Amund Bredesen Larsen
Faktaboks
- Fødd
- 15. desember 1849, Grue, Solør
- Død
- 27. april 1928, Bærum, Akershus
- Verke
- Språkvitskapsmann
- Familie
Foreldre: Lensmann Christoffer Larsen (f. 1813) og Olea Bredesen Ramsøyen (død før 1865).
Gift 13.6.1878 med Henriette Caroline Sætre (27.11.1850–7.10.1881), dotter til gardbrukar Peder Hansen Skytteren (f. 1807) og Karen Guttormsdatter Sætre (f. 1815); 2) 31.5.1887 med Anna Cathrine Lund (f. 14.10.1866), dotter til fullmektig Carl Ludvig Johan Lund, Danmark, og Vilhelmine Kirstine Henrichsen.
Bror til Bastian ReinholdLarsen (1856–1919).
Amund Bredesen Larsen var ein norskspråkvitar. Han studertebymål ogbygdemål og varspråksosiolog lenge før faget var etablert.
Bakgrunn
Amund Bredesen Larsen var fødd iGrue iSolør og døydde iBærum. Han var bror avBastian Reinhold Larsen. Han gjekk på «Heltbergs studentfabrikk», vart student i 1866 og tokembetseksamen i 1878 veduniversitetet iKristiania. Larsen tokdoktorgraden i 1885 på ei avhandling om solørsk. Frå 1879 var han lærar iTrondheim og frå 1883adjunkt iArendal.
Målarbeid
Ved sida av lærararbeidet studerte hanmålføre. Han gav mellom anna utOversigt over de trondhjemske dialekters slægtskabsforhold (1886) ogOversigt over de norske bygdemål (1897). I 1901 fekk hanstatsstipend for å studere norskebygdemål.
I 1902 tok han på seg å studere dei viktigastebymåla forBymålslaget. Han gav utKristiania bymål (1925),Bergens bymål (1912, saman med G. Stolz) ogStavanger bymål (1925, saman med M. Berntsen). Det siste store verket hans varSognemålene (1926).
Larsen var, liksom språkforskarenIvar Aasen, einpioner i norsk målføregransking. Han såg målføra innanforallmennlingvistiske rammer og varsosiolingvist lenge før faget var etablert.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Ragnvald Iversen: «Minnetale over dr.philos. Amund B. Larsen»,Årbok 1929. Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo. Oslo 1930
- Amund B. Larsen:Oversigt over de norske bygdemål. Kristiania 1897
- Amund B. Larsen:Skrifter, redigert av Magne Myhren. Oslo 1976
- Festskrift til Amund B. Larsen på hans 75-års fødselsdag. Kristiania 1921
- Einar Lundeby:Bymålslaget og Maal og Minne. Oslo 2002
- Vilhelm Sommerfeldt:Studenterne fra 1866. Kristiania 1916
- Geirr Wiggen: «Amund B. Larsen som sosiolingvist», i Kulbrandstad og Øygarden (red.):Peilepunkter. Festskrift til Thor Ola Engen 11. januar 1995. Vallset 1995
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.
Fagansvarleg forNorske språkforskere og språkfolk
