1898
- Heim og Hamn 2. Taler, salmar og songar. Ny samling, Voss 1902
- Per Sivle. Ei livssogu, 1905
- Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren. Ei minneskrift um livsverket hans, 1913
- Ivar Aasen i kvardagslaget, Trondheim 1913
- Helga den fagre. Sogespel i tri vendingar, 1915
- Attersyn, 1926 (ny, auka utg. 1943)
- Heim og hamn 3. Preikesamling, 1943
Etterlatne papir
- Alle originalmanuskripta, Hovdens dagbøker og mange brev finst i Handskriftsamlinga, NBO
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Stud. 1881, 1906, 1931
- R. Thesen: biografi iNBL1, bd. 6, 1934
- P. E. Rynning: «Dei fire store i norsk salmedikting: Landstad – Blix – Støylen – Hovden», iNTT 1944, s. 1–22
- Ø. Hovden:Anders Hovden Eit nærportrett, 1960
- O. Midttun:Anders Hovden. Liv og dikting, 1960
- Ø. Hovden:Anders Hovden i kvardagslaget, Trondheim 1972
- I. Havåg:Guds opne faderfamn. Biletbruk og tematikk i Anders Hovdens salmar, hovedoppgave UiO, 1985
- T. Urke:Anders Hovden, Volda 1987
- D. Thorkildsen:Grundtvigianisme og nasjonalisme i Norge i det 19. århundre, KULT skriftserie 70, 1996
- T. Urke: «Anders Hovden. Ein fullriggar med foss om baugen», i H. Kjølås (red.):100 år 100 navn. Personar som har preget hundreåret på Nordvestlandet, 2000, s. 126–128
- J. K. Engeset:Anders Hovden, Diktarprest og folketalar.Oslo 2002
- A. Hovden:Attersyn, 4. utg., 1993
- R. Hovden:"Fraa far din": Anders Hovden (1860-1943), 2002
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.