Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Alice Weidel

Skriven av

Faktaboks

Alice Weidel

Alice Elisabeth Weidel

Fødd
6. februar 1979, Gütersloh, Nordrhein-Westfalen, Tyskland
Alice Weidel
Alice Weidel
Av/NTB Scanpix.

Alice Weidel er eintysk,høgrepopulistisk politikar for partietAlternative für Deutschland (AfD). Ho er leiar av partiet frå 2022.

Bakgrunn

Weidel voks opp i småbyen Harsewinkel i delstatenNordrhein-Westfalen. Ho studerte økonomi ved Universitetet iBayreuth. Ho har arbeidd som analytikar for investeringsbankenGoldman Sachs i Frankfurt og har ein doktorgrad i økonomi frå Universitetet i Bayreuth. Emnet for doktoravhandlinga var pensjonssystemet i Kina. Sidan har ho arbeidd som finansrådgjevar. Ho var også med på å starte opp matleveringsfirmaet Foodora.

Ho er busett iSveits og lever i partnerskap med ein kvinneleg sveitsisk filmregissør med familiebakgrunn fråSri Lanka. Paret har to barn.

Partiarbeid

Ho melde seg inn i AfD i 2013 og vart aktiv i politikken på deltstatsnivå iBaden-Württemberg. På landsmøtet i 2017 vart ho vald som partiets toppkandidat ved forbundsdagsvalet same haust, saman med partiets viseformannAlexander Gauland.

Standpunkt

Weidel tek til orde for å avskaffekontantar og for å kasteSpania ogPortugal ut aveurosona. Ho ønskjer også at Tyskland skal gå ut aveurosamarbeidet og ha ein eigenvaluta som følgjergullstandarden. Ho er også for å fjerneskattarv og er imotminstelønn i arbeidslivet. Ho ønskjer forbod motburka ognikab, og har også sagt at ho heller ikkje vil ha bruk avhijab på offentlege stader.

AfD som parti er for det dei kaller ein «tradisjonell familiestruktur», medan Weidel seier at ho ser partiet som ein garantist forhomofiles rettar.

Weidel vart lenge rekna å høyre til i den eurokritiske, men moderate fløyen i partiet. Rett før forbundsdagsvalet i 2017 publiserte den tyske avisaWelt am Sonntag e-poster frå Weidel der ho omtalerromar og arabarar som «kulturframande folk» som «flaumar inn over oss». Weidel hevda først at e-postene var falske. Sidan innrømte ho at ho hadde skrive det, og nekta for at ho hadde benekta det.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
fri gjenbruk.Creative Commons
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Dypvik, Astrid Sverresdotter:Alice Weidel iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Alice_Weidel

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forTysklands samtidshistorie

Trond Ove Tøllefsen
Doktor i historie, Uppsala universitet

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp